Gigabyte RTX 3080 Ti Gaming OC er eit monsterskjermkort.
Gigabyte RTX 3080 Ti Gaming OC er eit monsterskjermkort. (Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Klar for 8K-gaming til redusert pris?

Det nye gamingflaggskipet imponerer, sjølv om me syns Nvidia burde venta med dette.

RTX 3080 Ti er det nye gamingflaggskipet til Nvidia. Me har fått leike oss med Gigabyte sitt RTX 3080 Ti Gaming OC-kort i ei knapp vekes tid no, og det er liten tvil om at det er ein skikkeleg kraftpakke. RTX 3080 Ti er i praksis RTX 3090 med langt lågare pris og halvparten så mykje videominne, men no som tredjepartsutviklarane ikkje ein gong gidd å setje ein pris, er det ikkje enkelt å setje noko karakter på det heller.

Dessverre blir sannsynlegvis dette nok ei papirlansering. Viss du vil prøve å få tak i eit av skjermkorta i morgon må du vere klar på sekundet det lanserer, elles forsvinn det med ein gong.

Vårt testeksemplar kjem med 12 GB med videominne, ei klokkehastigheit på 1710 MHz (opp frå FE-versjonens 1665 MHz) og den same kjølaren som på RTX 3090- og RTX 3080-korta til Gigabyte. Kva det kjem til å koste har eg ikkje snøring om, så difor sløyfar me karakteren denne gongen.

Nvidia har oppgitt ein pris på 13000 kroner for Founder’s Edition kortet, men med tanke på kor mykje tredjepartsutviklarane skrur opp prisane for tida, er det vanskeleg å seie kva dette endar på.

Me kjem tilbake med karakter i ein samletest når prissituasjonen stabiliserer seg.

Design

Dette er n’te gong me testar eit skjermkort frå Gigabyte, og kjølaren er i praksis identisk med dei andre me har testa. Me går difor ikkje så veldig i detaljane på det her. Grunnen til at det ofte blir Gigabyte er først og fremst at dei har vore kjapt ute med å tilby oss kort til testing i forkant av lanseringane.

Kjølaren er blant dei betre på marknaden, og utsjånaden har den rette kombinasjonen mellom gamerpreg og anonymitet. Men me kan ikkje påstå at dette er det mest spanande designet. Byggekvaliteten er det lite å seie på, for det er rikeleg med aluminium og metall. 

TRYGT OG GODT: Gigabyte RTX 3080 TI Gaming OC ser nett ut som fleire av dei andre kjølarane i Gaming OC-serien. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med sine 32 centimeter er dette eit svært kort, og krev ein del av kabinettet ditt. Det kan vere ein god ide å dra fram målebandet for å sjå om du faktisk har plass før du bestiller.

Ei positiv overrasking er at skjermkortet kjem med doble HDMI-utgangar, som er kjekt for dei som driv med VR. Elles får du tre DisplayPort-utgangar.

Yting

Gigabyte RTX 3080 Ti Gaming OC er eit særs kraftig skjermkort. Det gir langt meir for pengane enn RTX 3090 gjorde, men ærleg talt skal det ikkje mykje til for å klare det. Sjølv om RTX 3090 er eit glitrande skjermkort for dei som ikkje bryr seg ein tøddel om å få valuta for pengane, er det ikkje så mykje å rope hurra for for vanlege folk.

RTX 3080 Ti gir deg omtrent same yting som RTX 3090 opp til oppløysingar på 6K, og er slik sett eit mykje betre val for dei som berre vil spele.

I spela der me har testtal frå både RTX 3090 og RTX 3080 Ti ser me at Horizon Zero Dawn er det einaste der det nye skjermkortet tar ei skikkeleg leiing (i 4K), men det har nok mest med at testtala våre for RTX 3090-kortet er seks månadar gamle. Dei kjem me til å oppdatere etter kvart.

Det er fleire tilfelle der RTX 3090 tar leiinga enn det RTX 3080 Ti gjer, men det har nok òg litt med at MSI-kjølaren er noko kraftigare enn det Gigabyte sin er. I praksis vil RTX 3080 Ti yte veldig likt som RTX 3090 gjer, og det vil ikkje vere poeng i å kjøpe RTX 3090 med mindre ein treng videominnet til produktive oppgåver eller speling i 8K. Det gjeld vel dei færraste av våre lesarar. 12 GB med videominne er meir enn nok for dei spela som finst på marknaden i dag.

Mi anbefaling er at dei som sit på venteliste for eit RTX 3090 heller kjøper eit av desse.

STILIG: Bakplata til Gigabyte RTX 3080 Ti Gaming OC tar seg godt ut. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

RTX 3080 Ti er først og fremst eit skjermkort for dei som ønskjer å spele i 4K, eller i krevjande spel i 1440p på skjerm med 144 hertz-panel. RTX 3070 klarar fint å matche RTX 3080 Ti i ei rekkje spel i 1080p – og til dels i 1440p.

Eg anar altså ikkje kva prisen på Gigabyte-kortet blir, men eg tviler sterkt på at dette vil gi betre valuta for pengane enn det RTX 3080 gjer med normal pris. Me snakkar fort om mange tusenlappar i forskjell her, og RTX 3080 ligg berre 10–15 prosent bak når det kjem til biletefrekvens. 

Førebels har me berre testa 8K-kreftene til RTX 3080 Ti i tre ulike spel; i Far Cry 5, Horizon Zero Dawn og Middle-earth: Shadow of War. RTX 3080 Ti yter faktisk betre i både Far Cry 5 og Middle-earth: Shadow of War. Gigabyte sitt RTX 3080 Ti-kort leverte 36 FPS i begge spela, medan MSI sitt RTX 3090 Gaming X Trio-kort stoppa på 32 i Far Cry 5 og 34 i Middle-earth: Shadow of War.

I Horizon Zero var det derimot over og ut for RTX 3080 Ti. Det gjekk heilt tomt for videominne i 8K, så det klarte ikkje å teikne spelet. «DLSS» kan gjerne bli ein nyttig ven i komande spel for dei som vil bryne seg på 8K med dette.

Me ser elles at forskjellane i yting med og utan strålesporing held seg like store som på dei andre Ampere-korta. RTX 3080 Ti har nok hestekrefter til å bruke strålesporing heilt opp til 4K, men Nvidia har framleis ikkje gjort noko for å redusere den enorme FPS-kostnaden som strålesporing har. Det syns eg er ganske slapt.

Testane er gjort på ein PC med ein Intel Core i7-8700k-prosessor klokka til 4.9 GHz (som me oppgraderer neste generasjon), ein kjapp nVME-SSD og 16 GB med 4.4 GHz DDR4-minne. Resultata ser du på neste side. 

Frustrerer

Me tar ein liten pause frå det vanlege testoppsettet vårt i denne artikkelen, for eg vil gjerne skrive litt om kva lanseringa av dette kortet og RTX 3070 Ti faktisk betyr.

Eg trur RTX 3080 Ti kjem til å gjere ganske mange forbanna. Ein ting er at skjermkortet er omtrent like godt som RTX 3090 når det kjem til speling, og det er vel berre i dei aller mest minnekrevjande spela at 3080 Ti kjem til å slite i forhold til RTX 3090. Og det er i 8K. Dei som har kjøpt RTX 3090 til høge prisar dei siste månadane er sannsynlegvis irriterte.

LUFTELUKE: Me likar denne detaljen på bakplata til skjermkortet. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Men det er ikkje det største problemet.

Lanseringar som dette er eigentleg ganske dårleg gjort av Nvidia slik som situasjonen er no. Me veit at mange sit og ventar på bestillingane sine dei gjorde for fleire månadar sidan, og med å lage fleire kort som 3080 Ti og 3070 Ti – som brukar skjermeiningane til andre kort – gjer ein at desse fell endå lenger bak i køen. Det er til dømes ikkje alle skjermeiningane som er planlagt for RTX 3090 som er gode nok for å bli eit RTX 3090, og som før i morgon ville gått inn i eit RTX 3080 i staden. No hamnar det rett inn i eit RTX 3080 Ti-kort. Nvidia burde mykje heller fokusert på å produsere fleire av dei skjermkorta som allereie er lansert.

Dette er rein grådigheit. Selskap som Nvidia er naturlegvis styrt av aksjehaldarane og eit driv for å tene pengar, men dette er ikkje ein spesielt sympatisk strategi. Dessverre syns eg ikkje AMD sitt RX 6900 XT er eit godt nok alternativ til å skape reell konkurranse i dette prissjiktet, så Nvidia kjem nok ikkje til å endre syn på dette.

Det er synd.

Alt dette kjem oppå at prisane på skjermkort har gått jamt oppover dei siste generasjonane. Viss me berre går tilbake til GTX 1080 (lansert til 600 dollar i mai 2016) og 1080 Ti (700 dollar i mars 2017), har prisane nesten dobla seg – og då ser me vekk ifrå unntakstilstanden som er no. Forskjellen i yting mellom 80 og 80Ti-serien er òg betydeleg mindre i dag enn den var då. Denne skilnaden blir berre større viss me ser endå lenger tilbake i tid. 

Skjermkortleverandørane legg meir og meir vekt på å tene pengar, og mindre på å levere forbrukarvenlege produkt. 

Straumforbruk, temperatur og støynivå

Gigabyte har utstyrt skjermkortet sitt med to 8-pin-straumkontaktar. Dei anbefaler ei straumforsyning på 750 watt, og på det meste drog kortet 356 watt ut av veggen hos meg. Då klarar skjermkortet å pushe klokkehastigheita heilt opp til 2025 MHz, som er langt over det Gigabyte oppgir at skjermkortet skal klare.

Alle Gaming OC-korta til Gigabyte har levert når det kjem til klokkehastigheita.

Temperaturane er det heller ikkje mykje å klage på. Sjølv etter to timar med stresstesting viste aldri HWInfo meir enn 68 grader for skjermeininga, og 78 grader for videominnet. Det ser altså ut som Nvidia har fiksa problemet med dei heftige minnetemperaturane som dei sleit med ved lansering.

Temperaturen var uendra ved overklokking.

Støynivået er noko høgare enn det konkurrentane MSI og ASUS leverte på RTX 3090- og RTX 3080-korta me har testa, men skilnaden er liten. Me snakkar ikkje meir enn rundt 36 desibel under full last i Silent-modus (det er to ulike BIOS for viftene), som betyr at du sannsynlegvis har andre vifter i datamaskinen som overdøyver kortet. Ifølgje HWInfo og MSI Afterburner gjekk viftene opp til heile 3717 omdreiingar i minuttet under last, men det må nesten vere noko feil med sensorane. Det er nemleg over dobbelt så mykje som dei andre Gigabyte-korta har gjort, og støynivået er likt som på dei andre korta.

Overklokking

Ampere-korta gjer det meste av overklokkinga for deg via GPU Boost, men det er mogleg å tyne nokre ekstra prosent ut av skjermkorta om du er heldig. Her er «silisiumlotteriet» ein stor faktor, for det kan variere veldig frå skjermeining til skjermeining om kor mykje du kan overklokke.

DOBBEL KONTAKT: Det er nok fleire som syns det er greitt at ein slepp tredobbel straumkontakt på skjermkortet. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Gigabyte har dessverre gjort slik at ein ikkje kan gi skjermkortet deira meir straum, og det legg ein seriøs dempar på potensialet for overklokking. Likevel klarte eg å få klokkehastigheita opp med 70 MHz og minnehastigheita opp med 700 MHz. Dette var stabilt etter ein time med stresstesting.

Overklokkinga resulterte då i ein boostklokkehastigheit på 2085 MHz – utan auke i temperatur eller straumforbruk. Under testing i spel var det fleire høve der overklokkinga hadde null effekt. I The Witcher 3: Wild Hunt og Horizon Zero Dawn merka eg null forskjell på tvers av dei ulike oppløysingane, medan Middle-earth: Shadow of War fekk ei auke på to prosent i 4K og Far Cry 5 auka med tre prosent i 4K.

Det er ikkje så mykje å rope hurra for dette, altså. Totalt sett verkar det ikkje som det er noko særleg vits i å overklokke Gaming OC-kortet, men det kan vere at eg har vore uheldig med brikka her.

Konklusjon

Gigabyte RTX 3080 Ti Gaming OC er eit ekstremt kraftig skjermkort. Det taklar det meste du hiv etter det i 4K utan å sveitte, men det bør det nesten gjere til ein pris som sikkert blir godt nord for 15000 kroner.

RTX 3080 Ti vil vere eit langt betre val enn RTX 3090 for dei aller fleste. Du får naturlegvis meir for pengane dess lenger ned i prisklassane du kjem, men kortet er på ingen måte eit dumt kjøp for dei som vil ha mest mogleg yting, koste kva det vil.

Dette er kortet for dei mest engasjerte entusiastane.

Kjølaren til Gigabyte leverer låge temperaturar, høge klokkehastigheiter og lite viftestøy. Det er likevel litt irriterande at dei har låst straumgrensa til 100 prosent. Viss ein absolutt vil ha eit RTX 3080 Ti-kort ville eg nesten investert i eit endå litt dyrare tredjepartsprodukt for å kunne overklokke meir.

Men det at Nvidia i det heile tatt lanserer dette skjermkortet i dagens situasjon syns eg er ganske lusent. Dei burde verkeleg utsett desse lanseringane og fokusert på å produsere dei korta som allereie er på marknaden.

Det er òg trist å sjå at prisane på entusiastkorta blir høgare og høgare, og at hoppet i yting blir mindre og mindre. Dette handlar rett og slett om grådigheit. 

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Vurdering

"Ekstrem yting til (trur me) ekstrem pris. "

Pluss

  • Støtte for DLSS og strålesporing
  • Ekstremt kraftig
  • Forholdsvis låge temperaturar
  • Lite støy
  • Doble HDMI-utgangar
  • Høg klokkehastigheit

Minus

  • Langt og stort
  • Lite rom for overklokking
  • Straumgrense låst til 100 prosent
  • Svindyrt og (sannsynlegvis) umogleg å få tak i

Kommentarer (5)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen