Test

HP Reverb G2 VR Headset

Eit klart steg fram for VR-teknologi

HP leverer ei VR-oppleving av dei sjeldne, men med nokre klare kompromiss.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er nokre år sidan VR kom tilbake for fullt med Oculus Rift og HTC Vive no. Teknologien har fått modne seg ein del, og VR blir brukt til alle moglege oppgåver. Speling, ja, men òg innan utdanning, helsevesenet, turisme, eigedom og mykje anna.

Eg trur heller ikkje det er så veldig lenge til VR-visir blir gode nok til å kunne konkurrere side om side med vanlege skjermar for spelinnhald. Det får i alle fall nye HP Reverb G2 meg til å tenke.

Det ferske produktet frå HP utklasserer både HTC, Oculus og Valve når det kjem til oppløysinga på skjermane. Eg har førebels ikkje prøvd ut noko frå Pimax, men dette er i alle fall eit svært hopp frå den første generasjonen av VR-headsett. Sjølv har eg framleis ein Vive som ligg og støvar ned på ei hylle, og dette er noko heilt anna.

Men ein flott skjerm er ikkje nok for å gi ei god oppleving. Du treng komfort, skikkeleg lyd, eit brukarvenleg grensesnitt, effektiv sporing og mykje anna. HP vil at du skal bla opp 8000 kroner for det nye headsettet sitt, så då er spørsmålet om det har klart å tikke av alle boksane våre.

Reverb G2 er heller ikkje trådlaust, noko eg verkeleg sat pris på med Oculus Quest 2. Det betyr at du er avhengig av ein relativt kraftig datamaskin for å drive spela, som kostar endå meir. Så, er produktet verd det?

Les også:Vår test av Oculus Quest 2 »

Design

Reverb G2 er eit forholdsvis lett headsett på 550 gram, 47 gram meir enn vesle Oculus Quest 2. Det er kanskje ikkje like stilig som Quest 2, men her er komforten langt betre. Eit av dei største problema mine med Quest 2 var at reima ikkje sat skikkeleg fast, og slik er det heldigvis ikkje med Reverb G2.

Heile beresystemet kan bli løfta opp frå visiret, slik at du enkelt finn den beste posisjonen for hovudet. Deretter kan du justere kor stram reima på toppen skal vere, saman med å dra inn eller ut bøyelen på baksida av hovudet. Det set eg veldig pris på. Dette sit betydeleg strammare enn Quest 2, og eg kan bevege kroppen mykje meir utan at det blir lealaust.

KOMFORT: Beresystemet til visiret er kvalitet frå ende til annan.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Når justeringsmoglegheitene er så store som dei er, vil du sannsynlegvis ikkje kjenne noko særleg med press mot hovudet under lengre økter, heller. Det har ikkje eg gjort i det heile.

Justering av linsene er òg mykje enklare enn på Quest 2. Reverb G2 har ein liten knapp på undersida av visiret som lar deg skru på avstanden for å få det skarpaste biletet. Det fungerer på same vis som på HTC Vive.

Putene mot panna er mjuke og behagelege, og plasten over nasen er fast nok til at visiret sit sikkert på nasen, utan at det blir for tungt. Derimot syns eg det kjem inn litt vel mykje lys når eg ser ned mot golvet. Det er eit lite minus.

Brukaroppleving

Reverb G2 er i utgangspunktet laga for Windows Mixed Reality-plattforma, som har fått lite støtte i det siste. Eg registrerer at ein del har kritisert headsettet for dette, men eg har eigentleg ikkje noko negativt å seie. Eg syns grensesnittet og VR-hubben til Reverb fungerer akkurat like bra som Oculus sin.

BRUKARVENLEG: Det har ikkje skjedd så mykje med Windows Mixed Reality dei siste åra, men det gjer ikkje så mykje.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Første gongen du slår på headsettet får du ein kjapp og enkel innføring i korleis det heile fungerer. Oculus har ein betre løysing for å setje opp romskalasonen, men det er strengt tatt ikkje så ofte ein gjer det.

Du blir tatt med til hubben for Mixed Reality, der du kan få tilgang til nokre enkle spel og demoar. Eg har eigentleg ikkje brukt noko tid på dette etter første gongen.

Noko eg verkeleg likar er kor enkelt det er å styre peikaren på datamaskinen inni headsettet. Då eg først prøvde dette var den første gongen eg kjende litt på wow-effekten frå LCD-skjermane. Berre det å sjå på ein YouTube-video inni headsettet her er noko heilt anna enn i andre VR-headsett eg har testa. Med unntak av at skarpleiken følgjer augo dine, så er det ikkje langt unna ein vanleg skjerm.

Skjerm

HP Reverb G2 har ei oppløysing på 2160x2160 på kvart auge. Det er ganske enormt samanlikna med dei andre mest populære headsetta. Skjermdøreffekten er framleis ikkje heilt vekke, men eg har heller ikkje tenkt noko over det. Det er noko eg har irritert meg mykje over med andre visir.

Det var openbert frå første augeblikk med Reverb G2 at skarpleiken med desse skjermane er ein skikkeleg «game changer», som det heiter på godt norsk. Eg får framleis vondt i augo viss eg speler i meir enn ein halvtime, men det trur eg ikkje kjem til å forsvinne. Derimot har eg hatt null problem med å kikke litt på YouTube eller Netflix med dette på meg, rett og slett fordi skjermen er så jækla skarp.

GENERASJONSHOPP: Det å tre inn i VR med Reverb G2 kjenst som noko heilt nytt, rett og slett på grunn av dei fantastiske skjermane.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Inntrykket held i spel òg. Eg fekk min første tur inn i Half Life: Alyx-universet med Reverb G2, og eg blei umiddelbart overraska over kor bra det såg ut. Med ein RTX 3090 i maskinen skrudde eg opp innstillingane på maks, som lét meg verkeleg nyte av alt Valve har koka i hop. Berre det å oppdage ein eføyplante på ein vegg gjorde at eg måtte bort å undersøkje. Og jaggu meg – her var det ikkje lett å sjå verken piksel eller skarpe kantar.

Skjermane er det som sel dette headsettet for meg. Reverb G2 har nokre klare minus – som eg kjem tilbake til –, men skal du ha noko for einspelaropplevingar som nettopp Half-Life: Alyx, så trur eg dette vil gi den beste opplevinga på marknaden akkurat no.

Med ein oppdateringsfrekvens på 90 hertz og ein synsvinkel på rundt 114 grader gir skjermane meir enn nok til at du kan leve deg heilt vekk i VR, og berre slå av resten av verda fullstendig.

Dette er VR på sitt aller, aller beste.

Sporing og kontrollarar

Reverb G2 har fire interne kamera for sporing, slik at du slepp å tenkje på eksterne basestasjonar. Du må som nemnt ha ein kabel kopla til datamaskinen heile tida, som er ein smule irriterande å snuble i, men det er noko du venner deg til.

Sporinga til sjølve headsettet har eg eigentleg ikkje noko negativt å seie om, og eg har ikkje merka noko som helst teikn til feil på det. Problemet er heller kontrollarane.

Dei er ikkje heilt det store.

IKKJE HEILT DET STORE: Kontrollarane er rett og slett ikkje bra nok.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Windows Mixed Reality-kontrollarar brukar ein drøss med små lys for at sporekamera inni headsettet skal sjå dei. Klarar ikkje kameraet det, så mistar du sporinga.

Det kan skje ganske ofte.

I kjappe spel der du beveger mykje på armane, slik som til dømes Gorn eller Beat Saber, merkar eg at kontrollarane ikkje er spesielt lydige. Det største problemet er viss eg tar handa over hovudet, for Reverb G2 har ikkje noko kamera på toppen. Då forsvinn hendene mine til eg tar dei ned igjen.

I Half-Life: Alyx fungerer kontrollane stort sett heilt fint, men vil du spele Beat Saber, så treng du andre kontrollarar.

Sjølve ergonomien er heller ikkje så mykje å rope hurra for. Alle kontrollarane til Oculus og HTC kjenst mykje betre i bruk. Kontrollarane til Reverb G2 er ikkje krisedårlege, men dei er berre ikkje spesielt gode.

Det er mogleg å bruke kontrollarane frå andre headsett med dette, så du kan alltids kjøpe nokre basestasjonar og Vive-kontrollerane på Finn til ein billig penge. Men eg syns likevel at det er synd at HP ikkje har gjort meir med kontrollarane. Basestasjonane er eigentleg hovudgrunnen til at eg aldri gidd å bruke Viven min. Det er altfor mykje styr å setje opp og ned.

Lyd

INDEX-INSPIRERT: Valve var med å lage både linsene og høgtalarane til HP Reverb G2.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Høgtalarelementa til Reverb G2 sit på bøyelen til visiret, og kan dras opp og ned med ein liten arm. Dette er i praksis nett den same løysinga som Valve Index brukar. Me nordmenn får dessverre ikkje bryne oss på Valve sitt headsett, men her er det altså mogleg å oppleve lyden, i det minste.

Det er forholdsvis lite lydlekkasje frå høgtalarane, samstundes som dei speler meir enn høgt nok til både spel og film. Eg ville ikkje brukt dette som noko aktivt lytteverktøy for musikk, men eg syns desse er betydeleg betre enn Oculus si løysing.

Noko som legg ein liten dempar på opplevinga er igjen at headsettet slit med kjappe spel her. I til dømes Superhot, der du snur deg mykje att og fram, hender det at surroundlyden heng litt etter.

Surroundlyd er det som er mest viktig i VR. Heldigvis hjelper høgtalarane verkeleg med innlevingskjensla, for det høyrer til dei få unntaka at lyden heng etter, og skjer berre i veldig kjappe spel. Kan ein ta det litt meir med ro, er desse i sitt rette element. Viss eg tuslar nedover ein mørk korridor i Half-Life: Alyx, høyrer eg skrika frå zombiar både framme og bak, drypande vatn frå veggane og duren av motorar over taket. Det er ganske så oppslukande.

Konklusjon

HP Reverb G2 er eit klart steg fram for VR-teknologi, men som òg har store kompromiss. Designet til kontrollarane er ganske middels, og sporinga er tidvis dårleg. Det trekk ned ein del. Samstundes er skjermane heilt fantastisk gode.

Komforten er heilt på topp, og høgtalarane bidrar til å auke innlevingskjensla betrakteleg. Med tilgang til heile biblioteket av VR-spel på Steam er det faktisk ganske mykje innhald ein kan boltre seg i, der Half-Life: Alyx peikar seg ut som spelet som nesten gjer den heftige prislappen verd det.

Skarpleiken til skjermane er kronjuvelen til headsettet. For min del gjer dette VR langt meir interessant, spesielt fordi synet mitt ikkje er heilt 100 prosent. I andre headsett har eg slite med skytespel som Pavlov på grunn av låg oppløysing, men her er ikkje det noko problem. No ser eg faktisk fiendar på avstand.

Ein generasjon eller to til med dette så er me på «Ready Player One»-nivå. Vel, ikkje så altfor langt unna, i alle fall.

For min del kan eg leve med den dårlege sporinga. Om du vil gjere det same kjem heilt an på kva slags VR-brukar du er. Speler du berre Beat Saber så er ikkje dette noko for deg. Men vil du oppleve einspelarspel med best mogleg visuell kvalitet, og taklar litt sporetrøbbel her og der, er dette definitivt ei investering du bør vurdere.

Når det kjem til sjølve visiret, så er nok Reverb G2 kongen av VR akkurat no.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

8
/10
HP Reverb G2
Leverer ei visuell oppleving utan like, men headsettet har klare kompromiss.
Fantastiske skjermar
Gode høgtalarar
Særs komfortabelt
Sporing utan basestasjonar
Lett
Enkelt oppsett
Ingen grense på storleiken til romskalasonen
Tidvis dårleg sporing på kontrollarane
Middels ergonomi på kontrollarane
Ingen sporingskamera på toppen av headsettet
Dyrt
Krev ein skikkeleg gaming-PC for optimal speling

Siste fra forsiden