Test

HyperX Cloud II Wireless 7.1

Publikumsfavoritten kjem med etterlengta produkt

HyperX lanserer ein trådlaus versjon av eit av tidenes mest populære gamingheadsett.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

HyperX sin Cloud-serie har vore blant dei mestseljande gamingheadsetta i ei årrekkje. Spesielt Cloud II og Cloud Alpha er framleis nokre av dei mest brukte produkta blant proffspelarar, men dei byrjar å dra litt på åra. Det er trass alt seks år sidan Cloud II kom ut no.

Cloud-produkta er først og fremst kjende for å vere enkle, komfortable og ganske rimelege. No kjem HyperX med endå eit tilskott til serien. Dei har på ingen måte revolusjonert produktrekkja si, men kom i fjor vinter ut med ein trådlaus versjon av Cloud II.

Det er verkeleg på tide. HyperX Cloud II Wireless kostar 1800 kroner og byr på ein avtakbar mikrofon, støtte for 7.1-surround, drivarar på 53 millimeter og ei lang batterilevetid.

Design og komfort

Kjennemerket til HyperX-produkt er komforten. Det er difor ingen overrasking at dei ikkje har gjort noko særleg med designet på verken klokkene eller putene frå den vanlege versjonen av Cloud II.

Eg har dessverre ikkje originale Cloud II liggjande for ei direkte samanlikning, men så vidt eg kan sjå har dei ikkje gjort noko særleg med sjølve konstruksjonen heller. Cloud II Wireless er likevel blitt 15 gram lettare, og veg knappe 300 gram. Det er veldig lite for eit trådlaus gamingheadsett.

ENKELT OG GREITT: HyperX har omtrent ikkje gjort ein tøddel med designet sidan dei tok over for Q-pad, men det gjer ikkje så mykje.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Putene er særs behagelege. Cloud II er derimot kjend for å ha litt meir press mot øyra enn til dømes Cloud Alpha, som ein merkar meir av dess større hovud ein har. Med mitt mellomstore kjenner eg eigentleg ingenting til det, men det kan hende dei med større hovudstorleik bør ta ein tur i butikken for å prøve før eit kjøp.

Elles er det heller ikkje mykje å klage på når det kjem til byggekvaliteten. Festet til klokkene er i aluminium, og verkar solid. Det same gjeld den veldig fleksible bøyelen.

Tilkopling og batteri

HyperX Cloud II Wireless koplar til datamaskinen eller konsollen din via ein trådlaus USB-mottakar. Tilkoplinga går via 2.4 GHz-bandet, noko som gjer at forseinkinga er omtrent ikkje-eksisterande. Det har ikkje støtte for Bluetooth.

TOPP KOMFORT: HyperX er kjend for å ha særs behagelege produkt. Dette er ikkje noko unntak.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg merka først noko ganske kraftig kvitt støy, men dette blei betydeleg redusert etter ei fastvareoppdatering. Det er difor viktig å laste ned programvara og oppdatere headsettet. Headsettet har likevel ein del meir kvitt støy enn Cloud Flight S.

Batterilevetida er imponerande. Cloud II Wireless held gåande i over 30 timar så lenge ein ikkje slår på 7.1-modusen. Til gjengjeld er det omtrent det same som Cloud Flight S, som òg har trådlaus lading. Det har ikkje dette.

Ladinga går kjapt via ein USB C til USB A-kabel, og fyller opp heile batteriet på under to timar. Eit irritasjonsmoment er likevel at du ikkje kan bruke headsettet med kabelen medan du ladar. Det pleier å vere mogleg med dei fleste gamingheadsett.

Når det kjem til knappar på headsettet er det heller ikkje så mykje å velje mellom. Du får ein påknapp, ein dempeknapp for mikrofonen og eit rullehjul for volumet.

Lyd

HyperX Cloud II Wireless gir eit litt flatt, men elles nøyaktig og balansert lydbilete. Drivarane har mindre kraft i bassen enn det Cloud Flight S har, som gjer dette betre eigna til å høyre fotsteg i spel. Mellomtonane kjem klarare fram og løftar lyden av fotstega.

Dette er trass alt laga for konkurransespel, og er difor eit godt val til den type bruk. Etter rundt 30 timar i Overwatch og omtrent det same i nye Call of Duty er eg meir enn nøgd med ytinga der.

Mangelen på bass viser seg i musikk og film, men det er nok først og fremst ein smakssak. Headsettet leverer meir enn nok guff på fullt volum, og drivarane gjer ein grei jobb i musikk med meir komplekse lydbilete.

GOD LYD: Eit nøyaktig lydbilete med klare mellomtonar gjer dette til eit effektivt verktøy i skytespel.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den virtuelle surroundlyden er derimot ikkje så mykje å rope hurra for. Eg har definitivt høyrt verre, men med ein gong ein slår det på blir lydkvaliteten svekka. Lydbiletet verkar grumsete og direkte ubehageleg i musikk.

I spel lid den litt av det same problemet som mange andre billige implementeringar av virtuell surround. Spesielt i Overwatch er det vanskeleg å høyre om fiendane er over deg eller på same nivå, og det kan vere veldig forvirrande. Slikt får deg drepen.

Dette gjeld ikkje i spel som Counter-Strike: Global Offensive, så det kjem litt an på korleis lyden i spelet er lagt opp. I Overwatch er det i alle fall ikkje noko vits i å bruke 7.1-modusen. Spelet er designa for å gi veldig god surroundlyd sjølv i 2.1 med Window Sonic, og billige 7.1-implementeringar har ein tendens til å fullstendig øydeleggje dette. Det fungerer fint på til dømes Sennheiser og Audeze sine 7.1-modusar, så det gjeld ikkje alt.

Mikrofon

HyperX er ikkje kjend for å ha dei beste mikrofonane, men pleier å levere meir enn godt nok for dei fleste. Denne er ikkje noko unntak. Mikrofonen har ein effektiv støydemping som sikrar at lyden av tastetrykk ikkje blir altfor irriterande for lagkameratane dine, men som til gjengjeld gjer at stemma mi verkar dempa.

Behandlinga av lyden kan gå litt for langt til tider, og nokre gongar høyrer eg tendensar til bølgjelydar i bakgrunnen på opptaka eg har tatt.

Eg syns òg volumet er for lågt slik som det er no, men alt i alt er det ein heilt grei mikrofon.

Konklusjon

HyperX sin produkt har i stor grad handla om kombinasjonen av høg komfort, rimeleg pris og enkel design. Her har dei ofra prisen og haldt på det andre. Det fungerer ikkje heilt i mi bok. Dette gjeld eigentleg alle dei tre trådlause headsetta me har testa av dei i denne prisklassen sidan 2019, så det er ikkje overraskande at selskapet prisar seg slik som dette.

Du får langt meir for pengane ved å kjøpe den kabla versjonen. Norske nettbutikkar har jamleg kraftige rabattar på dei.

HyperX Cloud II Wireless 7.1 er slik sett eit bra, men altfor dyrt produkt. Det er ikkje så mykje nytt som har skjedd sidan den kabla versjonen kom i 2015, og heller ikkje sidan HyperX tok over designet frå Q-pad før det igjen.

Headsettet er lite og lett, har meir enn god nok lyd for speling og byr på ein heilt grei mikrofon. Det kostar berre for mykje.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvaresidene våre her »

7
/10
Liten og lett
Trådlaus
Lang batterilevetid
Høg komfort
Solid byggekvalitet
God lyd
Ingen støtte for Bluetooth
Kan ikkje bruke det når ein ladar
Svak 7.1-modus

Siste fra forsiden