TEST: Razer Blade Stealth
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Razers berbare datamaskinar er endeleg i Noreg

Me har leika oss med rålekre Blade Stealth.

Razer er ein av marknadens mastodontar når det kjem til gamingutstyr. Dessverre har dei berbare Blade-datamaskinane deira vore utilgjengelege i Noreg fram til i år, men i 2018 får me endeleg bryne oss på produkta. Me har fått bruke tre veker med produsentens ultrabook, Razer Blade Stealth.

Maskinen er ein 13,3 tommar touchscreen-lettvektar på knappe 1,3 kilo, som byr på fantastisk byggekvalitet og ein slåande vakker utsjånad. Dette er definitivt ikkje noko gaming-PC, men heller noko for dei som vil ha eit produkt dei kan bruke til både jobb og medieforbruk, eller ha med på reise.

Under panseret på testmaskinen finn me ein firekjerna Intel i7-8550U med ein basishastigheit på 1,8 GHz, som klokkast opp til 4 GHz under last. For litt lett gaming og media er Blade Stealth utstyrt med Intel UHD Graphics 620, saman med ein 256 GB M.2 NVM Express SSD og 16 GB 2166 MHz LPDDR3 minne. Prisen på testproduktet vårt ligg i underkant av 18 000 kroner, mens det er mogleg å få ein versjon med større SSD til rundt 19 500.

Design

Razer Blade Stealth 

Skjermstørrelse: 13.3 "
Prosessorserie: Intel Core i7-8550U                 
Minne (inkludert): 16 GB 2166 MHz LPDDR3
Vekt: 1.33 kg
Skjermoppløsning: 3200 x 1800
Grafikkprosessor: Intel HD Graphics 620
Operativsystem: Microsoft Windows 10
Berøringsskjerm: Ja
Lagringstype: M.2 NVM Express 256 GB          
Høyde: 1.31 cm
Bredde: 32.1 cm
Dybde: 20.6 cm

Razer Blade Stealth er rett og slett nydeleg. Den har ein del svakheiter som me kjem inn på lengre nede i saken, men utsjånaden gjer at ein nesten kan investere i denne berre for å ha den som pyntegjenstand på skrivepulten. Kabinettet og lyset på tastaturet er det som imponerer mest, så me tar ein nærmare kikk på det først.

Kabinett

På utsida av lokket blir me møtt av den kjende Razer-logoen i grønt og svart, som ligg klistra på aluminiumskabinettet. Omtrent heile kabinettet er dekka av denne matt svarte aluminiumsoverflata, og gjer det særs behageleg å la fingrane stryke over finishen. 

Datamaskinen er reine utstillingsgjenstanden å rekne. Eg får òg inntrykket av at materialet er veldig solid, så ein skal ikkje sjå vekk frå at maskinen tòler ein dunk eller to. Det er heller ikkje noko særleg fleks i tastaturet, så ein kan fint legge vekt på den utan at det skapar noko problem. Dette er eit kabinett som er skapt for å vare.

Design har vore ein prioritet for Razer her. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med ei djupne på 1.3 centimeter med lokket igjen, er maskinen nesten like tynn som ein litt eldre mobiltelefon. Den glir enkelt ned i ei dokumentmappe eller kva det er du vil frakte den rundt i. Vekta er òg låg nok til at ein fint kan tusle rundt med PCen under armen utan å merke noko til den.

Det einaste som bryt litt med det stilreine designet er nokre gummiføter på undersida av Blade Stealth. Desse løfter maskinen ein centimeter eller to over bordet, slik at viftene får plass til å ventilere varm luft ut. Dei kjem i den same svartfargen som resten av kabinettet – og gummiføtene er tross alt på undersida – så du kjem ikkje til å merke noko særleg til dei. Det er ei fiffig løysing for å redusere varmenivået, med minimal verknad på utsjånaden.

Tastatur

Skal du ha ein ultraberbar, er eit godt tastatur obligatorisk. For å få maskinen så tynn som mogleg må tastane vere låge, og nokre produsentar har ein tendens til å dra det litt for langt. Tastaturet på Razer Blade Stealth tar ein del tilvenning viss ein ikkje er vand med låge tastar, men membranbrytarane yter godt og ein skriv kjapt på dei. Problemet er mangelen på feedback. Det å trykke ned tastane kjenst mest som å presse fingeren ned i ein svamp. Eg saknar ei meir tydeleg tilbakemelding. 

Chroma-lysa er glimrande, men eg saknar meir feedback i brytarane. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er Razer, og då er RGB ein sjølvfølgje. Ikkje alle bryr seg om baklyste tastar, men her har Blade-serien verkeleg slått ein «home run». RGB-effekten er så lyssterk at den faktisk fungerer godt i dagslys, som er eit sjeldan syn.

Fargane på Chroma-tastaturet er i ein eigen klasse for seg. Dei er rett og slett ein fryd for augo. Det er ein myriade av ulike effektar ein kan bruke, men dei enkle variantane med statiske eller seint skiftande fargar er flottast. Det grøne lyset står ut som det vakraste for meg, og er kanskje den beste RGB-effekten eg har sett på ein berbar. 

Peikeplate

Med ein ultraberbar er det relativt avgrensa kor stor peikeplata kan vere, men her tar den opp mykje plass utan å vere i vegen. Storleiken er passeleg, og dei innebygde knappane har ein grei feedback. I og med at maskinen har berøringsskjerm så kjem du ikkje til å bruke den like ofte som på ein vanleg berbar, men eg liker den godt. 

Peikeplata er nøyaktig og velplassert. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det einaste eg har å klage på er at plata kunne vore glattare. Ein kan få små brannsår viss ein flytter fingeren fort over peikeplata, så det er greitt å ta nokre pausar i ny og ne under spelbruk. Du venner deg til det, men det kan vere litt ubehageleg i byrjinga.

Tilkoplingar

Tilkoplingsalternativ på berbare i denne storleiken har ein tendens til å vere få, og det same er tilfellet her. Alt du får er to USB 3.0-portar, ein fullstorleik HDMI-port, ein 3.5mm-port og ein ThunderBolt 3-port. Sistnemnde fungerer som inngang til både ladar og tilkopling til eksterne skjermkortløysingar som Razer Core X.

Høgresida av datamaskinen. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no
Venstresida av datamaskinen. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg vil tru dei fleste som kjøper eit produkt som dette vil ha ein USB-dockingstasjon til kontorbruk. Det er nok få av oss som tar med tastatur, mus og ymse anna når ein er på farta så det er ikkje verdas undergang med berre to USB-portar, og det er sjeldan at ultraberbare byr på meir enn det Razer Blade Stealth gjer. Ein SD-kortlesar syns eg derimot burde vore på plass.

Det som bekymrar meg mest med tilkoplingane er ladarkabelen. Den er veldige lealaus når den står i ThunderBolt-porten, og det verkar som ein liten kakk kan få heile greie til å knekke. 

Høgtalarar

Til tross for litt tynn lyd er opplevinga av høgtalarane totalt sett overraskande god. Mellomfrekvensane er velrepresenterte, og bassen kjem fram. Høgfrekvensane kunne vore meir balanserte, men det at maskinen speler såpass høgt som den gjer, gjer opp for den litt spinkle lyden.

Høgtalarane glir naturleg inn i det flotte designet. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Høgtalarelementa ligg ved sida av tastaturet, under eit aluminiumsgitter som passar godt inn med resten av designet til kabinettet. 

Kamera og mikrofon

Skal du ha nokre samtalar med vener eller kollegaer mens du er ute og reiser, er videokameraet på Razer Blade Stealth heilt ok. Det gir deg 720p-video, så det fungerer til ein Skype-samtale i ny og ne. Biletet blir ekstremt kornete i dårleg lys, men maskinen har ein autofokus-funksjon som følgjer ansiktet ditt – noko som gjer saka litt betre.

Det er stor forseinking mellom bilete og lyd når ein snakkar på video, men mikrofonen er nok det verste. Den skurrar noko infernalsk. Reproduksjonen av lyd er grei nok, men det er såpass mykje støy at eg ville vurdert ei ekstern mikrofonløysing sjølv når ein er ute og reiser. Når eg høyrer på mikrofonen med fullt volum er det såpass ille at eg må skru ned lyden. Slik skal det ikkje vere på ein datamaskin til nesten 20 000. 

Skjerm

Årets ultraberbare Razer Blade kjem berre med ein skjermkonfigurasjon; ein 3200x1800 IGZO-berøringsskjerm. Bileta blir vist fram med sterk kontrast og gode svartnivå, omringa av ei relativt tjukk skjermramme. Fargane er nøyaktige nok til at du kan drive med redigering, og byr på ei imponerande oppleving av film og bilete. Det er ikkje lengre mogleg å få maskinen i 4K slik som i førre utgåve av Razer Blade Stealth, men IGZO-skjermen leverer «PPI» (piksel per tomme) på 271, som gjer at du neppe kjem til å få auge på piksel.

Skjermen er ein av Razer Blade Stealths styrkar. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Skjermen er lyssterk nok til at du kan bruke den både inne og ute, men forvent å slite med refleksjonar på den blanke overflata. Til tross for å vere ein berøringsskjerm er den òg veldig glad i fingeravtrykk, så det vil vere lurt å ha litt brillerens liggande på lur når ein skal bruke maskinen.

Yting

Razer Blade Stealth er ein av få produkt frå produsenten som ikkje er retta mot dataspel. Dette er ein maskin for dei som er ute etter noko å ha til jobb eller skule. Der gjer Blade Stealth ein ypparleg jobb takka vere ein firekjerna Coffee Lake-prosessor.

SSDen viser musklar i AS-testen. Foto: Skjermdump AS-SSD

Klokkehastigheita på prosessoren kryp opp til 4 GHz under full last, som sikrar ei kjapp opplevd yting i Windows og gjer maskinen brukande til lett bilete- og videoredigering. Eg merka ingen teikn til varme-«throttling» i mine testar, som ein gjerne ser i berbare maskinar med i7-8550U. Den vesle M.2 NVM Express-SSDen er òg såpass rask at ein aldri treng å irritere seg over treige nettlesarar. Oppstartstida ligg for det meste under fire sekund, takka vere kjappe lese- og skrivehastigheiter.

Den integrerte grafikken, Intel UHD 620, kan takle nokre eldre spel i 720p og 1080p. Til dømes vil Counter-Strike: Global Offensive vere spelbart i 1920x1080 med alt på lågaste innstillingar. Benchmarkverktøyet me brukar har mykje røyk, som gjer at ein gjennomsnittleg runde i spelet vil halde ein del høgare biletefrekvens enn det testen viser. Men viss ein verkeleg vil bruke denne maskinen som Razer ønskjer, ein arbeidsberbar om dagen og ein spelmaskin på kvelden – så må du investere i ei ekstern grafikkløysing. Me kjem med ein test av Razers nye Core X i løpet av veka, der me bryner oss på 4K-speling med Razer Blade Stealth. 

Varme- og støynivå

Viftene i Razers semi-nye ultraberbare gjer ikkje så veldig mykje ut av seg. Temperaturane på prosessoren snik seg over 90 grader under tung last, men støynivået er ikkje all verda. Desibelmålaren min klatra aldri over 36, så det er ingen problem å ha med seg maskinen på biblioteket, sjølv om den må gjere krevjande arbeid.

Du kjenner ikkje noko særleg til temperaturen på tastaturet, men viss ein har maskinen på fanget kan ein fort bli litt klam. På undersida blir det nemleg varmt. Dei små gummiføtene på undersida av Blade Stealth får ikkje gjort jobben sin viss du har den på fanget, så det er best å ha maskinen ståande på ei skikkeleg overflate.

Batteritid

Razer Blade Stealths kanskje største svakheit er batteritida. Mens konkurrerande ultraberbare i same prisklasse kan skryte av batteritid opp mot eller over ti timar, held Razers nye maskin seg godt under seks timar. I testane mine fekk eg fem timar og 36 minutt ut av batteriet mens maskinen viste 1920x1080-video med straumsparingsmodus, mens krevjande speling på maks yting tømte batteriet på ein time og femti minutt. Det er i det minste laget.

Den låge vekta gjer Razer Blade Stealth kjekk å ha med i veska på reise, men batterilevetida legg ein dempar på nytteverdien. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Batteri er ein av dei viktigaste aspekta av ultraberbare – ein skal tross alt kunne ha dei med på farta – og fem og ein halv time er alt for lite når ein skal sitte og sjå film eller skrive. Det kjem ikkje i nærleiken av ein full arbeidsdag.

Les testar og konklusjon på neste side »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Kommentarer (10)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen