The Elder Scrolls VI er på veg

Bethesda avslutta kvelden med ei atombombe.

Elder Scrolls-serien er legendarisk. Det er noko me sit med eit lite håp om at dukkar opp på neste års E3, men kvar gong seier til oss sjølv; nei, ikkje tenk på det. Det skjer ikkje. Ingen vits i å håpe.

Men etter Todd Howard annonserte den eine nyvinninga etter den andre, avslutta han Bethesdas show med å annonsere den kanskje mest ettertrakta oppfølgjaren til eit spel nokosinne.

Me veit absolutt ingenting om spelet, ikkje om når det kjem, kva det handlar om, eller kvar det er. Alt me har er ein liten snutt der kameraet susar gjennom ein grøn, tåkekledd dal. Majestetiske fjell strekkjer seg mot himmelen, og ein karakteristisk Elder Scrolls-melodi ljomar utover landskapet. Kontrasten til dei snøkledde slettene i Skyrim er stor.

Dette er utan tvil eit av dei mest imponerande E3-showa dei siste åra, som blei avslutta med ei atombombe av ei avsløring. Oppfølgjaren til Skyrim er på veg, folkens. Kan me gjere ei greie ut av å spørje «kvar var du når Elder Scrolls VI blei annonsert»?

Kvar trur du det nye spelet tar plass? Underteikna tippar Highrock. Ser deg der i 20XX.

Les alt om E3 2018 i vår E3-seksjon »

Siste fra forsiden