Tilbake til The Whispered World

Daedalic lagar oppfølgjar til eit av sine første eventyrspel.

I løpet av dei siste åra har tyske Daedalic bygd seg opp eit solid namn hos dei som set pris på eventyrspel av den gamle peik og klikk-sorten. Eitt av dei aller første spela til selskapet var sjarmerande The Whispered World. I dette spelet møtte vi den triste og mislukka klovnen Sadwick, som ikkje fekk til mykje.

Det var eit varmt og solid spel som bydde på ei god historie og ein svært lekker visuell presentasjon. Spelet sleit derimot litt med logikken på enkelte av utfordringane, og det var ikkje alt som gav meining.

No har Daedalic bestemt seg for å vende tilbake til The Whispered World, og har i ei pressemelding kunngjort oppfølgjaren Silence: The Whispered World 2.

Frå 2D til 3D

I The Whispered World 2 reiser vi til draumeverda Silence. Hit reiser tenåringen Noah etter at han mista systera si i den verkelege verda. Daedalic lovar eit sterkt og emosjonelt eventyr der vi skal nøste opp i mysteria rundt både draumeverda og døden til systera hans.

Sjølv om det heile høyrest noko trist ut, lovar utviklarane at spelet vil by på ein god porsjon humor, samt gjensyn med gamle vener.

The Whispered World gjorde seg kjent for sin lekre 2D-grafikk. Bakgrunnane var handteikna, og figurane like så. Med The Whispered World 2 vil dette derimot bli slutt på. Daedalic har ikkje bydd på bilete frå spelet i aksjon, men dei fortel i pressemeldinga at spelet vil bli presentert via ny 3D-grafikk.

Silence: The Whispered World 2 vil kome i sal seint neste år for PC og Mac.

Siste fra forsiden