Torment-oppfølgjaren kan rundast utan kriging

inXile gjer alvor av å la spelarane gjere som dei vil.

I fjor gjorde inXile stor suksess på Kickstarter med sin kampanje for å lage ein Planescape: Torment-oppfølgjar. Kampanjen sanka inn 4,2 millionar dollar etter lovnadar om å lage eit spel i same and som det klassiske rollespelet frå det legendariske rollespelstudioet Black Isle.

I spelet som omsider fekk namnet Torment: Tides of Numenera blir vi lova stor valfridom i forhold til korleis vi vil løyse ein kvar situasjon. Den valfridomen påstår utviklarane er så stor at du kan spele gjennom heile spelet utan å krige ein einaste gong. Dette kjem fram i eit intervju med fire av Torment: Tides of Numenera-designerane RPGCodex har utført.

Eit mylder av val

Tidleg skjermbilete frå Torment: Tides of Numenera.

Torment: Tides of Numenera nyttar eit turbasert kampsystem, og dette har fått utviklarane til å skru saman færre, men meir detaljerte kampar i spelet. Vi vil altså ikkje møte på nye fiendar for kvart steg vi tek.

I staden vil vi kome over scenario som kan ende opp i kamp, men ikkje nødvendigvis. Spelaren kan til dømes prøve å snakke med fienden for å unngå eit slag. Eksempelvis kan du å foreslå fred, skremme fiendane til å stikke av, eller distrahere dei. For å få til dette kan du bruke ei rekke eigenskapar som kan svekke moral, eller få fiendane over på di side.

Du er ikkje nøydd til å bruke snakketyet for å kome deg ut av kinkige situasjonar. Om du verken likar kamp eller dialog kan du prøve å finne alternative vegar ut av eit område, og liste deg forbi svært lett på tå.

Sjølv om spelet byr på stor valfridom lovar utviklarane at du ikkje kan forventa at det blir lett å unngå kamp.

Fleire av utviklarane som i si tid skapte Planescape: Torment er om bord på denne oppfølgjaren, men det blir ikkje ein direkte oppfølgjar i rett forstand. Utviklarane har ikkje rettane til Planescape-universet, og tek difor i bruk rollespeluniverset Numenara skapt av Monte Cook. Monte Cook var tidlegare sterkt innvolvert i Dungeons & Dragons-universet Planescape.

Gamle rollespel er i vinden som aldri før. Ved sidan av Torment: Tides of Numenera held inXile på med det post-apokalyptiske rollespelet Wasteland 2. Kompisane deira hos Obsidian Entertainment er i full sving med sitt ambisiøse rollespel Pillars of Eternity.

Siste fra forsiden