Anmeldelse

Transformers

Transformers. Det er lett å bli nostalgisk av eit sånt ord. Eit barnerom fyllt med utslitne leikar, og timar framfor TV-apparatet. Samtidig er det vanskeleg å unngå den gnagande følelsen av at visse ting skal ein ikkje tukle med.

Side 1
Side 2

Unødvendige flysekvensar Dette viser seg raskt å bli svært vanskeleg når kameraet brått svingar oppover, eller autoboten din brått stuper framover som ei kamikazefly. Du er nødt til å fly i ei viss høgde for at autoboten din ikkje skal tru du er nær bakken, og bestemmer seg for å lande. I visse situasjonar er det så håplaust å manøvrere i lufta at ein handkontroll godt planta i veggen ikkje er langt unna. Det mest pussige med heile dette er at når du først flyr over land, blir det brått vanskeleg å lande. Då finn du av ein eller anna grunn ikkje bakken, og krasjar i staden. Gjerne midt i ei gruppe med Decepticlones. Desse sekvensane med flyging endar stort sett opp som unødvendige irritasjonsmoment.

Dette er ikkje det einaste som kan øydelegge stemninga. Ta til dømes eit sniper-våpen. Eg forventar at ein robot på mangfoldige tonn kan halde eit våpen i ro. Dette er ikkje tilfelle med ein autobot. Her har tydelegvis tyngdekrafta tatt overhand, og du må konstant rette opp våpenet ditt for å få eit bra skot. Spør du meg er dette noko som alvorleg slår sprekkar i truverdigheita til Melbourne House si tolkning av Transformers. Dessutan er det enda meir som ikkje akkurat er med på å få deg til å tru at det er robotar på mange tonn du har med å gjere. La oss sei du får ein granat mot deg. Når denne sprenger utløyser den kanskje den minst truverdige "filledukke"-effekta eg har sett. Trur du på at ein autbot kan bli kasta rundt som billig leiketøy? Når all vegetasjon held seg inntakt?

Det er også på dette feltet at designen ikkje akkurat imponerar. Vi veit at Transformers er enorme maskiner. Kolossale faktisk, så kvifor verkar det ikkje slik? Bregner rekk kanskje eit menneske opp til kneet, men ikkje ein autobot. Det same gjeld gras. Kva med tre? Melbourne House har kun inkludert tre som er store i forhold til ein Transformer. Små planter og vegetasjon er ikkje-eksisterande. Resultatet er at du verkar omtrent like stor som eit menneske. Du får aldri følelsen av å vere ein koloss. Dei få gongane omgivnadane er små i forhold til deg, verkar det meir som det er dei som er små. Ikkje du som er stor. Du er Gulliver, du er normal. Det er ein forskjell på å faktisk vere enorm, og å kome til lilleputtland.

Langt å gå, men flott utsikt Når det er sagt har Transfomers mykje flott å by på. Eksplosjonane er makelause, og ver-effektene er noko av det flottaste eg har sett. Det er også mykje variasjon i terrenga du bevegar deg i. Frå Amazonas til Alaska vil du finne dei fleste typar natur. Dessverre er bretta av og til ganske mangelfulle i oppbygning. Å springe langs ein kant i fleire minutt fordi det er einaste måte å kome seg gjennom eit fjellpass blir raskt kjedeleg. I tillegg er mange av bretta plaga av lange raviner som eigentleg ikkje fører stort anna til spelet enn unødvendig iritasjon. Når ein spring etter ein fiende er det ikkje så kult å dette ned i ei lang kløft.

Ein anna ting ein legg merke til tidleg er at musikken er uforskamma kul. Kvart brett har sitt eige tema. Desse er sett saman av tre lag. Du har eit basis-lag som går kontinuerleg, og to lag for auka intensitet. Det fungerar heilt utmerka, og skapar eit særdeles dynamisk lydbilete. Musikken er for det meste ganske pompøs sci-fi-musikk, med markante innslag av elektronikk og rock. Møter du ein hovudfiende skiftar musikken til raske og intense låter. Det som er så bra med musikken er at den heile tida jobbar opp i mot resten av spelet for å skape ei bra oppleving. Når alt klaffar, både gameplay, grafikk og musikk er Transformers ei fantastisk oppleving.

Konklusjon Transformers er kanskje ikkje alt det lovar, men likevel byr det på rikeleg underhaldning til å halde deg gåande. I tillegg fører dei forskjellige kombinasjonane av Minicons med seg rikeleg av dybde. Å teste nye kombinasjonar av desse er god underhaldning i seg sjølv. I tillegg er det mange bonusar du kan finne på bretta. Alt frå bilete av leiketøy til reklamefilmar frå TV-serien. Transformers er eit spel som har respekt for røttene sine, men ikkje heilt presterar å gjengi størrelsen. I motsetning til seriane og leiketøya er Transformers eit meir voksent spel laga for dei som var små då robotane herja som verst. Eit smart trekk, for Transformers er eit ypperleg action-spel som er utfordrande, men aldri følest som eit typisk forsøk på å tene pengar på ein populær tittel.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden