Anmeldelse

Treasure Planet

Disneys siste storfilm er ein framtidsvisjon av Robert L. Stevensons kjende forteljing om Jim Hawkins møte med Long John Silver, og livet på dei sju hav. Ein klassikar som både små og store har hatt stor glede av opp gjennom tida. Det er vel eigentleg mange moglegheiter med ein slik lisens, så kva har Bizarre Creations funne på i denne samanheng? Eit plattformspel.

Side 1
Side 2

Sett det før
Over til plattformdelen. Som Jim spring du rundt og sankar myntar og gass. Stort sett. Innimellom dukkar det opp fiendar som du kan hoppe på, er du heldig får du enda fleire myntar. Nokre gongar må du i tillegg hoppe frå platå til platå. Høyrest det kjent ut? For å gjere det litt meir interessant har du ein sidekick, Morph. Ved å gå til diverse beacons plassert rundt omkring på banene kan Morph gi Jim ein slagkraftig robotarm, evna til å lette frå bakken ei lita stund. Høyrest dette kjent ut? For å seie det enkelt, du har sannsynlegvis sett, gjort og opplevd alt før. Kanskje med unntak av spelbarheita.

Der Bizzare Creations lånar frå samtlige plattformspel der ute i eit forgjeves forsøk på å skape noko bra, gløymde dei tydelegvis at det er viktig med enkle og funksjonelle kontrollar. Har du nokon gong opplevd at du skal hoppe på ein fiende, men at du av ein eller anna grunn aldri treffer? Her er det slik, nesten heile tida. Jim vimsar fram og tilbake som ein besatt galning utan retningssans, men kva forventar du eigentleg frå eit spel som oppfører seg som ei resirkuleringsmaskin? Det er ingenting nytt her. Det einaste som er forskjellig her frå alle dei andre tusen plattformspela er grafikken. Ikkje at det er noko spesielt med den, men du ser jo at det er Jim og Morph som spring rundt der ute, og ikkje Jack og Daxter.

Skal eg beskrive grafikken med eit ord, så er den kort og godt grei. Ingenting anna, den er grei. Den har greie teksturar, grei animasjon, og gjer ikkje vondt å sjå på. Bortsett kanskje frå eit par stygge klippefeil, der ting opnar seg opp og går inn i kvarandre. Lyden er til tider grei. Bruken av dialog frå filmen, og det at Long John Silver og Jims ven Doctor Doppler dukkar opp i spelet for å gi deg litt informasjon her og der, gir meir sjarm til spelet. Spelet er òg stappfult av små filmsekvensar frå filmen og anna smågodt for den interesserte. Mellom brett får du ein lite filmsekvens som fortel korleis historia går vidare. Dette er jo ein fin ting, for litt krydder på smaklause ting pleier som regel å fungere. Her blir det derimot som om du krydrar tallerkenen din for så å finne ut at du gløymde maten.

Konklusjon
No trur du sikkert at eg hatar dette spelet. Eg bør kanskje fortelje deg at eg er stor Disney-fan, så mitt forhold til Disney har lite med kritikken av dette spelet å gjere. Du har nesten rett. Det er gøy til tider, det er tidsfordriv om du ikkje har noko betre å ta deg til, men med andre plattformspel der ute som er så mykje betre, har dette ingenting å stille opp med. Ingen hadde gitt dette spelet ein tanke om det ikkje var for at det har ein gigantproduksjon frå Disney å støtte seg på. Mange ungar har nok lyst på dette spelet, fordi det er Disney. Eg synest det er frekt å sette saman eit såpass platt og kjedeleg produkt, berre for å hove inn litt ekstrainntekter på ein film. Om du er storfan av plattformspel, og føler du må ha alt som innbærer hopping og myntar i samlinga di, så for all del, kjøp det. Er på den andre sida på jakt etter noko med eit snev av substans. Styr unna!

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden