Trur mangelen på komponentar vil vare til 2023

Intel-sjefen kjem med triste nyheiter.

NY GENERASJON: Neste veke skal Intel sannsynlegvis lansere Alder Lake-S-generasjonen med prosessorar. Samstundes har Intel-sjefen triste nyheiter for dei som ventar på elektronikk.
Skjermdump av presselekkasje

Torsdag la prosessorprodusenten Intel fram tala sine for tredje kvartal. Kort sagt har Intel opplevd konsekvensane av at det er vanskeleg å få tak i halvleiarar, og dei klarar difor ikkje produsere nok til å møte etterspurnaden etter produkta deira.

PC-delen av produksjonen deira minska omsetninga med rundt to prosent samanlikna med i fjor, som gjorde at Intel fekk eit børsfall på heile åtte prosent i går.

Auka produksjonskø på halvleiarar har ført til nedgang i ei rekkje ulike bransjar. Alt frå bilproduksjon til skjermkortproduksjon har møtt betydelege flaskehalsar i utviklinga si.

For oss forbrukarane betyr det at det til dømes blir færre bilar, skjermkort og prosessorar i butikkane. Mindre produksjon gjer òg at etterspurnaden går opp, som resulterer i ein negativ spiral der ventetidene blir lengre og lengre.

Lang ventetid

Tidlegare i oktober kunne me melde om at AMD-sjef Lisa Su spekulerte i at mangelen på halvleiarar vil halde fram heilt til andre halvdel av 2022.

Gamer.no kunne òg vise fram statistikk som skildra at prisane på skjermkort var på veg nedover her i Noreg, men nedgangen er såpass liten at det fort kan gå begge vegar.

No har Intel-direktør Pat Gelsinger sagt i eit intervju med CNBC at mangelen på halvleiarar ikkje kjem til å gi slepp før i 2023.

– Me er i det verste no. For kvart kvartal neste år vil det bli stegvis betre, men me har nok ikkje balanse mellom tilbod og etterspurnad før i 2023, sa Gelsinger til CNBC.

Nærmar seg lansering

Det er venta at Intel skal dra sløret av ein ny generasjon av gamingprosessorar 27. oktober, altså neste veke.

I løpet av den siste månaden har det vore ein jamn straum av lekkasjar og rykte om lanseringa, der siste nytt er at flaggskipet Intel Core i9-12900K kan få ein lanseringspris på 670 dollar i USA.

Det melder Videocardz.com.

Siste fra forsiden