Anmeldelse

Turok

Falmande indianar

Det er nok berre å konstatere det først som sist; den gamle helten Turok blir aldri den same.

Om du er blant dei som blei innvia i Turok si valdelege verd ein gong i Nintendo 64s tidsalder, er det nok berre ein ting du verkeleg lurer på. Er våpna med? Får eg skyte med kjernefysiske våpen som blendar heile skjermen i alle regnbogens fargar? Dessverre får du ikkje det.

Teaser fra Turok

Vis større

Teaser: Turok

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • Turok


Propaganda Games, som har stått for utviklinga av det siste Turok-spelet, har valt å gå ei heilt anna rute. I staden for å gi oss ein malplassert indianar med fjær og krigsmaling, får vi ein moderne indianar heilt utan fjær og krigsmaling. Joseph Turok er kanskje indianar (eller eit medlem av det amerikanske urfolket, om vi skal vere politisk korrekte), men det einaste som vitnar om akkurat det, er ein hanekam og litt brunare hud enn dei andre muskelbuntane spelet introduserar oss for.

Dette er den første, og kanskje den største feilen Propaganda Games har gjort med Turok. Dei har fjerna det som gjor Turok til Turok. Dei fann tidleg ut at dei ville gjenskape Turok for vår tidsalder, og kanskje har dette fått dei til å tenkje at dei skal putte inn ei meir truverdig historie, med meir truverdige hendingar. Vel, på tide å vakne opp folkens, eit konsept som Turok kan du ikkje gjere truverdig uavhengig av kor hardt du prøvar. Det er menneske mot dinosaurar for svarte!

Det vi får i staden for ein gal indianar med atomvåpen, er enda eit generisk skytespel der soldatar med overdimensjonert muskulatur skyt mot ting som prøvar å drepe dei. Ja, vi finn dinosaurar, men det er eigentleg det einaste som skiljar Turok frå ei lang liste med praktisk talt identiske spel.

Dinosaurane er heldigvis veldig vellukka. Dei ser fantastiske ut. Huda deira er like læraktig som ein kunne håpe på, og ganglaget er som henta direkte ut av Jurassic Park-filmane. Dei er direkte fryktelege der dei spring mot deg, hoppar på deg, og slår deg i bakken. Det er berre så synd utvalet er så dårleg. Dei forskjellege rasane du må kjempe mot kan teljast på ei hand, sjølv om vi får ein illusjon om fleire sidan veldig mange raptorar har forskjellege fargar, og ørsmå variasjonar i kroppsform. Dette går imidlertid ikkje lengre enn at nokre har fjær på nakken og liknande småting. Likevel er det ein god ting, det gir deg litt variasjon, sjølv om den er kosmetisk.

Alt var betre før

Heilt frå du plukkar opp din første SMG merkar du at ein liten depresjon byrjar å velle opp innvendig. SMG? Det mest typiske og uinteressante våpen vi kunne ha fått? Du tenkjer kanskje at det berre startar puslete, men nei da. Det neste våpenet er ei pumpehagle. Greitt nok, pumpehagler er moro, spesielt om du held to samtidig, men i eit Turok spel vil vi ikkje ha ei ordinær pumpehagle. Vi vil ha pumpehagler med sprengstoff som får kroppane til dinosaurane til å dele seg i to, tre, fire tusen delar.

Det held fram på same måte. Det eine våpenet etter det andre er våpen vi har sett før i så godt som alle andre spel på marknaden akkurat no. Absolutt ingenting skiljar seg ut. Dette betyr sjølvsagt ikkje at våpna er dårlege, om vi samanliknar med eit vilkårleg skytespel fungerar dei akkurat som dei skal. Eg hadde berre håpa på noko med litt meir eksplosiv kraft.

Men dette er eigentleg berre byrjinga på problema, og er faktisk ikkje det første som vil plage deg, sidan skyting generelt sett er moro så lenge våpna seier pang og får fiendane til å sige om som melsekkar. Er du like «uheldig» som meg, og spelar på ein breiskjerm, vil kanskje førsteinntrykket av Turok vere hovudverk, sviande auge, og kanskje blir du i tillegg litt svimmel. Som regel vil spel i breiskjerm utvide synsfeltet, slik at du ser meir på sidene. I Turok er toppen og botnen skåren av, slik at du ser mindre. Det gir deg eit veldig snevert synsfelt der alt som skjer, skjer veldig brått. Du legg ikkje alltid merke til kvar fiendane kjem frå, sidan du enkelt og greitt ikkje ser nok rundt deg, og dette skjer alt for ofte.

Spelet kastar den eine dinosauren etter den andre på deg, og i eit vanvittig tempo. Du svingar deg rundt, og prøvar å skyte, men beista er så raske at når du er omringa av tre eller fire av desse, slit du med å både sjå og treffe noko som helst. I tillegg slår dinosaurane deg i bakken, noko som snur deg rundt, og berre aukar desorienteringa. Slike raske rørsler med kameraet berre forverrar hovudverken som oppstår av det smale synsfeltet. I tillegg går siktet i store rykk og napp når du prøvar å sikte på noko. I staden for at siktet går flytande, hoppar det bortover skjermen, noko som gjer presisjonsskyting svært vanskeleg. Du blir vand med det etter ei stund, men ikkje nok til at raske fiendar blir lette å skyte med mindre dei kjem rett framanfrå.

Om du trudde det var alt av feil i denne omgang, må eg diverre skuffe deg. Som for å sparke deg medan du ligg nede, får vi servert sjekkpunkta frå helvete. Ikkje berre kan ein konfrontasjon bli frykteleg vanskeleg av heilt feil grunn, men du må i tillegg hoppe langt bak i tid om du dør. Her får vi ikkje eit sjekkpunkt på logiske stadar. Kanskje hamnar du i ein stor kamp, du kjem deg gjennom den så vidt det var, og får lov til å gå stille og roleg gjennom ein liten dal. Når spaserturen din er over, hamnar du i ein minst like utfordrande kamp, og dør. Brått er du tilbake til før den første kampen. Dette er ikkje noko som skjer av og til, det skjer heile tida. Når spelet endeleg er over, har du praktisk talt spelt gjennom spelet to-tre gangar allereie. Det gir ikkje akkurat meirsmak.

Næringskjeden i aksjon

Alt er heldigvis ikkje like bekmørkt. Dinosaurane i spelet er nøytrale, noko som betyr at dei angrip det som skulle kome i vegen for dei. Du kan praktisk talt bruke dei som våpen ved å lure dei til å angripe fiendar, eller kvarandre. Pumpehagla har den praktiske funksjonen at den kan skyte ut eit nødbluss, som lett lokkar til seg villdyra. Skyt eit slikt mot ei gruppe med fiendar, og du kan vere sikker på at alle dinosaurane i nærleiken vil flokke den vegen. Skyt eit bluss på ein dinosaur, og dinosaurane angrip kvarandre. Det kan redde deg ut av meir enn ein situasjon, og tilføyer spelet litt av den realismen Propaganda Games etter alt å døme er på jakt etter.

Det som i hovudsak reddar Turok er mekanikkar som er prøvde og testa mange gangar. Skyting er moro, og når Turok fungerar, fungerar det i stor stil. Du blir temmeleg stressa av tempoet både fiendar og dinosaurar kjem mot deg i, men dette er faktisk meininga. Spelet skildrar den ugjestmilde jungelen på ein god måte, og du traskar gjennom skogar og grotter som ser veldig flotte ut. Mange dinosaurar kravlar gjennom små grotter, og snik seg innpå deg heilt uventa. I slike situasjonar blir du gjerne slått i bakken, og her må du bruke eit av spelets viktigaste våpen; kniven. Når du blir slått i bakken får du av og til hamre på knappar for å stikke dyret til blods, og dette er ofte nok til å drepe beista.

Kniven kan òg brukast for å bevisst drepe det som måtte krype og gå av fiendar. Du kan til dømes springe opp bak ein soldat, for stikke han ned bakfrå. Dette let deg sjå ein kjapp liten sekvens som viser Turok i det han tek livet av stakkaren. Du kan òg gå til frontalangrep med kniven, eit velplassert angrep kan ta ut ein raptor utan problem, noko som let deg sjå Turok brutalt hakke ned det stakkars dyret.

Ironisk nok er kniven det kraftigaste våpenet i spelet, sidan det tek ut ein raptor med eitt angrep. Om vi samanliknar med til dømes ein rakettkastar, må du ut med minst ti rakettar for å ta knekken på ein T-Rex (det var denne realismen då).

Stabile, men tamme våpen

Nivådesignet er gjennomgåande av solid kvalitet. Du vil hamne i mange konfrontasjonar der du kan finne gode måtar å ta ut fiendane på, og ofte vil dette bety at du sendar dinosaurar mot soldatar. Det beskjedne våpenarsenalet byggjer seg litt opp over tid, med flammekastar og ei plasmarifle som viktige komponentar. Det kjem likevel aldri i nærleiken av dei feite våpna serien er kjend for. Vi får litt kompensasjon gjennom bogen som lar oss velje mellom vanlege piler og eksplosive piler, men dette er ein av yttarst få detaljar som heng igjen frå dei tidlegare spela. I tillegg er det å kunne kombinere våpen alltid like moro. Til dømes er det å springe rundt med to pumpehagler ein kombinasjon som tek knekken på det meste ganske kjapt.

Skulle ikkje historia om Joseph Turok vere nok, kan du alltids ta deg ein tur på nett. Her kan du spele forskjellege former for modusar som overlet lite til fantasien, sjølv om dei absolutt er i stand til å underhalde. Vi finn erketypiske oppsett der du enten må fange flagget, drepe alle som rører på seg, eller lag mot lag. Det er eigentleg ganske solide greier som blir litt forsterka av at dinosaurane har funne vegen hit òg. Akkurat dette er det einaste som på nokon måte skiljar Turok frå konkurrentane, men det definitivt ikkje nok til at det kan erstatte Call of Duty 4 og Halo 3. I tillegg til vanlege modusar kan du velje å samarbeide med andre spelarar. Her har Propaganda Games vore såpass klønete at du ikkje får spele gjennom historia, men får tre kart å spele gjennom. Forstå det den som kan.

Det beste med Turok er faktisk musikken. Den orkestrale og direkte primale musikken løftar spelet ganske mange hakk, og det er sinnssjukt fett å høyre på. Den er stor, bombastisk og sug deg inn i den farlege jungelverda spelet plasserar oss i. Å traske gjennom ein fuktig jungel medan ei illsint fløyte hyler deg i øyra, og svære trommer virvlar opp ein orkan, er ei ganske spesiell kjensle. I dei stundene Turok verkeleg engasjerar, får musikken deg til å innsjå kor fantastisk dette spelet kunne ha vore. Vi får samtidig jamt over godt skodespel frå ei rekke skodespelarar som til dømes Powers Boothe og Ron Perlman (er det berre meg, eller har denne fyren stemmer i alle spel som blir laga for tida?).

Konklusjon

Turok er absolutt underhaldande. Tidvis er det veldig engasjerande, men det er samtidig ei lang rekke med irritasjonsmoment som trekk spelet ned mange hakk. Upresise kontrollar ligg høgt oppe på lista, men eit synsfelt som sannsynlegvis vil vere årsak til hovudverk og svie i auga er heller ikkje ein bra ting. I tillegg til dette har vi sjekkpunkt med alt for stor avstand. Det kan vere moro å skyte seg gjennom ei grotte, men det er ikkje nødvendigvis moro den tredje eller fjerde gangen du gjer det. Kvifor alt dette har skjedd er eigentleg vanskeleg å forstå. Alt ligg til rette for at Turok skal kunne underhalde i stor grad, men amatørmessige feilgrep hos utviklarane øydelegg mykje av det som lett kunne ha blitt ein heisatur av dei verkeleg store.

Merknad: Turok er i salg fra fredag 8. februar. Anmeldelsen er basert på Xbox 360-utgåva, men spelet kjem også til PlayStation 3 samme dag. PC-utgåva er utsatt til 28. mars.

Siste fra forsiden