Test

Gigabyte AORUS K7

Ute etter eit rimeleg, mekanisk gamingtastatur?

Då kan dette vere noko for deg.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er nokre veker sidan me testa to mus frå Gigabyte, utan at me blei spesielt imponerte. Denne gongen står turen for Gigabytes Aorus K7-tastatur.

Tastaturet kom ut for nokre år sidan no, men det framleis ein verdig konkurrent på marknaden til ein rimeleg pris.

K7 har ligge rundt 1100 kroner sidan det kom ut, med nokre turar nede på 700-talet, noko som er forfriskande å sjå i ei tid der mekaniske gamingtastatur blir dyrare og dyrare. Sjølv om K7 ikkje akkurat er det mest funksjonsrike produktet på marknaden, kan ein gjere ein grei deal her.

Design og komfort

Aorus K7 har spikra gamingutsjånaden med spenstig RGB og ein konstruksjon i børsta aluminium. Gigabyte har alltid gjort ganske mykje ut av logoane sine, men Aorus-merkevara er blant dei betre. Det er openbert kven dette er retta mot, utan at det blir glorete.

Tastaturet kjenst solid, samstundes som det er relativt kompakt og lett. På undersida finn me føter som ein kan justere høgda på med to rullehjul, som er ei ganske handy løysing. Det har eg ikkje sett før.

SOLID KONSTRUKSJON: Aluminiumskroppen er fin å sjå på, og verkar solid.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dersom ein har føtene heilt inne er tastaturet ganske lågt, og det er vel noko av grunnen til at det ikkje er noko handleddsstøtte. Eg saknar likevel det som tilbehøyr, då det hadde passa fint når ein justerer det opp.

Det einaste som minskar kvalitetsinntrykket er at tastane er ganske vaklevorne. Eg merkar at dei har går litt frå side til side sjølv når eg skriv på dei, og spesielt viss eg trykkar dei litt til sida. Sjølve tastehettene er enkle og behagelege å skrive på.

Ein ser òg fort kvifor prisen er såpass låg, då det er lite ekstrautstyr å skryte av. Tastaturet har verken Passthrough for USB, dedikerte medie- og makroknappar eller rullehjul for volum. Det einaste Gigabyte har lagt til samanlikna med eit «vanleg» tastatur er ein dedikert knapp for spelemodus, slik at ein kan slå av Windows-knappen.

Brytarar

CHERRY: Red-brytarane er kjekke til både speling og skriving, med mindre ein ikkje er fan av mjuk tilbakemelding.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Gigabyte har gått for eit trygt og testa val når det kjem til brytarar. Tastaturet kjem med Cherry MX Red-brytarar, det mest populære på marknaden for speling. Dette er ein lineær brytar utan noko merkbart klikk, med mjuk og kort tilbakemelding.

Full vandring er på fire millimeter, og innslaget kjem etter to millimeter. Støynivået er forholdsvis lågt samanlikna med taktile eller klikkete brytarar.

Eg vil påstå at MX Speed er det beste alternativet for rein gaming, men til sjuande og sist handlar brytarval om kva ein er vand med. Driv du meir med speling enn skriving er gjerne ein taktil brytar det beste valet for å vere litt kjappare i spel, og Red-brytaren fungerer fint til både produktive oppgåver og speling.

Programvare og RGB

Som eg skreiv i testen av Gigabyte Aorus M5 og M4 i samletesten vår, så har Aorus Engine eit kritisk behov for ei overhaling. Denne gongen makta ikkje programvara å identifisere tastaturet mitt i det heile.

Heldigvis er det fint mogleg å styre RGB-innstillingane via hurtigknappar. Ein slepp å finne fram instruksjonsboka òg, då alle kommandoane er vist med ikon på navigasjons- og kontrolltastane. Det er åtte ulike førehandsinnstillingar, og dei er stort sett heilt greie. Det er regnbogeeffekten som gjer mest ut av seg.

Lysstyrken er kraftig nok til at ein kan bruke tastaturet som ein effektiv lyskjelde på pulten i mørket, og brytarane blør ein del farge som lagar nokre kule mønster på tastehettene.

Konklusjon

STORE INDIKATORLYS: Gigabyte har lagt litt arbeid i lysa til kontrollknappane, men elles er det lite ekstrautstyr å velje mellom.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Gigabyte Aorus K7 er eit fint og enkelt tastatur i fullformat til ein relativt rimeleg penge. Programvara er det berre å gløyme, men det har for så vidt ikkje noko effekt på bruken av tastaturet. Makroar og slikt kan ein alltids bruke tredjepartsprogramvare for.

Litt vaklevorne tastar og mangel på dedikerte media- og makroknappar trekkjer ned karakteren ein del, men det er ikkje så mykje å klage på. Det er eit greitt tastatur for dei som er på budsjett. Eg ville nok heller gått for eit av HyperX sine tastatur i denne prisklassen, for marknadens billigaste fullformattastatur med Cherry MX Red-brytar er ifølgje Prisjakt HyperX Alloy FPS til 870 kroner, men K7 kan vere eit godt kjøp på sal.

Speler du mest spel der ein ikkje treng all verda av ekstrautstyr, slik som CS:GO, er gjerne K7 noko for deg.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

6
/10
Gigabyte Aorus K7
Rimeleg og greitt gamingtastatur.
Rimeleg
Solid konstruksjon
Gode brytarar
Lett og kompakt
Fin design med mykje RGB
Vaklevorne tastar
Ubrukeleg programvare
Basisnivå på utstyr

Siste fra forsiden