Anmeldelse

Iron Man

Blikkboks med jetmotor

Våpengeniet Tony Stark flyr mot skyene i jerndrakt for å øydeleggje sitt eige livsverk.

Det er ein ting som plagar meg med filmspel. Som regel er dei baserte på ein komande storfilm med ganske kjende skodespelarar i hovudrollene. Dette er eit problem. Ikkje berre fordi det gir utviklarane stramme rammer for å skape truverdige ansikt, men samtidig kjenner vi gjerne desse ansikta godt. Difor blir det lite rom for feil. Om ein feil skulle vise seg, blir den gjerne veldig tydeleg, og riv lett ned den illusjonen utviklarane prøvar å skape.

Trailer fra spillet

Vis større

Trailer: Iron Man #3

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • iron man


Det siste dømet på dette er Iron Man, der Gwyneth Paltrow ser ut som det mislukka forskingsprosjektet til ein plastisk kirurg, og Robert Downey Jr. har fått bollekinn. Noko han ikkje akkurat kan bli skulda for å ha i røyna.

Dette er ikkje nødvendigvis eit stort problem, men når kvart nivå i spelet blir både introdusert og avslutta med ein filmsekvens, blir det kjapt veldig tydeleg. Når ein prøvar å gjenskape ansikt vi har sett før, men ikkje får det til, ser det lett feil ut, og det blir vanskeleg å leve seg inn i spelet sidan dei ser unaturlege ut. Heldigvis er Robert Downey Jr. ein såpass dyktig skodespelar at ein likevel trur på han, noko som ikkje alltid er tilfelle for dei andre skodespelarane i spelet.

Utveklar Secret Level skal prise seg lukkelege for å ha fått Robert Downey Jr. til å gjenta rolla si som Tony Stark i spelet. Han gir spelet ein ekstra gnist. Dei arrogante replikkane han leverer frå seg osar av ein makelaus respekt for sitt eige sinn. Det er akkurat det spelet treng for å gi det ein heilt nødvendig «kul» faktor der du flyr over livlause landskap.

Å innsjå sine synder

Spelmatiseringa av Iron Man gir oss ikkje mykje bakgrunnsinfo. Vi blir kasta inn i spelet medan Tony Stark sit fanga i ei grotte, og kort tid etter får vi bryte oss ut frå grotta i prototypen av den nye kreasjonen hans: Jernmannen. Herfrå tek det ikkje lang tid før vi får gli mellom skyene, og bruke all den overlegne teknologien våpeneksperten Tony Stark har snikra saman.

Før han blei teken til fange tente Tony Stark seg søkkrik på å utvikle dei mest øydeleggjande våpna du kan tenkje deg. No har samvitet gripe han, og han har funne ut at han skal gjere slutt på sitt eige skaparverk. Kundane hans likar dette påfunnet svært dårleg, og bestemmer seg for å gå til krig. Mot han.

Dermed er det duka for enda eit slag mellom deg og røkla.

Det fungerer faktisk betre enn ein lett kan forvente frå filmspel. Du kan springe til lands, eller fly, og du har nokre svært effektive våpen til disposisjon i kampen mot dine fiendar. Arsenalet ditt er ikkje stort, men det er velgjort. Du har eit automatisk våpen du brukar for å plukke ned det meste, nokre rakettar, og ein kraftig stråle du treng litt tid på å lade opp. I tillegg til dette kan du bruke rå makt, men dette tek for lang tid til å kunne kallast effektivt. Etter kvart vil du få visse variasjonar på desse alternativa. Du tener pengar for kvart nivå, og med desse kan du oppgradere alt frå våpen og jetmotorar, til sjølve drakta Tony Stark kler på seg.

Når du først oppgraderer noko, vil du få tilgang på forskjellege variasjonar av eitt og same våpen. Til dømes kan du velje om rakettane skal søkje seg inn mot målet du har i sikte, eller om dei berre skal spreie seg over eit område med stor kraft. Det same gjeld for automatvåpenet, der du kan velje mellom eit balansert våpen, eit våpen med stor vekt på skade, eller eit våpen med rask avfyring. Akkurat dette får faktisk ganske mykje å seie.

Om du kjempar mot mange raske fly, vil det til dømes bli meiningslaust å skyte med eit tregt og kraftig våpen. Kanskje treff du, men så treff du berre med eit skot. Om du heller vel ei justering som let deg avfyre mange salver i eit høgt tempo, vil du lettare ta ned fienden. Det heile er veldig enkelt, men det fungerer. Det blir samtidig forsterka av eit enkelt system der du kan leie ekstra energi til våpen, fysisk kraft, fart eller skjold.

Ein makanisk supermann

For det meste glir du høgt oppe i lufta, siktar deg inn mot forskjellege mål på bakken, og ser eksplosjonane frå trygg avstand. Trygt er det likevel ikkje. På bakken finn vi ei solid mengde med artilleri spesialdesigna for å plukke ned flygande truslar. I lufta finn vi både fly og helikopter som gjerne skyt ein rakett opp i rumpa di.

Det er her det første verkelege problemet med spelet oppstår. Flya kan bli ein heilt makelaus irritasjon. For det første flyr dei kjapt forbi deg, og er ikkje alltid like lette å få auge på før dei er ute av rekkevidda di. For det andre er det tidvis så mange av dei at du må halde deg oppe mot ein konstant regnskur av rakettar. Samtidig er du nøydt til å halde deg høgt oppe i lufta for å ta dei, sidan dei elles er for langt unna til at du kan skade dei.

Du har ikkje uendeleg med helse, så resultatet blir kjapt at du fell som ei kule mot bakken. Om dette skulle skje, vil du miste eit av dei fire liva dine. Mistar du alle, vil du måtta starte nivået frå byrjinga. Det spelar inga rolle kor godt du var på veg, vi finn ingen sjekkpunkt, og ikkje noko lagringssystem heller. Det heile kokar diverre saman til slapp og lite gjennomtenkt nivådesign. Vi får ei rekke opne område som let deg gjere ting delvis i den rekkefølgja du skulle ynskje, men utfordringa er på heilt feil premissar. I staden for å spele smart, kjem det heile an på kor flink du er til å dukke unna det enorme talet med rakettar.

Alternativet kan vere å skru ned vanskegrada. Dette gjer faktisk spelet mykje meir underhaldande. Det er lett som fy, men kjensla over å vere jernmannen, og å ha overlegen våpenteknologi i fingertuppane, er der i mykje større grad enn på normal vanskegrad eller hardare. Problemet er at du glatt rundar spelet på tre timar, noko som er patetisk dårleg for eit spel, uansett sjanger.

Hastverksarbeid

Iron Man er generelt sett sterkt prega av mange gode idear som ikkje har blitt utprøvd nok før det ferdige produktet blei sendt i trykken. Til dømes kan du – medan du svevar i lufta – gripe ein rakett for å returnere den til avsendaren. Kult nok det, i teorien, men i praksis fungerer det ikkje. Mest av alt sidan det er håplaust vanskeleg å få tak på rakettane. Sjansen er stor for at du har blitt bombardert av fire-fem stykk før du har tak i ein. Har du først greidd å få ein i hende, er det lettare sagt enn gjort å sende den tilbake. Du har ingen god måte å velje kven du vil sende den på, og som regel flyg den rett mot bakken, eller ut i stratosfæren. Då er det like greitt å heller bruke tida på å prøva å utmanøvrere dei, du har større sjanse for å overleve på den måten.

Sjølv om det er mange ting med Iron Man som sviktar, er det likevel ein merkbar underhaldningsfaktor her. Å fly over dei store områda, trass i kor livlause dei er, er faktisk ganske moro. Du skyt ned den eine stridsvogna etter den andre, sender rakettar, og lagar generelt sett kaos. Det er på ingen måte noko nyskapande over det, men det fungerer. Det er enkel moro, og om det er enkel moro du vil ha, så får du det her. Du bør berre vere klar over at det aldri blir noko meir enn enkel moro.

Konklusjon

Iron Man er eigentleg akkurat det vi kan forvente. Det er eit spel som med god tid og eit fornuftig budsjett kunne ha blitt temmeleg godt. Potensialet i kva Silent Level prøvar å få til er tydeleg, dei har berre feila på nokre essensielle ting. Om utviklaren hadde justert vanskegrada til noko som motiverer deg, og samtidig gitt spelet litt levetid, hadde det gjort mykje for å auke underhaldningsfaktoren. Spelet er eit veldig uoriginalt action-eventyr, men det at vi får fly gjennom lufta let oss sjå og erfare ting frå ein litt anna vinkel enn kva vi for det meste er vande med. Dette er vel eigentleg det viktigaste plusspoenget til Iron Man, og om det er nok for deg, vil du kunne finne underhaldning her.

Siste fra forsiden