Anmeldelse

Lego Indiana Jones: The Original Adventures

Sjarmerande leikegrind

Lego Indiana Jones maktar å vere både moro, sosialt og frustrerande.

Lego Star Wars-spela har i dei siste åra vore spelverdas sjarmklump, med morosame og kreative vridningar på historie, spelbarheit og grafikk. Etter at alle Star Wars-filmane hadde vorte legofiserte trengte Traveller's Tales ein ny lisens å leike seg med. Det naturlige valget vart Indiana Jones. No som den fjerde filmen går sin sigersgang på kino, kjem òg Lego-spelet, klar til å sjarmere atter ein gong.

Trailer for Lego Indiana Jones

Vis større

Trailer: LEGO Indiana Jones: The Original Adventures #2

Stikkord:
  • action
  • xbox 360
  • playstation 3
  • plattform
  • lego
  • indiana jones
  • lego indiana jones
  • the original adventures


Latterbombe

Det som alltid var fordelen til Lego Star Wars-spela var at dei hadde absolutt suverent originalmateriale å jobbe utifrå. Sidan Indiana Jones heller ikkje er eit dårlig namn å ha på boksen, held Traveller's Tales seg til det dei kan frå før: humor. Stort sett alle dei minneverdige augneblinka frå Indiana Jones-trilogien har blitt omgjort til fantastiske mellomsekvensar. Den uskuldige humoren vi ser i desse småfilmane med gryntande og stønnande legofigurar er noko av det mest sjarmerande og morosame eg har sett i noke spel i år. Ein stor glede for alle Indiana Jones-entusiastar.

Uheldigvis held ikkje resten av spelet like høg kvalitet. Det som irriterte meg mest i byrjinga var kontrollane, som kjennest ganske unøyaktige og vinglete. Spesielt i plattformdelane av spelet merkast dette godt. Du bør vere forberedt på å sjå lille Indy knuse til tusen bitar fleire gonger etter skeive hopp. At kameraet er låst hjelper heller ikkje, sidan det ofte stiller seg i ein lite gunstig posisjon når du vil ta eit viktig hopp.

Reinkarnasjon

Sjølv om du døyr i hytt og gevær er dette eigentlig ikkje så farlig. Figuren din har nemlig uendelig antall liv. Kvar gong du feilbedømmer eit hopp eller kastar deg inn i kjeften til ei krokodille og døyr, dukkar du opp igjen få sekund seinare utan ei skramme. Det einaste som skjer når du mistar all helse er at du får ein «Sonic-effekt» der alle myntane du har samla saman i løpet av brettets gang, fyk til alle kantar. Desse myntane kan eigentlig berre brukast til å kjøpe ekstra innhald til figurane dine, som klede, så eg verdsatte aldri denne valutaen så altfor høgt.

Den legendariske steinscena - no i lego.

Udødeligheita var ein del av Lego Star Wars eg aldri klarte å like. Eg følte at det fjerna utfordring frå spelet, men etter å ha spelt Lego Indiana Jones har eg forandra meining. Det er eigentlig heilt greitt å ikkje kunne døy. Ein vert aldri stoppa midt i eit brett og tvungen til å gå tilbake fem minutt til forrige lagringspunkt. Det er faktisk befriande å spele eit spel der ein ikkje må følgje med på helsemeteret heile tida.

Førsteinntrykket mitt av Lego Indiana Jones var likevel at det var relativt kjedelig. Mest fordi bretta var gjentakande og uengasjerande. Stort sett alle nivå frå den første filmen var søvndyssande, og det er nok her ein del spelarar kjem til å gi opp. Dei som er litt tolmodige kjem imidlertid til å bli belønna, for når ein kjem til andre film, tek spelet seg opp. Det blir betre, ikkje berre når det gjeld brettoppbygning, men óg utfordringsmessig.

Gjentakande kamp

Lego Indiana Jones er stort sett bygd opp av to ting: kamp og oppgåveløysing. Kampane går for det meste ut på å finne eit våpen frå bakken, eller bruke pisk og knyttnevar til å meie ned fiendar i hopetal. Indy sin pisk fungerer relativt dårlig som våpen forøvrig, sidan den er treg og er best brukt til å vise fram kule animasjonar. Kampane blir kjedelige etter kort tid, då du stort sett berre hamrar på angrepsknappen og det ikkje er så farlig om du døyr. Som med dei aller fleste ting i spelverda er det sjeldan gøy å gjere det same om igjen og om igjen.

Indy i jungelen.

Noko som er forandra til det betre frå Lego Star Wars-spela er at du denne gongen ikkje er ein slave som må adlyde bretta sine lover, du kan manipulere miljøa. Stort sett alle objekt kan knusast i kampens hete og du kan óg plukke opp alt frå flasker til spyd og kaste dei på fiendane dine, eller gi dei eit godt slag over hovudet.

Det er liten tvil om at Traveller's Tales har prøvd å lage eit spel som engasjerer barn, så vel som vaksne. Spesielt oppgåveløysinga bærer preg av å vere smidd med eit bredt aldersspekter i tankane. Stort sett heile første halvdel av spelet går ut på å finne nøklar eller kassar med legobitar som ein skal bruke for å komme seg vidare. Dette kan lett støte vekk eldre personar som leitar etter meir utfordringar i spela sine. Men når oppgåvene vert meir spanande og utfordrande utover i spelet, kan også eldre spelarar få mykje moro i denne legoverda.

Genial fleirspelar

Frå starten av er spelet bygd slik at du alltid har med deg ein ekstra figur på reisa, henta rett utifrå filmane. Desse kan hjelpe deg å åpne dører, løyse gåter eller drive tilbake fiendar i kamp. Uheldigvis kan ikkje den kunstige intelligensen i dette spelet skilje åske frå kaffipulver og dette gjer nokre oppgåver i spelet nær umulig å utføre om intelligensen må ta del. Ein står i fare for å sitte i mange minutt før maskina endelig gjer det du vil at den skal gjere.

Samarbeid er viktig.

Heldigvis har du valget å ikkje spele åleine. Inkludert i spelet er nemlig støtte for at to personar kan spele på ei maskin, både på Xbox 360 og PC. Eit genialt påfunn rett og slett, som eg syns slår Army of Two kortid som helst når det kjem til underhaldning. Når som helst i eit brett kan ein kamerat komme inn, slå på den andre kontrollaren og ta over styringa av den ekstra figuren du har med deg. Underhaldningsverdien vart mangedobla då eg fekk eit individ med hjerne inn i rommet, slik at eg faktisk kunne spele spelet slik det var meint.

Konklusjon

Hardkokte Indiana Jones-tilhengjarar kjem utan tvil til å finne mykje verdi i dette spelet. Mellomsekvensane åleine er ein svært god grunn til å prøve det, berre for å sjå dei humoristiske tolkingane av Indiana Jones-serien. Likevel bør ein tenke seg om. Er du villig til å oversjå svake kontrollar, ei kjedelig byrjing og repeterande kampar? For meg er dette eit spel som underheld i små dosar. Det kan vere vanvittig morosamt eit augeblink og svært kjedelig få sekund seinare.

Likevel, den suverene fleirspelaren løfter spelet svært høgt og så lenge du har ein venn, kjæreste eller barn å spele dette spelet med, bør du ikkje vere redd for å ha det kjedelig.

Siste fra forsiden