Anmeldelse

Locoroco 2

Det er få spel som kan få deg i godt humør så lett som Locoroco. Med spel nummer to i den absurde serien klart for folket, herskar det liten til ingen tvil om kva som er i vente. Her er eit nytt sett med absurde og fargerike verder, der song og glede står i sentrum.

Locoroco 2 har ei historie, men eg vil ikkje ein gong prøve å tolke den. Det gir ikkje meining med mindre du går på eit eller anna som garantert ikkje er bra for deg. Dei runde Locoroco-ballane fniser og ler i ein kvar livsfarleg situasjon. og det gir ikkje meining. Ein ting er i alle fall sikkert: Mørke skyer har lagt seg over Locoroco-land, og dei minst like mørke Moja-skapningane er her for å lage bråk. I motsetning til Locorocoane som gjerne syng glade songar, er desse svarte og hårete ballane litt røffare og rocka i tonen. Nifse greier altså.

Ta din ball og la den rulle

Oppskrifta er like enkel som i det første spelet, og basisen er uforandra. Du startar kvart brett med ein liten Locoroco, og denne må du – ved å vippe skjermen med ryggknappane – få frå start til mål. Ved å ete frukter, vil ballen vakse seg til å innehalde ein ekstra Locoroco, til eit maksimalt nivå på tjue stykk.

Dette sørgjer for at den vesle ballen du starta med, gradvis veks seg stor og feit. Samtidig vil du leggje merke til korleis songstemmene heile tida er i endring. Locorocoane syng, kvar og ein av dei. Som små ballar syng dei med tynne lyse stemmer, og når dei gror saman til svære ballar, blir stemma djupare. Sjølv om det framleis eigentleg berre er ein djup versjon av små pip.

Når Locorocane samlar seg til ein tjukk ball, byr dette på utfordringar i seg sjølv: Dei kjem ikkje gjennom alle sprekkar og hol bretta byr på. Løysinga her er å slå ballen med eit lyn, noko som deler den opp i så mange individuelle Locorocoar som ballen inneheld. Elementært altså, og dette har Sony på ein eller anna sær måte prestert å koke saman til eit spel som på ein makelaus måte kan spreie sol, varme og glede til kalde vinterkveldar.

Uavhengig av kor stor ballen skulle vere, vil du møte mange forskjellige utfordringar på din veg gjennom bretta. Det er enormt mange skjulte vegar å gå, og du skal vere banalt dyktig om du finn alle på første forsøk. Mange av dei ligg skjult bak veggar, medan andre berre kan nåast ved å bli sugd inn i små hol, eller ved at du har nok Locorocoar i ballen din til å handtere ein gitt situasjon. Andre situasjonar krev ekstrem presisjon der du må få opp farten nok til at du kan ta eit eksepsjonelt hopp.

Tilgjevande utfordring

Spenstige hopp er aldri farleg. Om du bommar på målet og fell, kan du vere trygg på at ein vind vil dra deg tilbake på trygg grunn. Den einaste måten du kan døy på, er om du skulle gå tom for Locorocoar, noko som kan skje i møte med mindre hyggelege okkupantar i Locoroco-verda. Du kan til dømes støyte på planter som piskar deg med tunga, svarte piggar, eller blå gnomar som kastar økser. Skulle uhellet vere ute, må du ofte innsjå at nokre av dine hardt innsamla Locorocoar er borte. Du kan hente tapte Locorocoar inn igjen, men du skal vere rask, og den utfordrande geometrien på bretta kan gjere det temmeleg vanskeleg.

Alle bretta er svært forskjellige i stil og form, og du vil alltid kunne gå tilbake for å finne noko nytt. Det er fleire farlege utfordringar enn i det første Locoroco-spelet, noko som heilskapleg sett gjer Locoroco 2 til eit vanskelegare spel. Det er til dømes mange fleire utfordringar der det å hoppe ikkje er nok. Nokre gongar må du svinge deg i lianar, la merkelege fuglar skyte deg gjennom lufta, eller du kan bli tvungen til å ta ein symjetur. Det siste alternativet kan bli eksepsjonelt frustrerande, sidan kontrollen din over Locoroco-ballen er ganske utfordrande samanlikna med elles i spelet.

Her ligg eigentleg mykje av kjernen til kva som gjer Locoroco 2 så vellukka. Du ikkje greie alt på eit brett. Dette er fullstendig opp til deg. Du kan spele gjennom heile spelet som ein torpedo om du vil, men om du vil ha det ekstra moro, kan du spele gjennom bretta fleire gongar for å maksimere utbyttet ditt. Bretta er skjulte med eit tonn gøymde bonusar for den som har nok innsatsvilje. Du kan blant anna finne forskjellige gjenstandar, klistremerker og bær som alle har sine funksjonar utanfor bretta.

Bygg deg eit hus

Ein av desse funksjonane er Muimui-huset. Muimui er eit lite folkeslag som lev inni det som mest av alt minnar om ei nepe. Dei er små og grå, og i likskap med Locorocoane likar dei å syngje. I starten er det få av dei i huset, men du kan finne fleire av dei på dei forskjellige bretta. Prosjektet ditt blir både å samle fleire av Muimui-folket, og i tillegg byggje opp huset deira. Ved å finne gjenstandar på bretta kan du byggje nye rom, nytt møblement, samt ein kanon slik at dei kan forsvare seg mot nokre eldraude inntrengjarar som ikkje vil nokon noko godt.

Den uendelege sjarmen slår til her òg. Muimui-folket syng og er glade, klappar i takt, vandrar fram og tilbake, og kosar seg med det du byggjer for dei. Skulle du ha bygd ein gitar, vil dei i tillegg slengje på litt klimpring medan dei syng. Det er så ufatteleg søtt, at du skal vere temmeleg kaldblodig om du ikkje strekkjer på smilebandet.

Klistremerka kan du bruke til å fylle opp forskjellige kort. Desse har ikkje nokon utprega funksjon, og det blir eigentleg ganske tamt samanlikna med alle dei andre tinga spelet byr på. Bæra på si side kjem godt med i forskjellige situasjonar. Du treng dei for å byggje gjenstandar til Muimui-huset, i tillegg til at visse utfordringar kostar ein sum bær. Du kan ta del i alt frå Locoroco-løp, til å klubbe meitemarkar i hovudet.

Den grafiske stilen er heilt lik det første spelet, og det går i sterke fargar og runde former. Det heile er som henta rett ut av ei bildebok for små born, og saman med den morosame musikken skapar det ei stemning som er totalt forskjellig frå så godt som alt anna du kan ta henda dine i. Du kan i tillegg finne ny Locorocoar i forskjellige fargar. Om du vel å spele med dei, vil musikken forandre seg. Grunnmelodien er den same, men Locorocoane vil syngje med andre stemmer, og forandre inntrykket. Svarte Locorocoar kjem med James Brown-inspirert funk inn i miksen, medan rosa gir oss smørglatt pop.

Konklusjon

Locoroco 2 gir oss meir av det gamle, utan at dette på nokon måte er negativt. Sony har funne ei oppskrift som verkeleg fungerer, og med Locoroco 2 har dei utvida den til å inkludere fleire utfordringar på bretta, samt gi oss fleire ting å sysle med mellom dei. Det er eit fargerikt og artig spel som snur opp ned på plattformsjangeren og gir oss noko herleg og annleis. Sjølv om spelet stort sett oppfører seg identisk med det første spelet, er det likevel friskt og innbydande, og absolutt verdt tida di.

Du kan lett bli frustrert over vanskelege situasjonar, men aldri i så sterk grad at du blir lei. Locoroco 2 frir til deg med flotte fargar og sjarmerande songar, og får deg til å kome tilbake igjen, og igjen. Kort og godt går du aldri lei.

Vurdering


Locoroco 2 PSP PSP 8/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 26. november 2008
  • Plattform: PlayStation Portable
  • Utgiver: SCEE
  • Utvikler: SCEE

Kommentarer (15)

Forsiden akkurat nå

Til toppen