Ny rekord for Star Citizen

Romsimulatoren har håva inn nesten 240 millionar kroner.

Elsk det eller hat det, men folkefinansiering er her for å bli. Det sterkaste dømet på dette er romskipsimulatorspelet Star Citizen som har håva inn astronomiske summar. I september hadde dei samla inn vanvittige 120 millionar kroner, og no, eit halvt år seinare har dei nesten dobla den summen.

I det ferskaste brevet frå Star Citizen-sjef Chris Roberts kan vi lese at utviklarane no har nådd målet på 40 millionar dollar, noko som er hakket under 240 millionar norske kroner. Dette er milevis framfor alle andre spel som blir finansierte gjennom kronerulling, og Roberts kommenterer i brevet sitt at han ikkje er så sikker på om romsimulatorar er så nisje som enkelte vil ha det til.

Kan få interaktivt leksikon

Star Citizen vil la deg utforske verdsrommet.
Cloud Imperium Games

Ved å nå 40 millionar dollar vil spelet få to nye solsystem, men enda meir interessant er kva som skjer om kronerullinga når målet på 42 millionar dollar. Dette talet er velkjent for alle som har lest Haikerens Guide til Galaksen, og sterkt inspirert av boka til Douglas Adams vil Roberts og teamet hans utvide og forbetre eit massivt leksikon med informasjon om alt i spelet.

Dette leksikonet får namnet Galactapedia og vil vere langt meir enn berre eit oppslagsverk. Det vil bli ein interaktiv del av spelet som vil reagere på det som skjer i verda, når det skjer. Om du til dømes skulle klare å ta knekken på ein viktig figur i spelet, kan namnet ditt for all ettertid ende opp her. Roberts håpar at det å få namnet sitt i Galactapedia vil bli eit mål for mange spelarar.

Sjølv om Star Citizen held fram med å håve inn pengar er det ikkje fritt for kritiske røyster. Vi har fått sjå veldig lite frå spelet, og sjølv med eit budsjett som tangerer fleire storproduksjonar frå dei største spelselskapa, samt eit team på over 200 utviklarar, har dei så langt berre vist fram ein hangarmodul.

Teamet til Wing Commander-skapar Chris Roberts har likevel tid på seg til å innfri, sidan spelet ikkje skal lanserast før neste år.

Star Citizen er ikkje det einaste romskipspelet vi har i vente. Til sommaren kjem Space Noir, medan EVE Online-utviklarane jobbar med romkampspelet EVE Valkyrie.

Siste fra forsiden