Sniktitt Uncharted 4: A Thief's End

(Bilde: Naughty Dog)

Actionsekvensar og ei historieforteljing som får det meste anna til å bleikne

Naughty Dog ser ut til å overgå seg sjølve med Uncharted 4.

LOS ANGELES (Gamer.no): Om Nathan Drake kjem levande ut av sitt komande og siste eventyr gjenstår å sjå. Om ein skal døme etter dei halsbrekkande stunta han utfører hengjande frå eit tau, daskande langs gjørmete vegar etter ein bil som køyre mange kilometer i timen for fort, er det godt jobba om han har eit einaste heilt bein igjen i kroppen.

Sjansen er stor for at du fekk med deg Uncharted 4s imponerande gameplay-demo under Sonys E3-pressekonferanse, og det var ein forlenga variant av denne sekvensen vi fekk presentert på messegolvet. Nathan og Sully skal prøve å redde Nathans lenge forsvunne bror, og det sender oss naturlegvis på rallytur ned gjennom gatene i ein soltørr by.

Ein kan ikkje akkurat klandre Nathan og Sully for å ha respekt for menneskeliv, hus og heim der dei rullar gjennom salsboder og intetanande sivile, men det hadde kanskje vore hakket for mykje å be om når radarparet har eit pansra køyrety i baken.

Galskapen lenge leve

Ikkje ein gong Uncharted er fritt for fotobombing.
Ikkje ein gong Uncharted er fritt for fotobombing. Bilde: Naughty Dog

Uncharted 4: A Thief's End er, som forventa, banalt lekkert. Det er få, om nokon, som kan hamle opp med det Naughty Dog leverer, og i det vi har sett frå spelet overgår dei igjen seg sjølve. Å sjå Uncharted 4 bli spelt får det til å framstå som noko heilt anna enn eit spel. Det er som å sjå ein film. Det heile er meisterleg lyssett, kameravinklane skiftar som i ein actionfilm, og dramatikken er på eit absurd nivå. Den konstante kjeftinga mellom Nathan Drake og kven han måtte vere i nærleiken av skapar samtidig ei nerve spelet hadde vore langt fattigare utan.

Det heile byrjar med at Nathan og Sully tek seg gjennom ei folketung gate berre for å møte på dette spelets rivalar. Det som følgjer er ein heftig actionsekvens som blant anna demonstrerer korleis miljøa no kan øydeleggjast i stor grad, men det er likevel noko som for meg skurrar når ein såkalla helt tek seg gjennom ei folkemengd på såpass dødeleg vis.

Greit nok, vi blir jaga av ei panservogn, men da Nathan i ei roleg stund tek seg tid til å beklage at han dultar borti nokon, hadde det ikkje gjort noko om han òg hadde ropt til folk om å kome seg unna når helvete bryt laust.

Vidare hiv Nathan og Sully seg inn i ein jeep og set utfor byens bratte gater. Det som kanskje ikkje kom godt fram under Sonys pressekonferanse, er at du i denne køyresekvensen vil vere ganske fri til å stake din eigen kurs. Heile byen er designa for at du skal kunne kome deg unna bastardane som ligg  hælane på deg – så lenge du passar på å heile tida køyre nedover.

Det heile kan til dels samanliknast med utforkøyring i svært ulendt terreng. Så lenge du svingar unna ting som kjem i vegen, når du målet til slutt. Slikt vil òg gjere seg gjeldande elles i spelet, og utviklarane har eit mål om å lage eit spel der å bomme ikkje nødvendigs betyr nederlag, men i staden at du må gjere noko anna.

Denne sekvensen var derimot berre opptakta til moroa, og kvifor Naughty Dog valde å vise dette i staden for sekvensen som kom etterpå er for meg eit mysterium.

Korleis er denne mannen framleis i live?
Korleis er denne mannen framleis i live? Bilde: Naughty Dog

Gjørmedans

E3-demoen på Sonys pressekonferanse slutta med at Nathan brukte ei gripeklo for å hekte seg på ein diger kjerre. Dette er opptakta til ein av dei mest banale actionsekvensane eg har sett i eit spel nokon gong. Du har nok sett ein westernfilm der ein stakkars cowboy blir hengjande og dingle etter ein hest, og dette var omlag same greia, om ein skrur det heile opp til elleve.

Nathan blir brutalt dratt gjennom gjørma og alt anna som skulle kome i vegen, medan han skyt ned den eine fienden etter den andre, før han klatrar seg opp på kjerra, likviderer alle han finn der, og held fram med å avrette alt som skulle kome for nær.

For å vere ein pensjonert eventyrar er Nathan Drake i imponerande god form.

Du har kanskje sett Mad Max: Fury Road, og denne sekvensen i Uncharted 4 gav meg noko av den same kjensla som den filmen, om enn i noko mindre skala. Det er eksplosiv og bombastisk action i eit nådelaust tempo. Strengt tatt var det så latterleg at ein berre må like det. Det er ikkje berre dei faktiske hendingane som gjer denne sekvensen bra. Det er samansetninga av dramaturgi, kroppsspråk, og når og korleis nye fiendar dukkar opp i biletet som saman skapar eit scenario som nesten er slitsamt å vere vitne til.

Me Taran, you Jane.
Me Tarzan, you Jane. Bilde: Naughty Dog

Spørsmålet eg ikkje kan unngå å stille meg er om noko slikt er mogleg å overgå i resten av spelt, eller om Naughty Dog har enda kraftigare skyts på lager.

Konklusjon

Om vi skal lytte til Naughty Dog blir Uncharted 4: A Thief's End det siste spelet om Nathan Drake. Det er ingen tvil om at utviklarane vil gripe denne sjansen til å skru saman eit absurd, intenst og overdådig eventyr. Gjennom ein enkelt sekves har dei demonstrert at spelet utan tvil framleis vil by på noko av bransjens beste historieforteljing, og actionsekvensar som får det meste anna til å bleikne.

Det er så storslagent og langt ute på viddene at ein nesten kan bli ør. Men det er nettopp dette som er så bra med spel. Vi kan få slike opplevingar som bryt med all sunn fornuft, og leverer pur underhaldning utan kompromiss.

Personleg er eg likevel mest spent på om Naughty Dog vil knyte historia og actionsekvensane betre saman enn dei har gjort før. Det er ikkje mykje tvil om at den rappkjefta kjekkasen Nathan Drake er ei av spelverdas mest effektive drapsmaskiner, og det hadde ikkje gjort meg noko om han eller folka rundt han hadde bemerka at det å setje i gong ein kuleballett midt i ein folketung marknadsplass, kanskje ikkje er den beste ideen.

Uncharted-filmen blir en sommerblockbuster i 2016:
Sony har spikret en dato for filmatiseringen av spillserien »

Uncharted 4: A Thief's End PS4 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. mai 2016
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utvikler: Naughty Dog

Beste priser

På lager 398,- Til butikk
På lager 398,- Til butikk
Ikke på lager 398,- Til butikk
På lager 399,- Til butikk

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen