Absurd produktlansering frå ASUS

ASUS vil selje gulldekka skjermkort til 110.000 kroner. Marknadsføringa er av det svevande slaget.

Asus

Om du syns Nvidia RTX 5090 sin startpris på i underkant av 30.000 kroner er for lite, kjem ASUS no som ein reddande engel for dei som ønsker å kaste pengar ut vindauget.

Søkkrike sjeikar i Midt-Austen kan no kjøpe ASUS ROG Astral GeForce RTX 5090 Dhahab OC Edition, eit skjermkort dekka av ekte gull.

Videocardz.com melder at prisen ligg på alt frå 6700 til 10.600 dollar i ulike land - altså frå rundt 70.000 kroner til nærmare 110.000 kroner.

Hos Emiratene-butikken Venom Gaming ligg det ute til 112.000 kroner.

ASUS kallar skjermkortet «ei feiring av den raske utviklinga av Midt-Austen, med ei unik skyline-silhuett som symboliserer overgangen frå sanda til himmelen».

Akkurat, ja.

Det er brukt 6,5 gram gull på produktet, visstnok.

I skrivande stund er Gigabyte Aorus RTX 5090 Xtreme Waterforce det dyraste RTX 5090-skjermkortet til sals i Noreg. Det kostar 46.000 kroner.

Ikkje noko gull der, men i det minste får du med ein vasskjølar og nokre RGB-greier.

ASUS ROG Astral GeForce RTX 5090 Dhahab OC Edition blir ikkje lansert utanfor Midt-Austen.

Siste fra forsiden