Actionorgie frå Call of Duty-veteranar

Nytt Kickstarter-prosjekt vil blande Double Dragon med Gradius.

Har du nokon gong næra eit slikt hat for nokon at du vil ta det med deg i kva som no enn måtte skje etter døden? Dette er utgangspunktet for actionspelet To the Death. I dette spelet tek du på deg rolla som ein av to mektige krigarar som sjølv etter døden kjempar mot kvarandre. Du får sjå historia frå begge sider av konflikten, og der du i rolla som den eine vil reise frå høgre av side av skjermen mot den venstre, vil du som den andre krigaren gjere det motsette. Til slutt møtest dei to.

To the Death blei kunngjort gjennom ein Kickstarter-kampanje, og er inspirert av klassiske actionspel som dei sideskrollande slåssespela i Double Dragon-serien, samt hektiske skytespel som Gradius og R-Type. Spelet vil ikkje overraskande bli sideskrollande, og du vil kunne veksle mellom skyting og nærkamp. Utviklarane lovar fri rørsle i 360 grader, og eit mylder av fiendar du kan filleriste.

Variert fleirspelarmodus

Skjermbilete frå To the Death.

To the Death vil by på fleire ulike fleirspelarmodusar. Du vil kunne spele saman med ein ven for å slakte bølgjer med fiendar, men spelet har eit enda større fokus på rivaliseringa mellom dei to hovudpersonane. Du kan spele mot ein ven der de kvar for dykk må kome dykk gjennom fleire nivå fulle av fiendar, før de begge må ta ned ein massiv hovudfiende, og til slutt kan hakke kvarandre til fillebitar.

Eit alternativ til denne modusen er speling på delt skjerm. Her vil begge spelarane kunne sjå kvarandre til ei kvar tid, og såleis vite nøyaktig kva dei har i vente. Spelet vil by på mange ulike oppgraderingar og eigenskapar, og ved å heile tida vite kva den andre spelaren gjer, kan du kontre kva han eller ho gjer.

To the Death blir hovudsakleg utvikla av Todd Alderman og Francesco Gigliotti som tidlegare har jobba både for Call of Duty-studioet Infinity Ward, før dei blei med fleire andre Infinity Ward-avhopparar over til Titanfall-studioet Respawn Entertainment. No har dei alliert seg med Cecil Him som i sine ti år hos Santa Monica Studios var viktig i utviklinga av den visuelle stilen til God of War-serien.

Spelet er i første omgang planlagt for Windows, Mac og Linux, og vil om alt går etter planen lanserast til våren neste år. Får teamet inn nok pengar vil dei lage spelet for PlayStation 4 og PS Vita, men først må dei nå målet på 400 000 dollar.

Om du lurer på korleis det har gått med andre Kickstarter-prosjekt kan du ta ein kikk på våre tankar om Broken Age og The Banner Saga.

Siste fra forsiden