AMD får kjeft for kontroversiell skjermkortlansering

Både spelarar og testarar er frustrerte.

AMD

Skjermkort med 8 GB videominne er ikkje spesielt godt rigga for framtida. Spel krev stadig meir videominne for å yte, men speler du berre Counter-Strike i 1080p, kan det kanskje spare deg for nokre kroner.

Det har både Nvidia og AMD tenkt med lanseringane av RTX 5060 Ti og RX 9060 XT.

Begge produkta kjem i versjonar med enten 8 GB eller 16 GB videominne. AMD lanserer sine RX 9060 XT 5. juni, og får no gjennomgå på sosiale medium om lanseringa.

AMDs Frank Azor skriv på X at «majoriteten» av spelarar framleis speler i 1080p, og at dei derfor ikkje har bruk for meir enn 8 GB videominne.

– Dei mest spelte spela, verda rundt, er e-sportspel. Me ville ikkje laga det om det ikkje var ein marknad for det, skriv Azor.

Det at begge versjonane, altså både den med 8 GB og 16 GB videominne, har same namn, møter kritikk.

AMD minner om at det er det same skjermkortet, men berre med ulikt videominne. Fleire av dei store testsidene meiner det lett kan forvirre forbrukarane.

Blant anna skriv Hardware Unboxed at denne praksisen finst for at dei som lagar ferdigbygde PC-ar skal mjølke forbrukaren for mest mogleg pengar.

Videocardz.com melde om debatten først.

Siste fra forsiden