AMD RX 6000-serien

AMD kan slå RTX 3090 for nesten 5000 kr mindre

AMD løfta sløret frå den nye skjermkort-serien deira.

Onsdag kveld presenterte AMD-direktør Lisa Su dei nye skjermkorta frå AMD. Det har vore store forventningar til Big Navi-lanseringa, spesielt då produsenten har vist tal frå speltestar der RX 6000-serien slår Nvidia sitt RTX 3080-skjermkort i 4K i Borderlands 3.

Det var venta at AMD skulle vise fram RX 6800 og RX 6800XT i kveld, som sannsynlegvis blir direkte konkurrentar av RTX 3070 og RTX 3080. Dei komande skjermkorta er basert på RDNA 2-arkitekturen til AMD.

Det byrjar å bli lenge sidan Nvidia har hatt konkurranse i dei øvste prisklassane når det kjem til gamingskjermkort. På grunn av særs tynne lagerbehaldningar av RTX 3080 og RTX 3090 har AMD no ein reell sjanse til å snappe opp ein del av kundebasen til det grøne laget.

De kan lese vår test av RTX 3080 her, og følgje med på Gamer.no klokka 14.00 i morgon for ein test av RTX 3070.

Satsar på energieffektivitet

Energieffektivitet har vore eit overordna mål for Big Navi, som har snudd situasjonen litt opp mot Nvidia. For to generasjonar sidan var AMD notorisk for høge temperaturar og straumkrav, men no har dei gjort mykje for å ta igjen forspranget.

Ampere-korta til Nvidia har no høgare straumkrav enn det dei nye AMD-skjermkorta har.

– Dette er utan tvil det kraftigaste spelskjermkortet me har laga, sa Lisa Su i introduksjonen til pressekonferansen.

RX 6000-serien får støtte for maskinvarebasert strålesporing, liknande det Nvidia har på Ampere- og Turing-korta sine. AMD melder òg at dei er godt i gang med RDNA 3, den neste generasjonen.

Til kamp mot RTX 3080

4K: Slik skal RX 6800XT klare seg i 4K.
AMD

Det første skjermkortet AMD viste fram for kvelden var RX 6800XT. Dette er rekna på bruk i 4K og under, og får 16 GB med GDDR6 videominne, boostklokkehastigheit på 2250 MHz og straumforbruk på 300 watt.

Ein bør alltid ta benchmarktestar frå produsentane med ei klype salt, men RX 6800XT skal ifølgje AMD klare 88 FPS i Shadow of the Tomb Raider i 4K, som er seks prosent over det me har testa RTX 3080 til. Og 63 FPS i Borderlands 3 er i så fall fem prosent kjappare enn RTX 3080, sett at dei har brukt det innebygde benchmark-verktøyet.

Dette er nesten på linje med RTX 3090, eit skjermkort til 17.000 kroner.

Les også
Test: Gigabyte RTX 3050 Gaming OC 

RX 6800XT blir lansert 18. november, med ein prislapp på 649 dollar. Det er 50 dollar mindre enn lanseringsprisen til RTX 3080.

AMD lanserer òg eit verktøy for overklokking, som dei kallar Rage Mode. Med dette kan ein overklokke skjermkortet med eitt klikk, og tyne ut litt ekstra yting.

Nytt mellomklassekort

Ikkje overraskande viste AMD òg fram RX 6800, eit litt rimelegare kort som skal slå Nvidia sitt RTX 2080 Ti i spelyting.

2080 TI-KONKURRENT: RX 6800 er mellomklassekortet til AMD.
AMD

Skjermkortet får 16 GB GDDR6-videominne, ei boostklokke på 2105 MHz og eit totalt straumforbruk på 250 watt. Prisen vil byrje på 579 dollar.

RX 6800 skal liggje hakk i hæl på storebroren når det kjem til yting, men AMD har for så vidt spesifisert at dei nyttar seg av Smart Access Memory for desse testane, som er programvare som skal optimalisere ytinga for dei som har både skjermkort og prosessor frå AMD.

Det ser ikkje ut som dei brukar det i testane av RX 6800XT, så det står att å sjå kor stor betydning det vil ha.

Toppkort skal knuse RTX 3090 på verdi

AMD-sjefen avslutta pressekonferansen med å avsløre det nye flaggskipet til AMD; RX 6900XT. Det nye toppkortet er same storleik som dei to andre, og er byggja for 4K-speling.

– 6900XT er klart for dei mest krevjande nestegenerasjonsspela, sa Su.

KRAFTPAKKE: RX 6900XT med overklokking og SAM skal kunne slå RTX 3090 i fleire spel, til 50 prosent lågare pris.

Ifølgje AMD har dei to første korta 50 prosent auka energieffektivitet over første generasjon RDNA, medan 6900XT skal vere oppe på 65 prosent.

Med både Rage Mode og Smart Access Memory klarar 6900XT visstnok å slå RTX 3090 i yting i ein del spel. Ampere-serien til Nvidia har generelt vore ganske svak på overklokking, så korleis dette blir når me får uavhengige testar av 6900XT blir særs spanande.

Skjermkortet kjem 8. desember, og lanserer til 1000 dollar. Det er altså heile 500 dollar mindre enn RTX 3090. Med straumforbruk på 300 watt anbefaler AMD ein straumforsyning på 850 watt. Alle RX 6000-skjermkorta kjem med doble 8-pin-kontaktar for straum.

Spesifikasjonane:

RX 6800

RX 6800XT

RX 6900XT

Arkitektur RDNA 2 RDNA 2RDNA 2

Skjermeining

TSMC 7nm Navi 21 XL

TSMC 7nm Navi 21 XT

TSMC 7nm Navi 21 XTX

Shader units

4096

4608

5120

Boost-klokkehastigheit

2105 MHz (1372 basis)

2250 (1487 basis)

2250 MHz (1529 basis)

Videominne

16 GB GDDR6

16 GB GDDR6

16 GB GDDR6

Minne-klokkehastigheit

16 GBps

16 GBps

16 GBps

Minnegrensesnittbreidde

256-bit

256-bit

256-bit

Minnebandbreidde

512 GB/s

512 GB/s

512 GB/s

TGP

250 watt

300 watt

300 watt

Norsk pris

?

?

?

Siste fra forsiden