AMD RX 7900 XTX

AMD kuttar prisane på flaggskipa sine

Konkurransen spissar seg til. Men det gjekk ikkje så bra då dei prøvde seg på å lokke med låg, norsk pris.

Nvidia er i gang med lanseringa av sin oppdaterte RTX 4000-serie, og AMD svarar med å skru ned prisen på RX 7900 XTX og RX 7900 XT.

Det skriv dei i ei pressemelding.

Norsk pris på RX 7900 XTX er no under 12 000 kroner, melder dei. Ironisk nok har prisen på ei utgåve frå ASRock vore under 11 000 fram til 6. januar, men dette betyr kanskje at prisane vil søkke framover.

Det er òg noko oppsiktsvekkande, at AMD har lagt inn ei lenkje til eit demokort hos Proshop som døme på at prisen går ned.

Dei skryt av at demokortet berre kostar 11 898 kroner.

I mellomtida har Nvidia sine nye Super-skjermkort hausta relativt gode tilbakemeldingar så langt, først og fremst på grunn av lågare pris enn forgjengarane.

Gamer.no har førebels ikkje fått kort til test.

Siste fra forsiden