Etter at AMD lanserte sine første X3D-prosessorar i 2022, har Intel falt stadig lenger bak i kappløpet om spelyting mot konkurrenten.
AMDs 9800X3D har vore det openberre valet for alle som vil ha best mogleg yting det siste året, og no lanserer AMD ein oppgradert versjon.
Ryzen 7 9850X3D blei vist fram på elektronikkmessa CES denne veka. Ein fransk elektronikkbutikk hadde produktet ute med lanseringsdato 29. januar, melde Videocardz.com i går.
Den nye prosessoren kjem med åtte kjernar klokka til 5,6 GHz. Ifølgje AMD sine eigne testar, som ein bør ta med ei klype salt, er den i snitt sju prosent raskare enn 9800X3D.
Testane viser også at det i nokre spel er null forskjell.
Dei to prosessorane skal seljast side om side. Begge brukar 120 watt, men 9850X3D har altså 400 MHz høgare klokkehastigheit. Elles er dei stort sett like.
Komplett har lagt ut produktet på sine nettsider, men det står ikkje noko om pris.
Det blir interessant å sjå korleis prisen blir samanlikna med 9800X3D og storebror Ryzen 9 9950X3D.