Anmeldelse

Castlevania: Lords of Shadow

Frå asken til elden er berre forordet på kva Gabriel må gjennom.

Du veit du er i ferd med å oppleve noko spesielt heilt frå første sekund. Dette spelet er reine definisjonen av ein storstilt produksjon. Eg er ikkje i stand til å nemne eitt einaste konsollspel som ser betre ut, og det er ikkje å overdrive. Castlevania: Lords of Shadow er så spinnvilt vakkert at samtlege sansar byrjar å blø frå smerta som kjem frå den overdosa av inntrykk som slår mot deg ikkje ulikt kjettingpiska til Gabriel.

Du ser det i absolutt alle krikar og krokar. Frå dei subtile detaljane i Gabriel sitt ansikt medan han snakkar, til dei overveldande områda han kjempar seg gjennom. Det er så ekstremt mange detaljar å spore at ein nesten blir litt trist over at Gabriel spring gjennom alt utan å gje seg tid til å sjå seg rundt.

Så nær, men akk så fjern.

Makelaust

Castlevania: Lords of Shadow er spelet som vil setje det heller ukjende spanske utviklarstudioet Mercury Steam på kartet. Ikkje høyrt om dei? Er du galen? Dei har jo laga perler som Jericho! Vel, den tid er forbi, no er det makelause produksjonar som får det meste anna til å sjå ut som latmannsarbeid som står på programmet. Det vesle studioet har prestert å skru saman ein grafikkmotor som hånler av alt anna.

Gabriel sitt eventyr tek han frå det eine imponerande området til det andre. Vi blir vitne til ein massiv variasjon der du heile tida får sjå noko nytt. Vi går vakre skoglandskap med fabelaktig panoramautsikt, til mørke sumpar og gotiske katedralar som vil få alle vampyrelskarar av Twilight-generasjonen til å pisse ganske hard piggtråd i buksene sine.

Som ein naturleg konsekvens av dette får vi den eine stereotypen etter den andre servert på rekkje og rad. Vi møter grøne menn i skogen, vi får varulvar, og vi får vampyrar. Stygge senete vampyrar med ansikt som får slektningane i Buffy the Vampire Slayer til å sjå ut som Barbie-dokker. Det er ei endelaus oppstilling av klisjear, men det er òg der sjarmen ligg. Spelet kan på mange måtar framstå som ein rein hyllest til alt det gode gamle som no har drukna i ein jungel av patetiske vampyrar og varulvar med kjensler og samvit.

Kvar skapning du møter er meir gjennomsyra av vondskap enn den førre, og dette slår det veldig hardt fast at Gabriel si reise går berre ein veg; rakt åt helvete.

Om sorg og slikt

Gabriel har mista si kjære kone, og det er difor han no er på heisatur for å eliminere all vondskap. Historia i seg sjølv er ikkje så original at det gjer noko, men den er godt fortalt. Med fabelaktig musikk og noko av det beste skodespelet du nokon gong har høyrt i eit spel, blir det veldig vanskeleg å ikkje la seg rive med. Det er berre så synd det er så lite av den. Mykje av historia blir fortalt gjennom Patrick Stewart si grove stemme mellom kvart nivå, og det einaste vi eigentleg oppnår med dette er at vi gjerne vil sjå enda meir av det som skjer. Castlevania: Lords of Shadow er faktisk eit spel der det godt kunne ha vore mange fleire – og lengre – filmsekvensar.

Sjå på meg når eg snakkar til deg!

I staden må vi klare oss med korte snuttar her og der som danderer bordet ganske pent før du går i gong med det dei forskjellige nivåa byr på. Spelet er i alle hovudsak delt i tre delar. Vi har den obligatoriske kampen, vi finn flust med akrobatiske sekvensar der Gabriel må klatre og svinge seg både opp og ned for å nå måla sine, og sist men ikkje minst har vi gåter. Desse gåtene blir sjeldan av dei mest originale, men dei er underhaldande nok. Dei varierer mellom å finne ut kva rekkefølgje ein skal trykkje knappar i, byggje vegar gjennom ein labyrint, og ei solid dose med lysgåter. I sistnemnde handlar det om å snu speglar for å sende lyset i ein bestemt retning, noko vi har sett ekstremt mange gongar før i andre spel.

Det er likevel ingen grunn til å klage, for desse gåtene byr på dei mest fornuftige utfordringane i heile spelet. Dei krev at du tenkjer litt og ser deg rundt før du i eit stødig tempo ordnar opp i problema.

Akrobatikken på si side er det lite å utsetje på. Kameraet er låst, og du kan eigentleg ikkje feile. Du har stort sett berre ein veg å gå, men du får likevel ei merkbar kjensle av å ha oppnådd noko når du gradvis finn vegen mot toppen. Det er ikkje alltid så enkelt som å berre gå eller hoppe i riktig retning. Du må finne ut kvar du skal gå òg. Sjølv om du generelt sett berre har ein veg å gå, maktar spelet å gjere det til ei artig utfordring å finne den.

Smak pisk!

Den verkelege utfordringa kjem frå ein heilt anna kant. Kampsystemet i Castlevania: Lords of Shadow er ekstremt robust. Gabriel har ei beherska liste med grunnleggjande angrep som kan utvidast ved å bruke opptente erfaringspoeng. Han svingar piska framover eller rundt seg, og når du etter kvart byrjar å kombinere dette med hopping og forsvar, viser gradvis spelet kva det har å by på.

Og når du har telt til ti ropar du «Her kjem eg!».

Etter kvart som du kjem deg lengre inn i spelet får du kontinuerleg tilgang på nye eigenskapar. Gabriel får raskt ta i bruk lys og mørk magi, noko som får ekstremt mykje å seie i kampane. Ved å bruke lys magi, vil han til dømes stele liv frå kvar fiende han slår. Kastar du i tillegg ei flaske med heilagt vatn medan du brukar lys magi, vil du få eit skjold rundt deg som gjer deg trygg frå alle angrep. Når du slår på den mørke magien handlar alt derimot om rå kraft, og du gjer mykje meir skade. Dette har sjølvsagt sine fordelar, spesielt om du er omringa av mange fiendar som gjerne vil kome nær deg.

Det er alt for mange aspekt ved kampsystemet til at eg kan gå inn på dei her, men det er eit ekstremt gjennomført system som maktar å framstå som noko eige sjølv om det låner nesten alle elementa frå God of War-serien. Den store suksessen til kampane er korleis du står fri til å kombinere angrep og eigenskapar med forskjellige gjenstandar (som til dømes sølvknivar og krystallar som manar fram demonar frå helvete) for å skape din heilt eigen rytme og framgangsmåte. Du daskar fienden med piska, hoppar bak han, daskar litt meir, blokkerer eit angrep, og går inn for eit fenomenalt motangrep. Det er ekstremt tilfredsstillande, og du skal ikkje sjå bort frå at du kjem til å ha nokre av dine alle største spelaugneblikk dette året saman med Gabriel.

Som ein meteor mot jorda

Med det gjennomførte og eksemplariske kampsystemet er det temmeleg kjipt at ikkje like stor fokus har blitt via fiendane. Jaudå, dei ser fantastiske ut og alt det der, men dei er ikkje alltid like artige å kjempe mot som dei er å sjå på. Mercury Steam har gjort ein svært stor tabbe som tappar mange potensielt minneverdige kampar for all verdi. Dei kastar for mange fiendar på deg til ei kvar tid, og fiendane toler for mykje.

Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har vore låst fast i eit rom saman med ei handfull rimeleg sterke fiendar som alle angrip i eit høgt tempo. Eg høgg og eg piskar og eg brukar alle mine feitaste triks, men likevel nektar dei å døy. Det kan fort ta alt for mange minutt å kome seg gjennom ein kamp som burde ta kort tid. Det heile blir ganske kunstig når fiendane berre toler og toler uansett kva du gjer, og når dei etter kvart byrjar å angripe deg i eit så stort tempo at du ikkje rekk gå inn i ein skikkeleg kombo før du blir slått i bakken, då blir du lei. I mange situasjonar blir du nesten tvinga til å halde deg til dei simplaste angrepa enkelt og greitt fordi du ikkje har store nok vindauge til meir.

Og so har me juksa litt.

Alt tilgivast likevel (nesten) så snart du hamnar i ein sjefskamp. Desse kampane er spelets aller største høgdepunkt. Utfordringa er perfekt, og kampsystemet skin aldri så godt som det gjer når du kjemper mot underverdas aller styggaste jævlar. Det er nesten som å vere i ein livsfarleg dans der du hoppar mellom angrep og forsvar medan du kontinuerleg held eit auge med helsa til Gabriel og fienden. Når du kjem nær sigeren blir du kasta inn i ein QTE-sekvens der du må trykkje knappar til riktig tid, men desse er av ein litt anna sort enn kva vi finn i andre spel. I staden for å trykkje riktig knapp til riktig tid, må du berre trykkje ein tilfeldig knapp når to sirklar møter kvarandre. Det er enkelt, det er greitt, og det sørgjer for at du held auga planta på det som faktisk skjer på skjermen.

Som ein ekstra saftig bonus finnest det ein ekstra type sjefskamp. Som henta rett ut av det makelause Shadow of the Colossus må vi klatre til toppen av nokre massive beist medan dei gjer sitt beste for å få oss av. I desse «slaga» må du klatre og svinge deg med piska for å nå forskjellige plater som held beistet i live. For å kome deg heilskinna til målet må du vere rask i reaksjonen, og klar til å ta eit hopp på brøkdelen av eit sekund. Desse kampane får adernalinet til å praktisk talt sprute ut av alle porar, og den einaste tanken som står igjen i skallen din når slaget er over, er kor vanvittig fett det var.

Konklusjon

Castlevania: Lords of Shadow er eit verdig og storslaget nytt kapittel i ein god og gammal serie. Med produksjonsverdiar som får omtrent alt anna til å bleikne, og ei rolleliste som verkeleg visar korleis ein skal levere varene, er presentasjonen noko av det mest overbevisande eg har sett.

For eg har ti tusen tommeltottar flygande i alle ...

I tillegg får du ta del i ein imponerande variasjon som verkeleg får kvart område til å framstå som noko heilt unikt, og du blir aldri lei av det du ser. I rolla som Gabriel må du klatre og kjempe deg veg framover. Kampsystemet er ekstremt gjennomført og gjev deg enormt mange verkty å drepe fienden med. Kampane mot dei «små» fiendane tek av og til for lang tid, og spelet kan tidvis bli veldig frustrerande på nippet til det urettferdige, men dei glimrande sjefskampane gjer meir enn opp for det.

Castlevania: Lords of Shadow eit imponerande spel som ikkje bør ha eit einaste problem med å halde deg okkupert i høstmørkret.

Siste fra forsiden