25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer »
Omtale

8bitdo 64 Bluetooth Controller

Her er din nye Nintendo 64-kontroller

Spelar du retrospel, men manglar ein godt eigna kontroller? Her er løysinga.

Øystein Furevik/Gamer.no

Ikkje utan grunn er fleire litt forarga over at Nintendo sel retrokontrollarar til Switch over nær sagt heile verda, bortsett frå Noreg. Retrokontrollar har blitt eit populært tilbehør til Nintendo Switch Online. Er du Switch Online-abbonent, får du tilgang til eit stadig vaksande utval av retrospel, blant anna spel frå Nintendo 64-konsollen.

Nintendo sel no retrokontrollarar til Super Nintendo-, GameCube-, Sega Genesis- og Nintendo 64-kontrollarar spesiallaga for Switch-konsollane frå nettbutikkane sine, men ikkje i Noreg.

Då er det greit at andre tek på seg ansvaret for å tilby, om ikkje ei heilt autentisk oppleving, så kanskje ei betre ei?

Herleg retro.
Øystein Furevik/Gamer.no

Utvikling er bra

Mykje kan seiast om romskipet som styrte Nintendo 64 inn i ei ny og tredimensjonal verd. Banebrytande var den definitivt, den sære kontrollaren med tre handtak og ei styrestikke i midten. Sjølv om stikker ikkje var nytt, og var flittig brukt på Amiga, Atari og ein haug styrestikker på PC, var dette kontrollaren som etablerte styrestikka som eit essensielt element på konsollkontrollarar. Sony skjønte kjapt kor god denne ideen var, og tilbydde kontrollarar med ikkje berre ei, men to styrestikker på sin eigen PlayStation-konsoll kort tid seinare.

Denne får du ikkje kjøpt i Noreg.
Nintendo

Forma på Nintendo 64-kontrollaren er det derimot lov å seie mykje om. Rar er den, og den blei kjapt forkasta. Allereie med GameCube styrte Nintendo skuta i ein heilt ny retning, fjerna det tredje handtaket, og adopterte to styrestikker, den framtidige standarden.

Dette har vore fasiten for dei fleste kontrollarar sidan, og det er dette 8BitDo har brukt som utgangspunkt for sin nye 8BitDo 64 Bluetooth Controller.

Her har dei gjort det eg vil tørre å kalle herleg frekt. Dei har tatt estetikken til Nintendo 64-kontrollarne, men pakka den inn i ei moderne form. Styrestikka ser kanskje ved første augekast ut som den gamle, men ved nærare ettersyn er det moderne Hall Effect-stikker med metallbeslag for å unngå slitasje.

Handtaket i midten er òg fjerna, og det vi sit igjen med er ein kontrollar som er til forveksling lik Switch Pro-kontrollaren.

Den nye stikka er framleis åttevegs, men med meir robust form.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ikkje til allemannsbruk

Det som er viktig å vite om 8BitDo Bluetooh Controller er at dette er ein kontrollar laga for Nintendo 64-spel. Den er primært laga for å brukast på retrokonsollen Analogue 3D eller Switch, men kan òg brukast på PC eller mobil.

Du kan alltids prøve å bruke den med spel som ikkje er laga for Nintendo 64, men du vil raskt møte problem. Fyr opp eit Super Nintendo-spel til dømes, og du vil raskt merke at X og Y knappane ikkje er der. Dei gule pilknappane på høgre side har ingen funksjon, og dei fleste spel blir uhandterlege.

Flyttar du derimot over på ein PC og omprogrammerer knappane litt har du ein herleg autentisk kontrollar til retro- og indiespel.

Til å spele Nintendo 64-spel, uavhengig av platform, er 8BitDo 64 heilt nydeleg. Eg skal innrømme eg synest Nintendo 64-kontrollaren var steike tøff, då den kom, men i etterpåklokskapens teikn lurer eg litt på kva Nintendo eigentleg tenkte på.

Lat oss vere ærlege, 8BitDo 64 er ein mykje betre variant av Nintendo 64-kontrollaren. Den ligg godt i henda, og tvingar deg ikkje til å byte grep kvar gong du skal skifte mellom styrestikka og D-paden. Ergonomisk er det eit suverent produkt, sjølv om den nostalgiske moroa ved Nintendo 64-forma er borte, er estetikken framleis her via fargeval og knappar.

Denne kontrollaren er derimot litt utvida i forhold til kva Nintendo 64-kontrollaren bydde på. Den har fire ryggknappar, ein turbofunksjon, samt ein eigen knapp for å gå tilbake til hovudmenyen. Som dei fleste tredjepartskontrollarar kan den ikkje brukast for å slå på ein Switch-konsoll.

8BitDo64 byr på fleire ryggknappar, sjølv om dei ikkje kjem i bruk på Nintendo 64-spel.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

8BitDo 64 er defintivt eit nisjeprodukt for spesielt interesserte. Om du elskar å spele Nintendo 64-spel, enten på Switch-konsollane, eller på Nintendo 64-emulatorkonsollen Anaolgue 3D, er denne kontrollaren gull verd.

Den byr på ei komfortabel og god speleoppleving. Autentisk kontroll, men med meir komfort enn den originale Nintendo 64-kontrollaren.

Vi får kanskje ikkje kjøpt Nintendo sin eigen Nintendo 64-kontrollar til Switch, men dette er strengt tatt eit minst like godt, og tør eg seie det, betre alternativ. Her har du komfort og autentisk retrokjensle om kvarandre, og då er det berre kos å spele gamle spel om att.

8BitDo 64 Bluetooth Controller er i sal no.

Siste fra forsiden