ANMELDELSE: Fire Emblem Warriors

Pur speleglede på sitt beste

Fire Emblem er toskeskap, herleg, herleg toskeskap.

Eg skal vere heilt ærleg og innrømme eg ikkje har heilt hatt hellet med meg dei siste månadane. Eg har ikkje heilt funne den gleda eg gjerne er på jakt etter når eg plukkar opp eit nytt spel, og gjev meg ut på ei lengre reise i fantasiens domene.

Før no. Takk til Nintendo, takk til Omega Force, og takk til Team Ninja. Fire Emblem Warriors er det spelet som i år har gjeve meg mest moro. Utan tvil. Det er eit tullete, latterleg og gjennomført idiotisk spel med eit enda meir idiotisk persongalleri, men eg elskar det.

Sving ditt sverd og la det regne

Ein dans med kadaver.
Ein dans med kadaver. Foto: Nintendo

Fire Emblem Warriors er som namnet kanskje avslører, eit Warriors-spel. Om du ikkje blir noko klokare av det, kan det vere ein god ìde å google Dynasty Warriors, men her kjem likevel ei kort innføring; Dynasty Warriors er ein serie som kan sporast heilt tilbake til PlayStation 2. I desse spela tek du styring over ein villbass som svingar seg gjennom dungar med fiendar, og får dei til å flagre veggimellom på ein stort sett kvadratisk arena som fungerer som ramme for det aktuelle slaget. Å sjå dødsteljaren nedst på sida fortelje deg at du har drepe tusenvis av fiendar er ikkje uvanleg.

Denne serien er særs populær i Japan, men har aldri heilt slått an elles i verda. I nyare år har utviklarane hos Omega Force slått seg saman med alt frå Square Enix til Nintendo for å lage temaspel i Dynasty Warriors-formelen, og med Fire Emblem Warriors har dei kanskje levert sitt beste spel til dags dato.

Fire Emblem Warriors er rett og slett langt meir moro enn det har nokon rett til å vere. Gameplayet er som vanleg uhyre simplistisk. Du svingar eit våpen, fiendane flyg, og du spring vidare til neste gruppe med fiendar for å sjå kor langt dei kan sprette. Nokre målarar fyller seg opp til du kan fyre laus nokre superangrep, før du startar frå null igjen. Dette gjentek du i det uendelege, og det store kunststykket til desse spela er at du ikkje går lei.

I Fire Emblem Warriors har dette blitt oppnådd gjennom fleire nøye kaklulerte detaljar. Først finn vi den faktiske avstanden til fiendane. Når du har likvidert ein gjeng, er den nestte rett rundt hjørnet medan dødteljaren stadig når nye nivå. Samtidig fortel ivrige stemmer og eit blinkande minkart deg kvar du bør retje fokuset ditt, og du susar fram og tilbake som ein torpedo medan du prøvar å få alt gjort.

Alt i dette spelet er stimuli. Kvar vesle detalj i dette spelet er der for å drive deg vidare til den neste gruppa med offer. Alt saman medan pompøs symfonisk poprock av aller beste sort driv deg vidare som om du var hovudperson i den beste filmen frå seint 80-tal.

Inspirasjon frå slektstreet

Soldatbowling burde bil den nye folkesporten.
Soldatbowling burde bil den nye folkesporten. Foto: Nintendo

Ein skulle kanskje ikkje tru at Fire Emblem og Dynasty Warriors hadde mykje å snakke om, men utviklarane har faktisk klart å hente ei rekke element frå Fire Emblem-serien som finn sin plass svært elegant i Dynasty Warriors-universet. Først i rekka kjem stein, saks, papir-moddelen som Fire Emblem-serien har brukt sidan før vår tidsrekning.

Sverd slår øks, øks slår lanse og lanse slår sverd. Bogar er gode mot ting som flyg, medan trollmenn med ei tjukk bok er gode mot bogar. Ting som flyg er på si side gode mot alt som ikkje flyg, med mindre det er piler innvolvert. Systemet er uhyre enkelt, men det fungerer som berre juling. Du får heile tida full oversikt over kva fiendar du er sterk mot, og kva fiendar du er svak mot, og kan navigere deg gjennom folkehavet deretter.

Samstundes har du ikkje berre ein krigar du kan styre i kamp. Før kvart oppdrag får du full oversikt over området, og kva type fiendar som er kvar. Før du går i gong veljer du kva krigarar som passar å ha med seg i kamp, og når moroa er i gong, kan du bla gjennom dei med eit tastetrykk for å raskt skifte til den krigaren som er best rusta til å handtere ein gitt fiende.

For enda meir presis kontroll kan du dra fram kartet, og her får du – som før slaget starta – full oversikt over alt kampen har å by på. Om du ser eit område med behov for litt ekstra assistanse, kan du berre gi ein krigar beskjed om å gå dit via eit rutenett og pixelgrafikk som sender tankane kjapt tilbake til tidlegare spel i Fire Emblem-serien.

Medan du brettar opp erma dine og går til åtak på alle fiendane i mils omkrins, kan du sende andre heltar for å renkse opp andre stader. Spelet pumpar i tillegg stadig på med nye hendingar, forsterkningar og ekstra oppdrag, slik at du heile tida har eit ferskt mål i tankane, og kvart slag er som ein dragkamp mellom to sider heilt til du går sigrande ut.

Dette er Xander, han er ein idiot.
Dette er Xander, han er ein idiot. Foto: Nintendo

Snevert utval

Alt er likevel ikkje på topp i Fire Emblem-land. Variasjonen mellom dei ulike krigarane er ikkje heilt det den kunne ha vore, og ein endar opp med å velje seg ut nokre få heltar meir for syns skuls enn noko anna. Mange av krigarane er omtrent identiske i bruk, og noko som ikkje motiverer til eksperimentering. Det finnest ei grense for kor mange sversvingande krigarar vi treng, for å seie det slik.

Persongalleriet veks likevel i takt med at du låser opp nye delar av historia, og etter kvart får du kanskje hakket for mange krigarar å halde styr på. Eg skjønar absolutt at utviklarane skal fri til så mange fans som mogleg, men det blir litt for mykje av det gode. Ein ting er å oppgradere og velje nye våpen til ei handfull krigarar, men når dette knippet veks seg til ein skvadron er det vanskeleg å finne mykje grunn til å bry seg om dei ny andleta.

Betre, eller verre, alt ettersom, er det med historia. Den er noko av det største vrøvlet eg har vore ute for i nyare tid. Ein kan strengt tatt ikkje forvente mykje når ein skal få ei rekke heltar frå mange ulike spel og tidslinjer til å møtast, men enkelte kardinalsynder burde utviklarane ha makta å tatt nokre solide steg rundt.

Halve spelet blir dedikert til idiotar som angrip kvarandre fordi ingen ser seg villege til å høyre på kva den andre har å seie. Til dømes finn person A person B vandrande aleine. Person B er ven med person C. Person C ser person B saman med person A og går sjølvsagt ut frå at A har kidnappa B. C angrip A, og saman må A og B krige mot C (!). C tapar kampen, får forklart situasjonen. C blir på lag med A og B før D kjem og ser B og C saman med A, tenkjer at A har kidnappa dei, og går til angrep. Så snart D har blitt slått å bakken, kjem E for å redde B, C og D frå desse kriminelle skrømta.

Alle krigarane har spesialangrep dei kan nytte i ein vanskeleg situasjon. Eller berre for å hovere.
Alle krigarane har spesialangrep dei kan nytte i ein vanskeleg situasjon. Eller berre for å hovere. Foto: Nintendo

Dette er ikkje tull, det er ikkje ein gong å overdrive. I store delar av spelet er dette nøyaktig det historia handlar om. Det er vanskeleg å ta det seriøst, så du gjer deg sjølv ei stor teneste i å ikkje gjere det. I staden bør du le, le av desse komplette idiotane, for det er eigentleg det som gjev mest meining i eit spel der du slår ned folk lik ein berusa mann med ein skarp ljå slår ned aks i ein kornåker.

Konklusjon

Fire Emblem Warriors er berre tull, men det er knakande god underhaldning. Det er den typen spel som driv deg til å berre spele litt til, og litt til, og så enda litt til. Eg har likt Dynasty Warriors-spela så og seie sidan starten, men dette er utan tvil det spelet eg har kosa meg mest med, og det har enormt mykje innhald å kose seg med. Det er ei sann fryd å spele, og å sjå ein krigar svinge bortimot hundre krigarar opp i lufta før han sender dei flygande til alle kantar, er det spelglede handlar om for meg. Du skal få ha realismen din, eg tek heller denne galskapen her, når som helst.

Det er fleire ting som godt kunne vore betre. Nokre menyar er litt keitete i bruk, og spelet hadde hatt godt av litt meir variasjon i persongalleriet. Det største ankepunktet er utan tvil den infantile historia som nesten fornærmar intellektet ditt. Den er så teit at den endar opp med å berre bli ein del av moroa, og då er det eigentleg like greitt.

Treng du eit spel du berre kan ha det moro med utan å måtte investere så alt for mykje av deg sjølv i det, er Fire Emblem Warriors midt i blinken.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Vurdering

"Fire Emblem Warriors er berre tull, men det er knakande god underhaldning."

Fire Emblem Warriors

Fire Emblem Warriors

Fire Emblem Warriors   Les mer »

Beste priser

På lager 479,-
Ukjent lagerstatus 479,-
Forventet lagerdato 479,-
På lager 488,-

Fire Emblem Warriors   Les mer »

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen