Anmeldelse

Gears 5

Nede for telling

OPPDATERT: Vi har testa fleirspelarmodusen og sett karakter.

Det står stor respekt av å vite kven ein er og kva ein har. Gears of War visste kva det var, og både Epic Games og Microsoft visste nøyaktig kva dei hadde; eit rølpete, suoermacho og bråkete spel som stoppa opp for å fortelje ei historie berre for å gi deg ein sjanse til å trekke pusten. Alle oppfølgjarane har prøvd å vere meir, og sjølv om kvaliteten på serien har vore høg, har den vore dalande, og ingen har nådd opp til originalen.

Det er ein grunn til det. Originalen hadde vet til å halde seg innanfor rammene for kva det var. Oppfølgjarane har alle prøvd å vere meir, og sjølv om gneisten frå førstemann ikkje har blitt gjenskapt, har det vore gneist der, mykje gneist.

Feil stad, feil tid

Pent, men utan meining.
Øystein Furevik/Gamer.no

Gears 5 prøvar for hardt. Alt for hardt. Det er eit komprimert og intenst actionspel som prøvar å vere ein saga. Det prøvar å fortelje ei stor og mangefassetert historie utan å seie noko som helst. I eit spel om å sage fiendar i to blir vi tvinga til å sakte vandre gjennom heile byar på veg mot den eine personen vi er der for å snakke med. I Gears of War 1 skaut vi oss heile vegen dit. Det var action. Full stopp. No skal vi vandre. Sakte. Ta inn utsikta, sjå kor flinke folka hos The Coalition er til å fylle vakre, tommer landskap med detaljar. Sjå, men ikkje røre.

Dette er actionspelversjonen av eit opa verd-spel. Digert og fullt av ingenting. Alle område er for store, alle byr på for mange små rom og avstikkarar du kan utforske for å finne ingenting, og ein sjeldan gong eit totalt uinteressant samleobjekt. Det er eit spel som byr på enorme mengder dødtid når alt du eigentleg vil gjere er å sprenge fiendar så blodpølen står til himmels.

Men mest av alt er det eit spel som prøvar hardt å få oss til å digge eit knippe pinleg fokustesta hovudpersonar som ikkje har noko av sjarmen til det originale crewet. Eg finn dei ikkje interessant på nokon måge. Eg bryr meg ikkje. Eg gav dei ein sjanse i Gears of War 4, men nok er nok. Desse folka ser ikkje ut som krigarar, dei ser ut som pappfigurar frå ein kaffebar i byens hippaste strøk.

Men det er skodespelet som øydelegg mest. Trekløveret er som ein gjeng ungar som står på ei scene for første gong. Skodespelarane er eigentleg flinke nok dei, men dei passar ikkje rollene sine. Dei blir bleike imitasjonar som leverer strofer skrivne for nokon heilt andre. Det er ingen autoritet bak desse påståtte tøffingane. Om Marcus Fenix brøler at du tok deg god tid, er det som å bli dratt på beina etter øyreflippen. Om JD Fenix gjer det same, må ein berre riste på hovudet og seie du er ikkje far din, guten min.

Det er inga nerve i dette. Det framstår som laga av eit panel viss eine, store mål var å lage noko kidsa i dag vil like, som ikkje tråkkar nokon på tæra, og har noko alle kan like og identifisere seg med, der Gears of War 1 tok springfart og skeit i kva tær det tråkka på. Du trengde ikkje like det, Gears of War brydde seg ikkje om kva du synest. Gears 5 bryr seg. Det bryr seg veldig, og det vil bli likt.

Kampen om likes

Bilete kan ikkje heilt formidle kor pent dette er.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg må vere ærleg. Eg spelar ikkje Gears of War for ei djup og dramatisk historie som lettar på det psykoanalytiske panser. Likevel, Gears 5 vil ha deg til å tenke. Eg spelar ikkje Gears for å tenke, eg spelar for å sleppe å tenke ei stund. Ta ei pause , skyte litt monster. Eg kjem hit for pang, pang, full fres, blod, store eksplosjonar, poff, det er over.

Men det er ikkje det eg får. I alle fall ikkje før du allereie har investert mange timar. For min del var Gears 5 ei oppleving i tre delar. Første del strakk seg over to kveldar og kan godt skildrast med eitt ord; forakt. Del to var hakket kortare, men likevel betre, og kan skildrast som noko i nærleiken av aksept. Det var ikkje før tredje og siste del, som riktignok varte nokre timar, at eg med handa på hjarte verkeleg kan deie eg hadde det moro, for det var først då spelet kasta frå seg all skiten og sikta inn på å vere det intense og fantastiske skytespelet det skal vere.

Når det er sagt, det tok ei god stund å kome dit. Starten var prega av kjipe heltar i kjipe situasjonar. Du vandrar i ei lita gruppe med jyplingar som bannar og småmobbar kvarandre i skuleframsyninga av Gears of War. Ein og anna gong dukkar Marcus Fenix opp som eit befriande pust og minner deg på at det er ikkje berre deg, det var betre før. Mykje betre.

Det er betre å vandre med Marcus på laget, men du vandrar likevel. Du vandrar gjennom mørke gangar der du raskt innser du kunne ha ofra ein kroppsdel for å få ei skarve lommelykt, men må ta til takke med ein flygande robot som lyser opp berre der han sjølv ser det fornuftig, og sjeldan der du er. Med mindre du stoppar opp og ventar litt.

Skjer det noko snart?

Å skyte hol i isen under store fiendar er noko av det artigaste Gears 5 har å by på.
Øystein Furevik/Gamer.no

Etter kvart kjem fiendane, gjerne springande på armar og bein med klørne klvessa og klare til angrep. Du vil gjerne leggje deg ned bak noko slik denne serien i snart 15 år har hamra fast i deg at du skal gjere, men fiendane kjem frå alle kantar og gjer det heller uklokt å låse seg til ein vegg. Serien som så og seie definerte dekningsbasert action gjer dekning håplaust i store, smertelege delar av spelet. Kvar er fiendane med våpen? Dei du kan skyte på og som skyt tilbake?

Dei dukkar opp. Her og der, men berre som for å halde deg ved mot. Ro ned, spelet du har venta på kjem. I mellomtida har du fått Game Over nokre gongar fordi den datastyrte kompisen din er heilt ubrukeleg, blir slått i bakken, og du ikkje rekk fram i tide fordi det er tjue hoppande fiendar i vegen. Den kunstige intelligensen er ein tragedie. Spel dette spelet saman med andre. Du spelar aleine på eige ansvar.

Etter kvart får du ta turen ut i den store verda. Ut av mørke, trange bygningar. Det er eit friskt pust. Du landar i eit friskt snølandskap der du får ein skif, ein slags seglbåt på land, å leike deg med. Med den kan du reise over eit middels stort kart for å nå fram til ditt aktuelle mål. På vegen kan du finne havarerte skip og andre små distraksjonar, men ingenting som tek lang tid.

Det er greit nok, veret er fint, båten ligg godt i snøen og du får litt tid til å tenkje tilbake til den eine delen av Gears of War 1 du verkeleg ikkje likte. Den hersens kjerra med lysa.

Vergudane er ikkje alltid på di side.
Øystein Furevik/Gamer.no

Livets harde skule

Det heile framstår mest som ei unnskuldning for å gi hovudpersonane tid til å konversere, men det er ikkje så lett å høyre dei alltid. Eg måtte inn og skru ned alt av lyd bortsett frå dialog for å vere sikker på å høyre dei skikkeleg. Undertekstar har vore av og på heile spelet, men mest av, sidan underteksten fortel meg at musikken er intens. Kan ikkje fordra slikt.

Vel framme tek det heile seg opp litt. Eg hatar ikkje spelet lenger, eg synest berre det er bortkasta tid. Kan framleis ikkje fordra hovudpersonane. Det slår meg at der gjengen i det første spelet var basstemmene i eit kor, er denne gjengen alt. Det funkar berre ikkje, spesielt ikkje når dei spyr ut nøyaktig same strofer som gamlekara gjorde, berre utan autoritet. Ein pinleg kopi.

Vi er ferdige i snøen og reiser til ein vakker og blodraud ørken. Det er her ting byrjar å skje. Det blir ferre av desse fjottane som klorar deg i kjeften, og fleire av dei som heller satsar på å plante ein rakett i den. Eg kan leggje meg bak ein stein no, lade om våpenet og fyre laus. Den flygande roboten heiter Jack, og han byrjar å bli nyttig. Heile vegen har eg låst opp nye eigenskapar til han. Han kan finne gjenstandar, gjere meg usynleg, men akkurat no har eg funne den beste. Han kan ta kontroll over ein fiende. Lite er betre mot ein vegg av kuler enn å plante eit lite frø av uro midt blandt kanonane.

Det blir framleis ein del tid bak roret på landbåten, men stoppa du gjer stig i intensitet, scenarioa blir større, kampane heftigare og nivådesignet smartare. Historia tek seg opp og byrjar endeleg å bli litt engasjerande. Musikken som så langt har gjort si eiga greie på ein fjelltopp lang vekke, byrjar endeleg å likne noko. Hentar fram gamle motiv, og skapar endeleg ei kjensle av at det er alvor no. Etter kvart som det blir tydeleg at vi tek våre steg mot slutten av spelet, blir det mindre tid til tant og fjas og det blir fleire utfordringar, det blir hardare utfordringar og bortsett frå ein og anna rævva sjefskamp kosar eg meg.

Gears kan vere fett i trange situasjonar, men det er i dei opne område mekanikkane får rom til å skine. I Gears 5 når det heile nye høgder. Nokre område er så massive at ein nesten mistar pusten, og som eit resultat får ein ei stram kjensle av at omfanget er større og. Samspelet mellom lys, skugge og eksplosive møte med fiendar gjer ein ting veldig tydeleg. Gears 5 er lekkert. Det er ikkje eit gigantisk hopp over Gears 4, men det er er veldig merkbart i alle dei små og store detaljane. Områda blir større, lyseffektane er perfekte og biletet er så skarpt og nydeleg at ein av og til trur ein ser inn i ei anna verd.

Det er på nettet det skjer

Øystein Furevik/Gamer.no

Som med Gears 4 er det i fleirspelarmodusen den verkeleg store moroa ligg. For det meste styrer The Coalition ei ganske trygg skute. Du får modusar du kjenner, våpen du kjenner, samt noko nytt. Dei som har spelt Gears før vil sannsynlegvis merke at det har blitt gjort nokre endringar på korleis ei rekke våpen oppfører seg, noko som sannsynlegvis ikkje vil ha mykje å seie for folk som berre spelar litt no og då, men som kan by på ei ekstra meistring for dei som verkeleg har mål om å bli gode.

Gears 5 fleirspelar byr på tre veldig forskjellige måtar å spele på. Den første er den eldste og mest kjende, versus. Her spelar du på lag mot andre spelarar, og dei fleste vil raskt kjenne seg igjen. Vi får ein drøss med solide og artige kart fulle av moglegheiter for lagbasert action. Nokre endringar har likevel skjedd. I staden for å bli nede når du er død, kjem du tilbake etter nokre sekund, og dette held kampane mykje meir aktive frå start til slutt.

Den andre modusen er Horde, som lenge har vore ein populær del av serien. Denne fungerer som før, med at eit lag spelarar må lage seg ein base, byggje forsterkningar, og stå imot mange bølgjer med fiendar. For å unngå at det heile blir keisamt, noko det gjerne blir når du skal gjennom 50 bølgjer, kan du skru på ei rekke ulike utfordringar som gje spelet vanskelegare. Dette er alt frå at fiendane gjer meir skade, til at du kan ta mindre skade.

Nytt i Gears 5 er Escape. Dette er eit veldig smart tilskot der du og opp til tre andre spelarar skal klare å rømme ein bygning som sakte fyllast med gift. på vegen vil de møte mange fiendar som gejrne vil slå i hel moroa. Escape er nesten som ei forlenging av å spele kampanje, berre utan ei historie der som får historia til å stoppe opp. Denne modusen byr òg på eit kartverktøy som lar deg skru saman dine eigne kart. Du får ikkje justere alt ned til minste detalj, og set i staden saman ei rekke kartbrikker, før du plantar fiendar og våpen, men det er eit veldig bra tiltak som vil sørge for at vi ikkje går tom for utfordringar med det første.

Felles for alle modusane er at du låser opp stadig nye kosmetiske endringar, samt ei rekke bonusar du kan bruke i Horde og Escape. The Coalition har fått til ei veldig god kjensle av progresjon der du kryp opp i erfaringsnivå og låser opp nye ting som ei belønning for strevet. Skjønt, å kalle det strev blir litt feil. Fleirspelarmodusen er like artig som den alltid har vore, og kjensla av å spele saman med folk som samarbeider godt er fantastisk. Det finnest knapt betre lagbaserte skytespel enn Gears, om du spør meg, og Gears 5 gjer ingenting for å endre på det.

Skår i gleda

Skal du ta denne dusten må du ta skjoldet først.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er likevel eit stort problem som har plaga mi oppleving med fleirspelarmodusen frå dag ein. Serverane er ustabile og det har nesten ikkje gått eit einaste slag, uavhengig av modus, der nokon ikkje blir sparka ut, om det så er meg eller andre. Spelet i seg sjølv er stabilt, men brått merkar du at nokon er borte, og dette legg ein ganske stor dempar på moroa. Det er òg veldig kjipt å brått bli sparka ut når du har det moro med vener.

Eit anna problem som ikkje er direkte The Coalition sin feil, er at veldig mange spelarar ikkje ser ut til å forstå korleis dei forskjellige modusane fungerer. Folk er kjempeflinke til å drepe fiendar, men ikkje nødvendigvis til å samarbeide. I Horde er det til dømes viktig å dumpe pengar i felleskassa slik at ingeniøren kan byggje kanonar og barrikadar til redusert pris, men som regel står ingeniøren aleine om å ta heile utgiftsposten medan dei andre spelarane spring rundt med mykje peng dei ikkje veit dei kan bruke.

Eg legg litt skulda på The Coalition for dette, for dei kommuniserer ikkje spesielt godt kva du bør gjere. Veit du det frå før er det ein ting, men om du kjem inn heilt ferskt hadde det kanskje vore greit med ei alarmlampe som ropar «varsku her, du har mange ubrukte grunkar som vil gå opp i røyk om du skulle døy». Litt betre kommunikasjon hadde vore betre i Escape òg, slik at folk veit dei må rømme frå giftgassen før det er for seint.

Konklusjon

Gears of the Wild.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg var ingen stor fan av kampanjen i Gears of War 4. Det var fleirspelarmodusen som dominerte det spelet. Gears 5 er likevel den dårlegaste kampanjen i eit Gears-spel til dags dato. Det er mange grunnar til dette. Persongalleriet er fullstendig uinteressant og eg klarar ikkje bry meg om kva som skjer med dei. Historia er ein flau, forutsigbar bris og blir berre redda av store, dramatiske filmsekvensar. Den er nesten heilt blotta for overraskingar eller sterke nerver som dreg deg vidare.

Verst er likevel korleis spelet er bygd opp, med mykje dødtid der du berre vandrar frå ein stad til ein annan, og kampscenario som går på tverke av kva mekanikkane i serien er laga for. The Coalition prøvar å gjere Gears til noko meir enn eit skytespel. Dei blandar inn rollespelelement og store landksap som skal gje deg ei kjensle av å reise ut på eventyr. Det er eit modig mål, men det er eit mål som ikkje fører til poeng før i spelets avsluttande kapittel. Det store adrenalirushet kjem for seint, og sjølv om det får blodet til å bruse når ting endeleg tek av, er det for seint til at den totale pakka blir redda.

Gears of War var eit kort og brutalt machospel som aldri prøvde å vere noko meir enn eit kort kapittel i nokre erfarne krigarar sine liv. Gears 5 prøvar å vere det motsette, og det feilar.

Det sigrar derimot – som forventa kanskje – stort i fleirspelarmodusen. Her får vi ei rekke kjende og absolutt kjære utfordringar i både Versus og Horde, medan den nye Escape-modusen let oss rømme eit giftig bygg med mange sinte fiendar hakk i hel. The coalition hart gjort ei rekke store og små justeringar som saman sørger for ei kjempegod oppleving, uavhengig av om du likar å spele med, eller mot andre spelarar.

7
/10
Gears 5
Gears 5 har seriens dårlegaste kampanje, men fleirspelarmodusen er flott.

Siste fra forsiden