Blant dei aller beste HD-utgåvene av noko spel

Men Kingdom Hearts viser sin alder på meir enn én måte.

Nostalgien heng tungt i lufta medan ein tek sine første steg i Traverse Town, den vesle byen som fungerer som knutepunkt i Kingdom Hearts. Velkjende tonar trillar ut frå høgttalarane, og spelet vuggar deg i inn i ei saleg og munter stemning.

Det gjer godt å vere tilbake. Det er over ti år sidan eg tusla gjennom denne byen første gong, og sjølv om eg i mine yngre år kanskje var litt meir begeistra for reisa fram til det punktet, er det like fullt eit varmt smil som pregar meg.

Sora og Tingeling kjempar mot mørket.
Sora og Tingeling kjempar mot mørket.

Elleve år etter starten er vi tilbake igjen, og det i ei herleg ny innpakning. Square Enix har pussa opp sitt klassiske eventyrspel, og det heile ser betre ut enn nokon gong. Kingdom Hearts blir presentert i ei høgre oppløysing som først og fremst slår fast kor lekkert dette spelet både var og er. For å vere eit spel med godt og vel ti år på bakken, er det framleis nydeleg. Det største hoppet kjem derimot gjennom musikken som har blitt spelt inn på ny, og gjev det heile eit herleg nytt og friskt lydbilete.

Langt frå perfekt

Nostalgiens blinde auge kan derimot lett hindre deg i å sjå det som skurrar. Kingdom Hearts har ein grotesk start, om ein skal vere heilt ærleg. Det byrjar med at du må ta nokre obskure val du ikkje kan ane konsekvensane av med mindre du tek eit kjapt søk på nettet først. Vidare blir du kasta ut i nokre keisame turar fram og tilbake utan mål og meining i startområdet Destiny Islands.

Her blir du kjend med det verste spelet har å by på. Du får bryne deg på det elendige kameraet som vil gjere livet surt gong på gong gjennom spelet, sjølv om kamerakontrollen no har blitt flytta frå ryggknappane til den langt meir effektive analogstikka. I tillegg får du ditt første møte med plattformhopping spelet glatt kunne greidd seg utan. Det er omlag så tregt og upresist som du kan få det. Eit pluss som veg litt opp for dette er at du no lett kan opne kister og slikt ved å trykkje inn trekant, i staden for menyrittet du måtte gjennom i originalen.

Nokre timar ut i spelet opnar det heile seg endeleg opp. Du får reise til mange herlege og artige Disney-verder der hovudpersonen Sora, samt Donald og Langbein får bryne seg på møtet med mannevonde Disney-skurkar og endelause gjengar med Heartless-fiendar. Dette er utan tvil eit nydeleg spel, og det held seg godt den dag i dag. Om ein til dømes skulle setje opp Kingdom Hearts ved sidan av nyare spel som til dømes Tales of Xillia skulle ein aldri tru det var heile ti år mellom dei.

Det visuelle løftet Kingdom Hearts får gjennom høgre oppløysing er nesten utelukkande ei forbetring.

Det visuelle løftet Kingdom Hearts får gjennom høgre oppløysing er nesten utelukkande ei forbetring. Alt frå Tarzans jungel til hundremeterskogen kjem til live med mykje betre klårheit, og med unntak av nokre harde kantar og lågoppløyste teksturar er det ikkje alltid lett å sjå føre seg korleis det kunne ha vore gjort betre. Det finnest samtidig stunder der den nye oppløysinga i viser snarvegar Square Enix gjorde under utviklinga av spelet. Til dømes er det litt pussig når ein midt i ein filmsekvens ser heilt tydeleg at modellen til Sora eller andre personar blir skifta ut til fordel for ein annan. I ei scene har Sora fysisk animerte lepper og auge, medan han to sekund seinare er redusert til eit statisk hovud der uskarpe teksturar skal formidle kjenslene hans.

Herleg tempo

Den største prestasjonen Square Enix gjorde med dette actioneventyret var eit kampsystem som verkeleg er ei fryd å spele. Det er uhyre simpelt, men likevel veldig effektivt. Det held seg godt den dag i dag, trass dei enorme forbetringane Square Enix har gjort med formelen i nyare spel. I essensen gjer du berre ein ting. Du hamrar på X for kvar fiende du ser, men etter kvart som du samlar inn erfaringspoeng får du tilgang på nye eigenskapar som gjer kampane meir dynamiske. Ved sidan av å dundre laus med nøkkelsverdet kan Sora slenge ut ulike former for magi via ein kjapp meny, og dette blir raskt viktige delar av mang ein kamp. Du får stadig tilgang på nye angrep og eigenskapar som gjer deg merkbart effektiv, og kontrasten mellom Sora i starten av spelet og kampkjempa han er mot slutten er stor.

Iskrem har etter kvart fått ein viktig posisjon i Kingdom Hearts-universet.
Iskrem har etter kvart fått ein viktig posisjon i Kingdom Hearts-universet.

Sora er sjeldan aleine, og har stort sett med seg Donald og Langbein på reisa. I dei fleste verdene kan du byte inn ein Disney-figur i trekløveret, og alle saman byr på sine eigne funksjonar i kamp. Den kunstige intelligensen kunne på si side ha vore mange hakk betre sidan partnerane dine har ein stygg tendens til å bruke opp absolutt alt av gjenstandar du gir dei på rekordtid, uavhengig av korleis du skrur i hop intelligensinstillingane i menyen.

Når du først reiser til eit område er det fryd og gammen der du spring frå ei sone til ei anna, medan Sora hakkar seg gjennom Heartless og får med seg nye glimt av den førebels ukompliserte historia. Du spring gjennom oversiktlege soner perfekte for masseslagsmål, vil garantert ha mykje moro. Spelet har likevel ein stygg tendens til å sende deg på mange turar fram og tilbake utan at du heilt veit kvar du skal. Der du kunne ha kome deg frå A til B veldig lett om du berre visste kvar du skulle gå, endar du lett opp med å ufrivillig ta omvegen gjennom C, D og E.

Frå det enkle til det absurde

Kingdom Hearts er berre det første av tre spel i Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX-pakka. Det neste spelet på lista er Kingdom Hearts: Re: Chain of Memories. Spel nummer to er eit ganske anna beist enn sin forgjengar. Originalt var dette eit Game Boy Advance-spel der du hoppa deg gjennom fleire statiske nivå medan du kjempa med kort. Ein PlayStation 2-versjon som aldri kom til Europa putta heile spelet inn i Kingdom Hearts-motoren og serverte oss det same spelet i ny innpakning.

Ole Brumm er alltid like sjarmerande.
Ole Brumm er alltid like sjarmerande.

Om du forventar ei liknande oppleving som i det første Kingdom Hearts-spelet bør du gjere deg klar for eit lite sjokk. Chain of Memories sender deg ikkje frå den eine verda til den andre der du fritt kan utforske kva som skjer. I staden må du gjennom fleire ulike rom der du møter ei mengde fiendar før du kan gå vidare til eit nytt rom fullt av fiendar eller folk som vil dra deg lengre inn i ei gradvis meir forvirrande historie.

Mekanikkane i spelet er både enkle og djupe på ei og same tid. Før du går inni eit nytt rom må du bruke kort som bestemmer om du møter mange fiendar, svake fiendar, eller kanskje har ekstra kraft i slaga dine. Deretter gyv du laus på dei ulike fiendane ved å velje kort gjenom eit system der du både må tenkje strategisk og kjapt.

Etter kvart som du spelar får du stadig fleire kort, og du kan byggje opp tre ulike kortstokkar som kan vere basert på nøyaktig dei kriteria du set sjølv. Til dømes kan du legge kraftige kort på toppen av kortstokken sin slik at du drep så og seie alle fiendane i ein kamp med berre eitt kort. Eventuelt kan du lage meir innvikla strategiar avhengig av kva fiendar du ser føre deg at du vil møte. Det heile er absolutt underhaldande, men framstår likevel veldig tydeleg som eit lite spel i ei innpakning som er litt for stor for sitt eige beste.

Tidenes historietime

Kingdom Hearts-serien er kanskje enda meir kjent for si innvikla og forvirrande historie, enn det er for si fargerike blanding av japansk estetikk og Disney. Det første Kingdom Hearts-spelet var grei skuring i så måte, i alle fall fram til slutten. Med Chain of Memories byrjar serien for alvor å skli ut på glattisen der historia slettar minna til alle som ein, og introduserer oss for dei svartkledde og mystiske typane i Organization XIII.

Cloud sutrar, som vanleg.
Cloud sutrar, som vanleg.

Den siste biten av Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX-kaka tek utelukkande føre seg Organization XIII. I Kingdom Hearts 358/2 Days møter vi Roxxas frå Kingdom Hearts II, og får ta del i både venskap og utfordringar. Kingdom Hearts 358/2 Days var i si tid eit ikkje heilt vellukka DS-spel, og det er strengt tatt eit smart trekk frå Square Enix å droppe heile spelet. I staden har dei tatt alle filmsnuttane frå spelet for å lage ein lang film knytt saman av enkelte statiske skjermar fulle av tekst.

Dette er kanskje ikkje den aller mest spanande filmen du nokon gong har sett, og den krev ei solid dose med tolmod, men det er garantert den beste sjansen du har til å få med deg historia så langt utan å rive ut alle håra dine halvvegs i prosessen.

Konklusjon

Kingdom Hearts var det første spelet i ein serie som no har sett heile seks spel lansert i løpet av dei siste ti åra. Mykje har skjedd sidan den gong. Serien har utvikla seg stort. Spelmekanikkene har sett stadige endringar og forbetringar som strengt tatt gjer det veldig tydeleg at originalen har nokre år på bakken. Det er likevel eit svært underhaldande spel, sjølv om det definitivt viser sin alder på meir enn ein måte.

Jobben Square Enix har gjort for å pusse opp spelet er på si side makelaus. Dei små endringane som er gjort er utelukkande ei forbetring, og den nye oppløysinga gjer spelet penare enn nokon sinne. At komponist Yoko Shimomura på toppen av det heile har gjort ein heilt ny miks av sine herlege komposisjonar er eit magisk pluss.

Chain of Memories og 358/2 Days blir ei heilt anna oppleving. Det er underhaldning å hente i begge produkta, men ingen av desse framstår som like essensielle eller engasjerande som det første spelet.

Om du vil ha med deg starten på den innvikla Kingdom Hearts-historia er denne samlepakka utan vil den beste sjansen du har. Det er ikkje alt som er like givande, men Square Enix har gjort ein glimrane jobb i å restaurere spela. Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX er utan tvil blant dei aller beste HD-utgåvene som er gjort av noko spel, og for akkurat det er det på sin plass med ros.

Vurdering


"Eit svært underhaldande spel, sjølv om det definitivt viser sin alder på meir enn ein måte."

Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX PS3 PS3 7/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 13. september 2013
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Square Enix
  • Utvikler: Square Enix

Beste priser

På lager 198,- Til butikk
På lager 199,- Til butikk
På lager 209,- Til butikk
Forventet lagerdato 262,- Til butikk

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen