(Bilde: Atlus)

Spelet vi har venta på

Ei fantastisk oppleving som kan gi dei fleste lyst til å byrje på skulen igjen.

Persona er kanskje den kulaste spelserien som finnest på planeten. Med kul meinar eg kul som i «cool», og «smooth». Den er overlegen alle, og så bevisst på det at det nesten blir litt flaut. Den særeigne stilen og den funky, bluespopppa musikken gjev deg ei monumental kjensle av at til og med du kan vere ein funk soul brotha. Det er feil sjølvsagt! Veldig feil, men du får den kjensla, og det er faktisk ganske nice.

Igjen møter vi ein ung elev ved ein skule i Japan. I dette høve har du blitt omplassert sidan du har blitt stempla som ungdomsforbrytar, noko som sjølvsagt berre er ei side av ei sak du vil finne ut mykje meir om i løpet av spelet. Framfor deg står eit nytt liv der du må handtere både skuleliv, sosiale band, og ikkje minst kampen mot demonar og stygge tankar.

Dette blir sjølvsagt ikkje gjort på den måten dei fleste spel ville ha gjort ting på. Nei, her får du og venene du reiser på skurkejakt saman med fancy nye kostyme i lakk og lær, rytmisk og groovy musikk gjer sitt alle beste får å verkeleg få deg i siget, medan alt frå snakkebobler til menysystem hoppar ut av skjermen som ein målretta knyttneve.

Ein dag i livet

Lukke til med å finne eit japanske rollespel utan ein teit maskot.
Lukke til med å finne eit japanske rollespel utan ein teit maskot. Foto: Atlus

Persona 5 utspelar seg – som er vanleg for serien – over eit heilt skuleår. I løpet av den tida skal du halde orden på livet ditt, pleie sosiale band, og prøve å stele hjarta til diverse skurkar innan tidsfristar som blir sette for deg. I starten går det heile i stor del av seg sjølv. Historia tek handa di og fortel deg i solide bolkar kva som skjer, når det skjer, og du får berre velje sjølv ein og annan stad.

I eit fornuftig og ganske kjapt tempo opnar derimot spelet seg opp, og du får velje sjølv korleis tida di skal prioriterast. Du får ikkje lov til å skulke skulen, men fritida di styrer du sjølv, og du får etter kvart svært mange fritidssyslar å velje i. Etter kvart som månadane går får du stadig fleire vener og bekjente som gjerne vil ta sine delar av tida ti, og du får deg jobbar du gjerne vil bruke tid på for å tene pengar kanskje bli meir kunnskapsrik.

Det blir etter kvart svært mange ballar som skal sjonglerast i lufta samstundes, og svært lite tid. Dette gjev kvart vesle val tyngde nok til at du tenkjer deg om før du bestemmer deg for kva du skal gjere. Du får som regel velje ein eller to daglege aktivitetar sjølv, men nokre dagar får du knapt velje noko. Om det skjer noko viktig desse dagane er det greit nok, men når spelet brått spolar frå morgon til kveld utan at du har fått gjort noko i mellom, kan ein bli litt frustrert over kor mykje tid spelet røskar ut av henda dine.

Sterk historie

Historia er drivkrafta som ligg under alt du gjer i Persona 5. Utviklarane har bygd opp ei verd der ein verkeleg føler at noko skjer. På din nye skule finn får du deg raskt vener som endar opp med å bli med deg inn i ei parallell verd etter at ein merkeleg ny app på mobilen din opnar døra for deg. Denne parallelle verda byr på ei rekke ulike palass, digre konstruksjonar som er ein refeleksjon av dei forskrudde tankane til ulike personar som jamt over har ureint mel i posen. Ved å renske ut palasset, og stele skatten som ligg ved vegs ende, vil palassets eigar gjere slutt på sine vonder dagar, og atter ein gong bli eit produktivt medlem av samfunnet.

Det tek ikkje lang tid før du og venene dine har skipa den noko suspekte organisasjonen «The Phantom Thieves», som har som mål å stele hjarta til slemme vaksne. Eit nobelt mål kanskje, og eit mål som byr på uhyre mykje moro.

Ikkje alle lærarar er like snille.
Ikkje alle lærarar er like snille. Foto: Atlus

Etter kvart som dagane, vekene og månadane går utviklar forholda mellom deg og dine bekjente seg. Du kjem nærare inn på dei ved å tilbringe tid med dei, og nye detaljar kjem fram. Samstundes går den overhengande historia som ein parallell til venskapsbanda du knyter. Der du først gjer ting for moro, får etter kvart verda auga opp for «The Phantom Thieves», og det er ikkje alle som meiner det er greit å tukle med andre menneskes innarste tankar og lyster. Sjølv om skurkar har blitt snille av det.

Kva som er greit og kva som er feil blir naturlegvis eit stort spørsmål, og det er berre eitt av mange spørsmål spelet stiller om ei rekke til dels vanskelege tema. Persona er trass sin kule og fargerike stil eit spel som handtere svært vaksne tema, og behandlar persongalleriet som folk av kjøt og blod, i staden for todimensjonale pappfigurar.

Til kamp mot vonde tankar

Eit palass i Persona 5 er strengt tatt berre eit fint ord for grotter og labyrintar. Det er der du utfører dine heltedåder. At palassa reflekterer kva som skjer i hjarta til eigarane har gjeve utviklarane uhyre mykje fridom til å verkeleg leike seg. Dei tilfelig genererte labyrintane frå tidlegare Persona-spel er endeleg borte, og igjen står gjennomtenkte utfordringar som er veldig artige å bryne seg på. Eitt av palassa er eit museum fylt med kunst og alarmar, medan eit anna er ein bank der ei av utfordringane er å kome seg gjennom ein enorm kodelås.

Palassa er unikt utforma, og skil seg sterkt frå kvarandre både gjennom ariktektur og visuell presentasjon. Det første palasset i spelet tilhøyrer til dømes ein gymlærar som ser på skulen som sitt eige slott. Riddarar traskar gjennom gangane, og lysekruner heng frå taket. Etter kvart som ein går høgre opp i etasjane blir samtidig eigarens personlege trekk stadig meir tydelege. Han spring rundt i krune og kappe, og søylene i enkelte rom er kroppane til dei spreke ungdomsjentene han antastar i røynda.

Å finne fiendanes svake punkt er ein essensiell del av gameplayet.
Å finne fiendanes svake punkt er ein essensiell del av gameplayet. Foto: Atlus

Vi finn likevel labyrintar av den kjipe, gamle sorten i Persona 5 òg. Det så godt som endelause tunnelsystemet Mementos sender deg ut på jakt etter mindre skurkar som ikkje har gjort nok ugagn til å få sitt eige palass. Mementos er valfritt, og godt er det. Meir enn eit par timar i Mementos er nok til at eg blir lei av Persona 5 for ein heil dag, medan eg elles kan halde på frå morgon til kveld så og seie utan stopp. Dette seier strengt tatt ganske mykje om kor stort løft Persona-serien får av å gå over til handlaga dungeons. Det var ein svært godt grunn til at eg sleit med å kome meg gjennom tidlegare Persona-spel, den er borte no. 

Kven vil du vere i dag?

Palassa i Persona 5 er først og fremst frodig mark for fiendar, men nivådesignet er langt betre enn noko Persona-temaet har prestert før. I staden for intetsigande korridorar finn vi meiningsfylte planløysingar med eit og anna hinder ein må handtere. Alt er gjennomtenkt, og det gjer heile opplevinga langt betre.

Fiendane er mange, men ikkje for mange. Ein blir aldri lei og sliten av å kjempe, det er ikkje mange nok fiendar til det. I staden blir kvar kamp ei jakt på nye monster eller erfaringspoeng. Som før får vi turbaserte kampar der du kan velje å styre alle eller berre ein figur. I god Persona-stil er fokuset stort på å finne fiendanes svake element for å få eit kjapt overtak.

Dette overtaket er ganske viktig i eit av spelets viktigaste element; den Pokémon-inspirerte monsterjakta. Svimeslår du ein fiende kan du byrje å snakke med den, og om du er talefør kan du overtale den til å bli med deg slik at du får bruke den i kamp. På denne måten samlar du raskt inn ei solid mengde monster, eller persona som dei heiter her. Desse kan du byggje opp, ofre for å gjere andre personaer sterkare, eller kombinere med kvarandre for å skape heilt nye persona.

Alt som blir gjort i Persona 5, om det så er å gjere lekser på ein kafé, eller jakte monster i eit nytt palass tener eit samla mål; å bli sterkare, og få sterkare personaer. Når du møter nye folk oppnår du sosial kontakt med dei, denne kontakten tek ei form basert på Tarot-kort. Ein person gjev deg til dømes sosial kontakt basert på Keisaren, medan ein annan på elskarane. Dei ulike personaene du samlar inn er og baserte på eit Tarot-kort, og du kan lage kraftigare personaer om du har sterke sosiale band med vener som har riktig Tarot-kort.

Alle elementa i spelet møtast i eit herleg samansurium der alt er viktig, alt har meining, og du alltid har kjensla av at det du har gjort fører deg vidare.

Konklusjon

Persona 5 boblar nesten over med stil.
Persona 5 boblar nesten over med stil. Foto: Atlus

Persona 5 er det Persona-spelet eg har venta på. Det er eit spel som har alle dei glimrande tinga som har gjort serien til noko heilt unikt i så mange år. Samstundes har det gjort seriens kjipaste element til noko valfritt du kan klare deg heilt fint utan. Dei intetsigande labyrintane du vandra gjennom før er no ekstrainnhald, og i staden finn vi strålande dungeons fulle av utfordringar, og ikkje minst mål og meining.

Det har uhyre mykje å seie for opplevinga at spelaren kjenner det er ei overhengande meining ved å springe gjennom rom og gangar på jakt etter fiendar. Før i tida har den meiningan vore eit ubrukeleg «fordi», no er den ein essensiell del av opplevinga.

Persona 5 er eit spel det er vanvittig vanskeleg å oppsummere med få ord. Det er ein tenåringssimulator som samtidig er eit tradisjonelt turbasert rollespel, og det er dødskult. Det er så mange element ved dette spelet at det skal godt gjerast å finne og ha kontroll på alle. Samtidig er nettopp dette noko av det som gjer spelet så vellukka. Du kan ikkje ha kontroll på alt i livet, og det går ikkje i dette spelet heller. Du må berre hive deg i det, og håpe på det beste. Ein ting er i alle fall sikkert, du vil ikkje angre.

Sidan Persona 5 blokkerer skjermbiletefunksjonen på PlayStation 4, har vi ikkje fått tatt våre eigne bilete.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Vurdering


"Persona 5 er det Persona-spelet eg har venta på."

Persona 5 PS4 PS4 9/10 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. april 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Sega
  • Utvikler: Atlus

Beste priser

På lager 595,-
Ikke på lager 597,-

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen