Test

SteelSeries Arctis Pro Wireless og SteelSeries Arctis Pro med GameDAC

Arctis Pro med GameDAC er kanskje det beste gamingheadsettet pengar kan kjøpe

SteelSeries nye serie har fantastisk lydkvalitet og komfort utan like.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

For den mest dedikerte spelaren er god lyd essensielt. Det gir djupne til eksplosjonane, volum på fotstega, og klare dialogar. Skal ein få det beste av alt har audiofilhovudtelefonar vore det openberre valet. Men slik er det ikkje lengre. SteelSeries nye Arctis Pro-serie tar lydkvalitet og komfort til eit nivå som kan konkurrere med audiofilhovudtelefonar, og får til og med Hi-Res-sertifisering (med «Digital Audio Converter»).

Arctis Pro kjem med både ein trådlaus versjon som tar over for SteelSeries Siberia 840, og ei kabla utgåve med eller utan ein eigen DAC. Denne testen vil sjå på både den trådlause versjonen og DAC-versjonen.

Design og komfort

Dei nye Arctis Pro-hovudsetta er ei vidareutvikling av SteelSeries Arctis 7. Arctis-serien er litt meir vaksen enn dei andre gamingprodukta på marknaden, og byr på eit enkelt og stilig design. Utsjånadsmessig er ikkje forskjellen på Arctis Pro all verda samanlikna med Arctis 7, men ein ser klart og tydeleg at kvalitet er eit større fokus for Pro-serien. Bøyelen er laga av stål, og armane av aluminium. Å ha på seg dei behagelege stoffputene på øyrene er litt som å kose med ein fluffy katt. Dei pressar ein smule meir enn eg skulle ønskje på grunn av vekta til hovudsettet, men du skal leite lenge etter gaminghovudsett som er såpass komfortable som desse to. Lyddempinga til putene er òg heilt på topp, slik at du kan leve deg fullstendig inn i spela dine utan forstyrringar frå omgivnadane rundt deg.

Arctis Pro (kabel) er i praksis ein premiumversjon av Arctis 7 designmessig.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som på dei andre Arctis-hovudtelefonane til SteelSeries, får du ein skibrille-strikk over hovudet. Den gjer det særs enkelt å finne den rette innstillinga. For meg var det berre å hive hovudsetta på, så satt dei som ei kule. Sjølv personar med stort hovud vil enkelt finne ein behageleg posisjon for Arctis Pro med nokre justeringar av borrelås-reima på sida. Strikken er laga av same materiale som putene til øyreklokkene, så det vil vere like komfortabelt å ha hovudsettet hengande over nakken når du tar ein pause frå spelinga.

Stoffet i øyreklokkene er som ei gåve til øyrene dine.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er få designforskjellar mellom den kabla og trådlause utgåva. Den Arctis Pro Wireless har ein bluetooth-knapp, og den kabla versjonen har RGB-lys rundt øyreklokkene, men elles er konstruksjonen omtrent identisk. Dette gjeld også komforten.

Begge utgåvene har ein eigen muteknapp for mikrofon, samt eit rullehjul for volum på baksida av den venstre øyreklokka. Knappane er store nok til at ein når dei utan fikling, og overflata er rilla slik at ein kan trykke på dei med sveitte fingrar.

Det magnestiske lokket på øyreklokkene kan takast av, og skjuler batteriet på den trådlause versjonen. Ein kan òg fjerne lokket på det vanlege hovudsettet, så antakeleg kjem SteelSeries til å selje nye lokk med dekorasjonar på.

Når det kjem til design og komfort er altså dei to utgåvene like, men dei er langt frå identiske i lyd og brukarvenleik.

Lyd

Til einspelarspel, musikk og film er hovudtelefonanes reine lyd aldeles fantastisk. Det første eg gjorde då eg fekk hovudsetta var å fyre opp litt klassisk rock, og det kjenst nesten ut som eg satt rett ved sia av trommisen. Eg kunne høyre alle dei små nyansane i det pedalen traff overflata av basstromma. Det var ein veldig varm og tung lyd som fylte øyrene mine. Bassen kunne framleis vore kraftigare, men alle detaljane i lydbiletet gjer meir enn opp for dette. Den trådlause versjonen er den klart svakaste med tanke på lydkvalitet, men den slår framleis alt anna av trådlause gaminghovudsett ned i støvlane. Dette er eit legitimt alternativ til audiofillyd.

DTS-surroundlyden er glimrande til film og einspelarspel.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Du kan finne hovudtelefonar som lar deg høyre fotsteg betre, men med litt justering på den gode EQen så er Arctis Pro-hovudsetta kanskje dei beste allsidige hovudtelefonane du kan få tak i av det som er retta mot gaming. Dette er noko du kan bruke like godt til Counter-Strike: Global Offensive som God of War på PlayStation 4, eller som lytteverktøy for shreddinga di i Rocksmith.

Du får òg ta bruk av DTS sin nye surroundsound, som er direkte glimrande. Eg har ingen tvil om at GameDAC-versjonen kjem til å bli mitt nye standardhovudsett for einspelarspel, film og TV. Surroundlyden er langt på veg den beste eg har prøvd i eit gaminghovudsett. Igjen kan du få tak i betre løysingar for å høyre fotsteg, men den varme, romslege og oppslukande lyden du får med DTS v2.0 vil gjere mykje for innlevingskjensla i rollespel, film, tv og alt anna. Den legg òg eit nytt lag på den detaljert bassen, og gjer den litt tyngre. Det er ingen teikn til den metalliske klangen som surroundløysingar på gaminghovudsett vanlegvis har. Sjølv Windows Sonic og Dolby Atmos når ikkje opp til den nye versjonen av DTS.

GameDAC (kabelversjon)

For å kunne oppnå Hi-Res-sertifisering har SteelSeries inkludert ein eigen DAC med den kabla versjonen av hovudsettet sitt. Dette betyr at lydkvaliteten kan nå heile 40,000 Hz.

Personleg merka eg ingen forskjell på lydkvalitet mellom «vanleg» lyd og Hi-Res-modusen (96-kHz på min PC) anna enn at det blir mindre skurring ved bruk av gain og høgt volum. Modusen er altså kjekk å ha for den som vil ha trommehinnesprengande-volum (sjølv om hovudsettet ikkje gir fullt så høg lyd som eg skulle ønskja). Problemet er berre at Hi-Res er relativt ubrukeleg for gaming, for du kan verken bruke surround eller ChatMix med Hi-Res aktivert. Det er så vidt eg veit ingen spel som du faktisk kan få Hi-Res-lyd i, heller.

Sjølv om Hi-Res er ein gimmick for spelbruk, vil GameDAC gjere underverk for lyden elles. SteelSeries Arctis Pro kostar riktig nok nesten 1000 kroner meir med DAC – og den brukar ei USB-kopling som gjer at du neppe får kopla DAC-en til andre hovudtelefonar – men lydbiletet blir monaleg rikare.

GameDAC vil gjere underverk for lyden, sjølv viss du har eit hovudkort med god innebygd DAC.
SteelSeries

Sjølve DACen er ein liten boks med eit OLED-display, der du enkelt endrar på EQ og justerer ChatMix med volumhjulet, samt slår av og på surround. Du kan gjere det meste via SteelSeries Engine 3, men i praksis er det mogleg å endre alt utan å bruke programvare.

Menyane på GameDAC lar deg òg justere lysstyrke på skjermen, skifte input, og bestemme kva farge du vil ha på lyset til øyreklokkene på hovudtelefonane.

Kablane er relativt korte, slik at dette passar best viss du har ein pult. Kopling til PlayStation 4 blei eigentleg berre tull. Eg har ein 55-tommar skjerm, så då eg flytta stolen min nærmare enda det med at eg måtte flytte nakken kvar gong noko skjedde på kanten av skjermen. Difor er dette neppe den beste løysinga for konsollspeling viss du har konsollen under TVen. Eventuelt må du kjøpe lengre kablar separat.

Basestasjon (trådlaus)

Arctis Pro Wireless har ingen DAC, men kjem med ein basestasjon som fyller ein del av dei same funksjonane. Lydkvaliteten er ikkje like bra på det trådlause, men det er framleis nokre steg framfor den direkte konkurrenten Astro A50.

Den trådlause basestasjonen lar deg lade batteriet slik dei trådlause Siberia-hovudsetta gjer.
SteelSeries

Basestasjonen lar deg som med GameDAC skru på EQ, stille på ymse lys og ChatMix, men den fungerer også som lading for batteriet i det trådlause hovudsettet. Du får to batteri til Arctis Pro Wireless, slik at du kan ha eitt i hovudsettet, og eitt inni basestasjonen til lading. Det betyr i praksis at du ikkje treng å tenkje noko på levetida til batteriet (som er rundt sju-åtte timar).

Sjølve hovudsettet er linka opp mot basestasjonen via Bluetooth/2.4 GHz trådlaust. For å stille på dei ulike funksjonane trådlaus modus, må klikke på volumhjulet på hovudsettet.

Eg har eitt vesentleg problem med hovudsettet som skapar irritasjon. Avgrensingar i teknologien gjer at du vil høyre ein del «kvitt støy» i dei trådlause hovudtelefonane når du ikkje har anna lyd aktiv, eller til dømes høyrer på klassisk musikk. Har eg på ein anna form for underhaldning er volumet på støyet for lågt til at eg skal merke det, men elles tar eg heller av meg hovudsettet enn å ha det på når eg ikkje høyrer på noko. Det er litt som silisiumlotteriet ved kjøp av maskinvare dette her, for det ser ut som støynivået kan variere frå eitt produkt til eitt anna. Kjelder til forstyrring på frekvens vil òg ha ein del å seie.

Mikrofon

For at Arctis Pro-hovudsetta skal vere verdt prisen samanlikna med audiofilhovudtelefonar, er brukarvenlegheita med ein god mikrofon viktig. Her verkar det som dei har brukt nett den same mikrofonen som på den vanlege Arctis-serien. Med tanke på kor mykje pengar du betalar for hovudsettet, kunne dei godt påspandert oss ein litt betre mikrofon. Altså, den er i det ypparste sjiktet av mikrofonar når det kjem til gaminghovudsett, men du bør framleis ha ein ekstern mikrofon viss du skal drive med streaming eller andre formar for opptak.

Mikrofonen er veldig god - men den reflekterer ikkje heilt prislappen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

SteelSeries Arctis-mikrofonane kjem alle med såkalla «bidirectional noise-canceling», som gjer at den ikkje plukkar opp like mykje bakgrunnsstøy som ein konvensjonell mikrofon. Akkurat det fekk eg ein del skryt for på Discord, for dei er vande med å høyre ymse lydar frå gardstunet utfor vindauget mitt.

Programvare

EQen er enkel og grei.
Skjermdump SteelSeries Engine 3

SteelSeries Engine 3 har me skreve ein del om før i testen vår av SteelSeries Rival 600. Mykje av det same gjeld her, både med justering av RBG-lys og bruk av GameSense-funksjonen. Elles har programvara ein EQ-funksjon, som er litt lettare å bemanne enn den på basestasjonen og DACen. Her kan du sette opp ein drøss med eigne profilar, samt lage oppsett som berre aktiverast når du opnar visse spel.

Den kabla versjonen av Arctis Pro har ein ring av RBG-lys rundt klokkene, og begge versjonar av hovudsettet har eit lys på mikrofonen. Desse kan du stille på her. Igjen får du ein haug med innstillingsmoglegheiter, men det er ikkje fullt så oversikteleg som det kunne vore. Ved hjelp av SteelSeries sin GameSense-teknologi kan du òg synkronisere lyset med andre applikasjonar som til dømes Discord.

Sjølv om lyset er avgrensa til ei stripe rundt klokkene og på tuppen av mikrofonen, er det mange innstillingar du kan leike med.
Skjermdump SteelSeries Engine 3

GameSense-funksjonaliteten har ein del interaksjonar med GameDAC. Første gong eg starta opp Counter-Strike: Global Offensive med hovudsettet på, merka eg fort at DACen reagerte på kva eg gjorde i spelet. Dersom eg tok fram AWP-rifla, kunne DAC-skjermen vise kor mange skot eg hadde i magasinet. Den spora òg kor mange drap eg fekk. Det er framleis langt lettare å berre sjå på poengtavla inne i spelet, så eg ser ærleg talt ikkje poenget med dette, men ja. Det er litt kult, kanskje?

Konklusjon

Astro A50/A40 med MixAmp har lenge vore kongen av hovudsett til spel, med ein prislapp som reflekterer posisjonen. Det er på tide med eit regimeskifte. SteelSeries nye serie, Arctis Pro, lever fantastisk lydkvalitet, komfort utan like, ein god mikrofon, og brukarvenleik på høgt nivå. Er du mest opptatt av skytespel ville eg heller gått for noko som Audio-Technica ATH-ADG1x, men viss du ute etter eit produkt med bruksverdi i fleire sjangarar, er Arctis Pro-serien vegen å gå.

SteelSeries sjølv kallar dette den beste gaminglyden nokosinne. Når det kjem til gaminghovudsett, så lener eg mot å vere einig. Dette er faktisk eit legitimt alternativ til audiofilhovudtelefonar. Ein betalar litt ekstra for den heilheitlege gamingpakken her, men det gjer òg at ein slepp å styre med eksterne mikrofonar. Har ein pengane, er det vanskeleg å bomme med Arctis Pro.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
9
/10
SteelSeries Arctis Pro + GameDac
Arctis Pro med GameDAC er kanskje det beste gaminghovudsettet pengar kan kjøpe.
Eineståande lydkvalitet med GameDAC
Surround på heimekinonivå
Komfort frå A til Å
Byggekvalitet som reflekterer prisen
Hi-Res-sertifisert
Stilig RGB-lys
God lydisolering
Kort kabel
Pris
8
/10
SteelSeries Arctis Pro Wireless
Slår Astro A50 på både lyd, byggekvalitet og komfort.
Kanonlyd
Surround på heimekinonivå
Komfort frå A til Å
Upåklageleg byggekvalitet
God lydisolering
For mykje kvitt støy
Svindyr
Litt svakare lydkvalitet enn GameDAC-versjonen

Siste fra forsiden