Anmeldelse

The Banner Saga 3

Målet er nådd, men var det verdt det?

The Banner Saga 3 byr på meir av det vi kjenner, men klarar ikkje heilt å engasjere.

Eg lurer litt på om det eigentleg var noko meining i å gjere The Banner Saga til ein trilogi. Serien har gått nedover i ei ganske stødig kurve sidan den nydelege starten. I The Banner Saga 2 betydde alt litt mindre, og etter å ha gjort ferdig det avsluttande kapitlet sit eg ikkje igjen med den kjensla ein gjerne ynskjer etter å ha kome til vegs ende i ei storslagen forteljing. Eg har litt vanskeleg for å bry meg.

Stoic fortel framleis ei mørk historie om Ragnarok – verds ende – og situasjonen er på breistepunktet. Folk gjer dumme ting fordi det er slikt folk gjer når døden kikar deg over skuldra, og dumme handlingar får raskt konsekvensar for ein stakkars spelar som berre vil nyte eit spel.

Følgjet er delt i to, der vi på den eine sida skal redde byen Arberrang frå den sikre undergang, medan eit følgje soldatar har lagt ut på ein ekspedisjon inn i mørkret som sakte, men sikkert er i ferd med å svelje verda. Det er ein interessant dynamikk der vi i mørkret må handtere konfliktene som kan oppstå når ein gjeng harbarka krigarar som ikkje likar kvarandre må jobbe saman for å redde verda, medan vi i Arberrang må ha eit større bilete på ting.

Arberrang er ein stor by med mange svært forskjellige folk som har reist hit frå heile verda i eit siste håp om frelse. Slikt blir det kollisjonar av., og i løpet av spelet må du handtere konfliktar mellom ulike rasar, kuppforsøk og opptøyar frå folk som ikkje ser ut til å forstå sitt eige beste.

Det kan tidvis bli nervepirrande å skulle prøve å avverge ei potensiell katastrofe gjennom ei handfull dialogval, men Stoic har skildra menneskeleg forfall på ein god og overbevisande måte. Av og til blir det likevel berre irriterande. Ei av dei mest vedvarande utfordringane i The Banner Saga 3 er ein opportunistisk tosk som prøvar å ta over makta. Sjølv om det er noko truverdig bak folk som vil nytte ein kvar situasjon for eiga vinning, er det frustrerande å stadig måtte gå tilbake til ein idiot som burde ha vore lynsja i går, og som tek fokuset bort frå det som eigentleg burde gjelde.

Mykje av tida di går med på å snakke med dine allierte.
Stoic

Samstundes sig det fram ei kjensle av at alt som skjer i The Banner Saga 3 på sett og vis gjev meining. Vi får sjå mange gode innblikk i korleis desperasjon kan lede folk til å gjere ting ein aldri ville ha gjort elles. Det er lett å sjå føre seg at folk gjerne viser seg frå sine verste sider når verda går i grus rundt det.

Eg hadde derimot håpa på meir frå utviklarane når det kjem til korleis trilogien blir avslutta. Eg ber ikkje om ei årelang avslutning som i Ringenes Herre-filmane, men noko meir enn den brå, og nesten avvisande slutten The Banner Saga 3 gjev oss har vi faktisk fortent. Det er som om ein byrjar å lure på om det er ein vits. Ikkje ein einaste ting får ein akseptabel konkusjon, og dei mange karakterane vi har blitt kjende med blir umiddelbart sendt på dør. Du veit slutten er nær, men når rulleteksten brått dukkar opp på skjermen er det nesten som eit klaps i trynet. Heilt uventa, og nesten provoserande intetsigande.

Feil fokus

Sjølv om reisa byr på fleire interessant hendingar og fleire vanskelege val, som denne gong har ei rekke provoserande fatale konsekvensar, var det ikkje før desse konsekvensane dukka opp at eg eigentleg brydde meg. På eit punkt hadde eg nett fått meg ein fantastisk gjenstand eg tenkte skulle gjere beraren mykje godt, berre for at eg makteslaus måtte sjå eigaren døy knapt minuttet seinare gjennom ein dialog. Det er slik spelet straffar deg, brått, uventa og med konsekvensar som ikkje får deg til å kjenne på krigens elende slik det første spelet gjorde, men i staden gjer deg forbanna på utviklarar som på usympatisk vis brått stel krigaren du har brukt mest tid på å byggje opp.

Som vi peika på i vår vurdering av The Banner Saga 2 var det mykje viktig som forsvann etter at utviklarane skulle prøve å gjere spelet litt meir tilgjengeleg. Viktigast av alt var ressursar som lettare kom i hus, og eliminerte mykje av spenninga frå det første spelet. Dette er gjeldande i The Banner Saga 3 òg. Mat, folk og ressursar er så og seie irrelevant, heilt fram til slutten av speletnår utviklarane brått kastar ein ball i din retning du har ingen forutsetningar for å sjå kome.

Du er det einaste som står mellom Arberrang og avgrunnen.
Stoic

Denne gong handlar i staden alt om enten kamp, eller dialog. Svarar du feil kan fatale ting skje, folk kan døy, og når det først skjer er det så meiningslaust at ein nesten blir sint. Det er ei kjensle som er litt vanskeleg å forholde seg til. På den eine sida er det nettopp slik det gjerne er å miste nokon; brått, brutalt og meiningslaust. Men dette er likevel eit spel som gjev deg mange måtar å byggje opp krigarbanden din på. Du har ei enorm mengde av dei, fleire enn du treng, men du må ikkje bruke alle. Om du spelar korta dine riktig kan du fint høvle deg gjennom kampane ved å bruke berre to-tre krigarar som du byggjer opp til å bli formidable kampmaskiner.

Heilt til spelet brått riv vesenet frå deg utan åtvaring, og samstundes gjer det veldig tydeleg at sjølv om utviklarane gjev deg valet, har dei eigentleg ei ganske bestemt meining om korleis dette spelet skal spelast.

Krigarane vandrar gjennom mørkret for å få slutt på elendet.
Stoic

Solide kampar som aldri sluttar

På krigsfronten gjer The Banner Saga 3 nøyaktig det dei andre spela har gjort før, men dette i seg sjølv er ingen grunn til å rynke på nasa. Kampane har vore blant dei definitive høgdepunkta i serien, og dette er absolutt gjeldande for The Banner Saga 3 òg. Det er ikkje mykje nytt å hente i trilogiens avsluttande kapittel, men vi får nokre nye karakterar å kjempe med, nokre nye eigenskapar for veteranar frå tidlegare spel, samt nye moglegheiter for å byggje krigarane våre sterkare.

Ved å promotere krigarane dine langt nok, kan du no gi dei ein tittel, og titlar kan gje deg bonusar på alt frå styrke og forsvar, til kor mykje viljestyrke du har, og kor langt du kan gå. Det er eit glimrande tillegg som gjev spelaren enda større moglegheiter til å spesialisere krigarane.

Spørsmålet er om det er nok. Utover nokre forbetringar som let oss gjere krigarane våre sterkare, er dette nøyaktig det same spelet vi har spelt to gongar allereie. Vi får framleis firkanta rutenett der du går inn frå ei side, og fienden frå ei anna. Med unntak av eit og anna nedbrytbart hinder, er det ikkje meir til kampane enn å prøve å rotte saman krigarar som går godt i lag. Det er kjekt det, og du kan verkeleg få til nokre saftige samansetningar, men igjen, vi har gjort dette ført.

Solide mekanikkar er den viktigaste drivkrafta for å spele The Banner Saga 3.
Stoic

Ting tyder på at utviklarane har skjønt dette sjølv, og i eit nesten resignert forsøk å puste nytt liv i serien har dei introdusert forsterkningar. Dette er ein måte for deg å samle enda meir «renown» – ressursen du kjøpet mat, samt oppgraderer krigarar med – som om tilgangen ikkje var høg nok frå før. Når du har drept alle fiendane i ein kamp får du ofte eit val. Du kan flykte, eller du kan kjempe vidare, og om du kjempar vidare får du prøve deg på hamle opp med totalt to til tre bølgjer med fiendar. Du får utfordra deg, og det er ei god andledning til å få brukt nokre av krigarane du aldri brukar, men eg sit likevel igjen med eit nagande spørsmål. Var dette det beste utviklarane kunne finne på?

Når det er sagt er fundamentet kampane er bygde på solid som eit fjell, og det blir aldri keisamt å krige. Nokre gongar finn ein nye samansetningar av krigarar heilt tilfeldig, og då gjerne etter å ha blitt tvungen til å bruke krigarar du kanskje har ignorert så langt. Kampan er gode, det er innpakninga rundt dei som først og fremst hadde hatt godt av ei overhaling.

Konklusjon

Dette er eit av dei spela eg skulle ynskje eg aldri hadde spelt. Det er ikkje dårleg, men eg er så ubeskriveleg likegyldig til dets eksistens. Om eg hadde droppa å spele det kunne eg levd i trua på at avslutninga på trilogien som blei starta med eitt av dei beste spela frå 2014 held same nivå. Men The Banner Saga 3 gjer ikkje det. Det har gått for mykje tid. Eg bryr meg ikkje lenger like mykje om desse folka, og når du brukar fire år på å fortelje ei historie, då bør avslutninga vere bra. Den er ikkje det. Den er platt, utan substans, og framstår for meg som skriven av ein hormonell tenåring som har lest for mykje sørgjeleg romantikk for unge vaksne.

Ein og anna animert sekvens dukkar opp på viktige punkt i historia.
Stoic

Til og med musikken har mista fotfeste. Her og der glimtar Austin Wintory til med sine norrøne tonar, men når du er på bølgje tre av ein litt for lang kamp, og hyperaktive, aggressive og stikkande blåsarar skjer seg som ein rusten og sløv kniv gjennom hovudet ditt er det nok.

Eg klarar ikkje dette meir. Det er ikkje godt nok. Skal du lage ein trilogi får du jammen vere trygg på at du har nok å by på til å halde på spelaren. The Banner Saga-trilogien kunne med fordel ha blitt korta ned og omgjort til eitt spel som er hakket lengre enn eitt av dei individuelle kapitla vi har fått.

The Banner Saga 3 er ikkje eit dårleg spel, teknisk sett er det eit kompetent stykke arbeide, det er berre så ufatteleg unødvendig. I tillegg er det eit spel som er frykteleg vanskeleg å vurdere. Isolert sett er det eit solid spel, men i kontekst av sine forgjengarar når det ikkje opp. The Banner Saga byr på eit fascinerande og vakkert univers, men spel det første spelet i serien, og stopp der. Det kjem du til å tene på.

6
/10
The Banner Saga 3
The Banner Saga 3 er ikkje eit dårleg spel, det er berre så ufatteleg unødvendig.

Siste fra forsiden