Nokre gongar kjenner ein det i fingrane umiddelbart. Du veit kjensla. Kjensla av at dette berre følest bra. At alt sit som eit skot, og at noko er så moro at når det går skeis og skjermen går i svart er tanken om å avslutte ein fjern fantasi.
Ovis Loop er eit slikt spel, og det sjølv om det nesten drunkar i eit hav av sideskrollande pikselspel som enten byr på action, metroidvania, eller ein kombo av dei to.
Dette spelet byr på førstnemnde. Her er det ikkje mykje utforsking, men i staden korte brett med små plattformelement stappfulle av fiendar som spring på deg frå alle kantar. Det einaste som held deg i live er eit herleg presist kampsystem som gir deg full kontroll over situasjonen.
Det er din feil
Når alt sit som det skal er det din eigen feil om det går gale, og gale vil det sikkert tidvis gå, men det gjer ingenting. Ovis Loop legg seg inn under fana «roguelike», og byr på korte opplevingar der du tek ei og ei lita bane, og blir kasta tilbake til start om du døyr.
Ovis Loop er eit actionspel i ordets sanne tyding. Du spelar ein liten sau som tilsynelatande har mekanisk innmat, og du tek opp kampen mot alle ulvane som har teke over verda. Dette gjer du ved å kjempe deg gjennom ei rekke korte nivå i tur og orden. For kvar runde du tek deg, får du opp ei autogenerert løype der du med visse restriksjonar får velje kva utfordring du vil bryne deg på. For kvar utfordring du tek får du med deg nye passive eller aktive eigenskapar, samt diverse oppgraderingar.
Hovudattraksjonen her er utan tvil kampsystemet. Det er kjapt, presist og uhyre moro. Tenk deg eit klassisk plattformspel, berre med eit hissig kampsystem på toppen.
Hovudingrediensane er derimot ganske enkle, du har eit standard angrep som får mykje gjort, men i tillegg kan du dobbelthoppe, bykse unna, og bruke stadig fleire spesialangrep som kan dra kampstilen din i ulike retningar. Alle lagt til sin eigen knapp.
I løpet av mine timar med spelet har eg fått hente fram ein liten robot som skyt på fiendane medan eg prylar dei, ulike angrep som gir forskjellige typar skade, eit angrep som pressar alle fiendane saman, og mykje meir. Desse angrepa kan i tillegg oppgraderast på ulikt vis. Du kan gjere dei sterkare, legge til elementskade som til dømes eld, og mykje anna som opnar for at du kan forme delar av opplevinga sjølv.
Spelet legg iherdig opp til eksperimentering, og sidan alt skjer i eit intenst tempo, er det veldig lett å velje ulikt kvar gong.
Kjapt og moro
Strukturen i spelet er veldig enkel. Du vel deg ei av stort sett to baner, utan å heilt vite kva du går til, og kastar deg i det. Kanskje må du hoppe over nokre plattformer, og klatre opp nokre veggar. Andre gongar spring du berre gjennom eit landskap, møter nokon som har nokre få, velvalde ord, og kanskje får du ei gåve i form av utstyr eller oppgraderingar.
Lovleg kjapt møter du ulvane. Sidan du er ein sau gir det naturlegvis meininga at din argaste fiende er ulven, og dei slemme ulvane krydrar dei fleste bretta. Som regel byr eit nivå òg på ein større kamp, og her kan ein møte alt frå det som nærast framstår som hundrevis av små ulvar som enten slår eller skyt etter deg, til større, sterkare ulvar, og dei kan krevje hakket meir av deg når det kjem til teknisk briljanse.
Du angrip, bykser unna fiendens angrep, angrip igjen med små eller meir avanserte angrep, og byksar tilbake igjen. Det er ein rytmisk dans der du må følgje godt med på alt som skjer på skjermen, og milevis frå alle kampsystema med ganske trege kampsystem fokusert på å time blokkering og unnabyks.
Når ein hoppar unna her er det mest fordi ein må prøve å ta så godt vare på helsepoenga sine som mogleg. Dei poenga du avsluttar eit brett med blir overført til neste brett, og du er ikkje garantert noko medisin før runda er heilt ferdig. Mistar du halvparten på første brett, må du jobbe enda hardare for å halde deg i live på dei resterande bretta.
Lekker stil
Ein av dei tinga som verkeleg stikk seg ut med Ovis Loop er den kule visuelle stilen. Jaudå, dette er enda eit pikselspel i eit overbefolka landskap, men utviklarane har verkeleg gjort ein god jobb i å få dette spelet til å bli si eiga greie.
Vi møter eit sjarmerande, men dystert, post-apokalyptisk landskap presentert i piksellert teiknefilmstil med undertrykte sauer og undertrykkande ulvar i rollene. Landskapa er stemningsfulle og fortel mykje utan å bruke mange ord. Alle dei små figurane du møter på, områda du går gjennom, og både hovudpersonen og fiendane du møter har ein kul stil, og tydelege former.
Det siste er viktig, for det skjer mykje, og mange spel som kastar mykje på spelaren kan gå i fella å bli uoversiktlege. Du kan miste deg sjølv av syne, ikkje vite kvar du er i ein jungel av fiendar, lys og eksplosjonar, og det kan vere alt som skal til for at du mistar dine siste helsepoeng.
Ikkje ein gong mista eg oversikta her, sjølv om kampane bugnar over med fiendar og piksellerte eksplosjonar, og det er takka vere spelets herlege visuelle presentasjon.
Konklusjon
Ovis Loop er ute i Early Access no og framstår mest av alt som eit ypparleg spel for alle dei som treng mykje på kort tid. Her får vi enkle plattformsekvensar, nivå dandert med diverse fiendar, og ein del heftige kampar der du slår frå deg som om du aldri har gjort noko anna. For kvart korte nivå du går gjennom blir du sterkare på ein eller annan måte, og om det skulle gå skeis er ikkje tidsinvesteringa her så stor at det kostar noko å starte om att.
Det er òg eit spel med eit artig bakteppe. Ei dystopisk verd der ulvane har tatt fullstendig kontroll over sauene, er eit naturleg utgangspunkt for ein eit spel om ein lynkjapp ninjasau.
Det er mykje rart som endar opp i Early Access-form, og mykje er uferdig, og blir aldri ferdig. Når ein startar så vellaga som dette, er det derimot lett å bli optimistisk. Det er mange spanande indiespel der ute om dagan, men Ovis Loop er vel verdt ein kikk.
Ovis Loop er ute i Early Access no.