I eit intervju om oppskaleringsteknikken PSSR seier Mark Cerny til Digital Foundry, at bildegenerering vil kome til PlayStation.
Det er ikkje klart når dette skjer, heller ikkje kva konsoll det faktisk kjem til.
– Me har ingen fleire lanseringar planlagd for i år, men eg ser fram til å diskutere dette i framtida, seier Cerny.
Han fortel at det vil kome «ein gong på PlayStation-plattforma».
Bildegenerering har vore ein noko splittande teknologi på PC, men kan vere svært nyttig på skjermar med høg oppdateringsfrekvens, i alle fall viss spelet allereie er teikna med god nok bildefrekvens.
Sony samarbeider med AMD om konsollutviklinga av teknologien.
Det er allereie ei handfull spel på konsoll som brukar bildegenerering, som for eksempel Black Myth Wukong.