Call of Duty Modern Warfare 2 kjem i oktober

Skytespelserien er tilbake 28. oktober.

Det melder utviklarane på Twitter.

Årets innslag i serien plukkar opp der 2019-spelet Call of Duty Modern Warfare slapp. Det er altså snakk om eit heilt nytt spel, og ikkje ein ny versjon av Call of Duty: Modern Warfare 2 frå 2009.

NYTT COVER: Slik blir coveret til det komande spelet. Det er henta frå figuren «Ghost» si maske.

Activision Blizzard har vist fram ein kort videosnutt der me får eit gjensyn av gamle kjenningar, slik som John «Soap» MacTavish, Simon «Ghost» Riley og John Price.

Spelet blei først annonsert i april, men det er førebels få detaljar frå offisielt hald om kva som skal skje i spelet.

Rykta seier at spelet kjem til å handle om kampen mellom amerikanske myndigheiter og kolombianske narkokartell.

Infinity Ward har ansvar for utviklinga av spelet.

Siste fra forsiden