Anmeldelse

Dark Chronicle

Dark Chronicle er oppfølgjaren til Dark Cloud, eit av dei første eventyrspela til PlayStation 2. For mange er det ein klassikar, med sine tilfeldige labyrintar, og kreativiteten du kan putte inn i bygging av byar.

Side 1
Side 2
Side 3

Frå fisk til metall
Etter kvart som våpena sankar erfaring går dei også opp i level. For kvart level får våpenet nye tilgjengelege synth-poeng. Kva brukast så desse til? Enkelt forklart er dette kor mange nye eigenskapar du kan legge til våpenet ditt. Når du skal oppgradere eit våpen, går du inn på ein enkel og lettfatteleg meny, og vel kva gjenstand du vil kombinere med våpenet ditt. Når du trykker på noko i inventar-lista di, får du opp ein liten meny. Om du vel ”spectrumise” frå denne, vil du kunne velje kor mange av den gitte gjenstandstypen du vil legge til våpenet ditt. Etter at dette er gjort, vil du kunne synthe gjenstanden til våpenet ditt. Det er ikkje alle ting som eignar seg for synthing, så når ein skal oppgradere, får du oversikt over kva som vil skje med våpenet ditt om du fortset. Forskjellige gjenstandar kan gi våpenet betre eigenskapar i alt frå eld til varigheit, og korleis du vil ha våpenet ditt er eigentleg fritt opp til deg.

Noko som er smart å følgje med på er ”Build up” menyen. Om du trykker på våpenet ditt og vel ”build up”, får du sjå kva du må oppgradere for å bygge om våpenet ditt. Synth-prosessen gjer riktignok våpenet ditt betre, men ved å bygge om våpenet kan du få eit heilt nytt våpen, som løftar dei forskjellige attributtane fleire hakk. I tillegg til dette kan du også overføre eigenskapar frå eit våpen til eit anna. Moglegheitene er praktisk talt endelause i jakta på det perfekte våpenet, men det beste med oppgraderinga er likevel at det rettar fokuset meir over på å reise på eventyr enn på å samle saman nok pengar til nye våpen. Bruk og kast mentaliteten er lagt heilt på hylla i dette spelet, og det er lett å bli meir knytt til eit våpen for å sjå kva som skjer med det om du oppgraderar det fleire gonger. Det eksisterer riktignok ein del interessante våpen rundt omkring i spelet. Enten kan Max bruke sine talent til å finne opp nye, eller så kan du finne varierte våpen i butikkar og skattekister. Det er ikkje så ofte ein finn legendariske heltar springe rundt med ein frosen fisk i handa, men spør du meg, er dette ein trend eg gjerne vil sjå meir av i framtida.

Så var det Steve, ein robot som Max kan hoppe inn i når som helst ved eit lett trykk på R3. Som ved alt anna kan Steve oppgraderast når han har fått nok erfaringspoeng. Ei liste på oppgraderingsmenyen til Steve viser kor mange poeng du har, og kor mange poeng ei ny oppgradering kostar. Desse oppgraderingane kan vere alt frå rulleskøyter til den mindre nødvendige stemmekommunikatoren. Det er mange område som har fiendar Steve nærmast er nødvendig for å ta knekken på. Felles for både Max, Monica og Steve er at etter kvart som dei brukar våpena sine, må dei reparerast. Dette gjer du enkelt ved å gå inn på menyen, klikke på våpenet ditt, og reparere det. Du må riktignok ha ein pose ”repairpowder” for kvar reparasjon du utfører, så det er viktig å sørge for å alltid ha nokre posar ekstra. I tillegg har Steve drivstoff i staden for helse, og denne går konstant nedover når du brukar han. Du kan ikkje fylle opp tanken andre stadar enn mellom bretta, så det beste er å kun bruke han når du har bruk for han.

Eit spel som berre gir, og gir
Sidan Max kan bruke Steve når som helst, ville det jo ha vore nesten urettferdig om Monica ikkje hadde ei eller anna form for spesialvåpen. På same måte som Max, kan Monica skifte ham ved eit trykk på R3, men det er ikkje noko form for robot eller liknande. Monster av alle forskjellige sortar er Monicas spesialitet, og å sjå ein sint liten blomst springe rundt på bakken, er ganske festeleg. Det får ein til å tenke på all den kreativiteten som er lagt inn i spelet. Det er vanskeleg å finne noko negativt i det heile tatt. Ein blomst er ikkje alt Monica kan omforme seg til. Ved å kjøpe forskjellige merke, får ho tilgang til forma til den skapningen merket symboliserar.

Det er så mange ting å gjere i Dark Chronicle at det er lett å gløyme at du faktisk har ei historie å ta deg av. Har du lyst på ein hobby? No kan du finne deg ein i Dark Chronicle, det er mykje å velje mellom. Eller kva seier du til å vere golfar, fiskar, fotograf eller arkitekt? Det er like lett å bli fiskegal i Dark Chronicle, som det er i den verkelege verda, og få meg ikkje inn på golfen. Den viktigaste hobbyen er riktignok den som arkitekt. I Dark Cloud kunne du som nemnt tidlegare, bygge landsbyar. Dette konseptet er teke enda lengre denne gongen. På mange måtar kan ein seie at hovudoppgåva di er å byggje byar. Av grunnar vi ikkje vil gå inn på for å spolere ei riktig så fornøyeleg historie, må du gjenbygge byar for å setje ting tilbake slik det skal vere.

For å bygge ein by må du først ha eit område som tillet deg å vere kreativ. Fleire slike område vil bli tilgjengelege etter kvart, og det byrjar i det små. Seinare vil forskjellige typar terreng by på forskjellige utfordringar når du skal bygge din by. Det er klart at det er lett å miste fokus når ein skal bygge sitt eige lite paradis, og dette har Level 5 teke notis av. Kvart område blir på fint kalla for eit Georama, og kvart georama har visse krav som må vere innfridde for at du skal kunne utforske historia vidare. Kva desse krava er, finn du ut ved å finne geosteinar rundt om kring på dei tilfeldig genererte bretta. Desse blir så lasta inn i ein maskin. Det er denne maskinen du byggjer alle elementa til byen din med, og det er ein festeleg doning med armar og bein som står ut til alle kantar. Med denne kan du bygge alt frå hus til eit variert utval lamper, alt du har lyst på for å setje ditt personlege preg på byen din vil du få bruke. Om fargen på noko skulle vere det einaste negative, kan du sjølvsagt måle om. Så snart du har lasta ned geosteinen i maskinen, får du vite kva du må gjere på den staden du befinn deg. Kanskje må du byggje nokre hus, for så å få nokon til å flytte inn. Det første du då må gjere er å få tak i ressursane du treng for å bygge huset. Deretter må du overbevise nokon om at huset du har bygd, er mykje finare enn alt han eller ho har opplevd tidlegare.

Her dukkar enda eit element opp. Det er ikkje berre å invitere folk med deg, neidå, det er verre enn som så. På kvart georama er det visse krav om kven som skal bu i byen din. Kanskje må du ha ein kokk, eller ein gartnar. Vel, då må du finne kokken og gartnaren, og dei blir ikkje med deg sånn utan vidare. Visse personar blir med deg utan alt for mykje ståhei, medan andre er litt mindre medgjerlege. Ei lita jente vil til dømes at du skal finne ho ein stad i byen, ein fin leik kanskje, men det er ikkje alltid like lett å finne nokon i ein stor by som gir inntrykket av å vere nettopp det, ein veldig stor by. Andre igjen vil kanskje at du skal finne ting til dei, eller at du skal gå ærend for dei. Det fine er at det er stor variasjon her og, det blir aldri kjedeleg og uinteressant. Det byr heller på enda meir variasjon i eit spel, som omtrent ikkje kunne vere meir variert.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden