Anmeldelse

Dark Chronicle

Dark Chronicle er oppfølgjaren til Dark Cloud, eit av dei første eventyrspela til PlayStation 2. For mange er det ein klassikar, med sine tilfeldige labyrintar, og kreativiteten du kan putte inn i bygging av byar.

Side 1
Side 2
Side 3

Vakkert og sjarmerande
På tide å seie nokre fleire ord om grafikken. For å seie det enkelt, du har ikkje sett noko før du har spelt Dark Chronicle ei stund. Innleiingsvis verkar det kanskje ikkje så storslagent, men det er før grafikken sig inn på deg, og du oppdagar kor gjennomført det er. Som sagt brukar det Cel-teknikk. Slike spel har ofte ein lei tendens til å bli litt for glinsande i kantane, og kontrastane er gjerne litt overdrivne. I Dark Chronicle er dette gjort med omtanke, og det er fleire lag med skugge som spelar på kvarandre, i motsetning til andre, der det gjerne er eit par tre fargar som står for variasjonen. I tillegg har alle karakterar svake konturar som framhevar dei i forhold til bakgrunnen. Dette er gjort på ein så tilbakelent og beskjeden måte at dei aldri tek oppmerksomheita vekk frå karakterane, men heller dreg blikket mot dei. Resultatet er av og til som teke rett ut av ein teiknefilm. Det er veldig søtt og sjarmerande, det er ingen overdriven bruk av effektar. Alt gir uttrykk for å vere gjort med meining.

Visse småting dreg likevel ned her og der. I enkelte område vil du møte på usynlege veggar, til dømes finn du gater i Palm Brinks, heimbyen til Max, du enkelt og greit ikkje har tilgang til. Her og der er slike område stengt igjen med stablar av kassar, men det forandrar likevel ikkje at det er lett å bli litt oppgitt når du av ukjende grunnar ikkje får gå til visse område. Ein grunn til at det er slik, kan vere at det skal vere med på å gi illusjonen av at ting er større enn kva dei eigentleg er. Om vi ser på Palm Brinks, så kan du nærmast gå deg vill. Det er eigentleg ikkje så mange vegar du kan gå, stort sett må du følge ein bestemt veg. Visse avstikkarar har vi sjølvsagt, men synsfeltet er mykje større enn friheita di. I slike store område er også fleire forskjellege miljø fletta saman utan noko som helst form for ladetid. Igjen kan vi ta eit eksempel med Palm Brinks; om du bevegar deg ut av bykjerna vil du kome inn i eit grønare område der adelen bur. Flyttar vi litt meir på oss finn vi ein stor park med eit like stort vatn. Det skiftar også kontinuerleg mellom natt og dag, og både stjerner og skyer kan ein sjå reflekterte i vatnet.

Like sjarmerande som resten av spelet er musikken. Om du ikkje finn deg sjølv sitjande å plystre i sofaen er det noko alvorleg gale med deg. Det er ein særeigen sjarm som ein ikkje høyrer så ofte. Den er forferdeleg sukkersøt, men den står veldig godt til teikneseriepreget spelet har. Likevel kunne kanskje melodiane har vore litt meir varierte, sidan mange av dei same går om igjen mange stadar. Til dømes har kvart område sitt eige tema, som går igjen på kvart einaste brett til du er ferdig. Du har ein melodi når du går rundt og leitar etter fiendar, som glir over i kampmusikk så snart du svingar våpenet ditt mot eit beist som snart skal møte sin skapar. Når du har nedkjempa alle monstera på eit brett, kjem ein ny melodi inn, som på ein ganske elegant måte fortel deg at: ”No kan du gjere kva du vil, faren er over.” Sistnemnde er også tilstadeverande i alle område du skulle besøke, men du blir i så godt humør av den, at det blir meir som eit gledeleg gjensyn, enn som: ”Å nei, ikkje den igjen!”

Noko som er i ferd med å bli meir populært i nyare eventyrspel, er å gi stemmer til figurane du møter. Som forventa har ikkje alle folk som spaserar rundt i gatene si eiga stemmeprakt, men alle som har betydning for historia, møter deg med kreativ dialog, og det pustar om mogleg enda meir liv inn i spelet. Så og seie alle karakterane har stemmer som overgår det meste du vil finne i noko anna spel. Det er forferdeleg mange dårlege skodespelarprestasjonar ute og går i spelverda, og Dark Chronicle er eit hederleg unntak. Eit par kjende namn har dei også fått med seg, blandt anna Mark Hammil, betre kjend som Luke Skywalker, i rolla som ein av dei mindre hyggelege personane. Dessverre så er det hakket mindre innleving i stemmene til Max og Monica enn kva vi finn ellers i spelet, men aldri nok til at det blir kjedeleg å høyre på.

Konklusjon
Det er vanskeleg å finne ord som kan gi dette spelet den ros det fortener. Det er nesten for godt til å vere sant. Det er slike spel som verkeleg får ein til å innsjå kor mykje søppel som blir prakka på oss. Allereie når du ser omslaget, bør du forstå at dette er noko heilt spesielt. Dark Chronicle har så og seie alt; god historie, nydeleg grafikk, og ei levetid som kan vare ein mannsalder, alt etter kva som interesserar deg. Den største fordelen til Dark Chronicle er at det er nesten latterleg enkelt å setje seg inn i. Dei fargerike og flotte menyane er like lette å bruke, som dei er behagelege for auget. Om du likevel skulle ha problem med noko, så kan du berre ta ein kikk i hjelpemenyen, og svaret på spørsmålet ditt er berre eit knappetrykk unna.

Dette er første gongen eg i det heile har vurdert å gi eit spel full pott, men i dette tilfellet var eg ikkje i tvil. Dark Chronicle har sjølvsagt små ting ein kan hakke ned på, men dei er så små og ubetydelege at det følest like tåpeleg å legge vekt på dei, som å tørke blomane etter eit regnskyll. Det eksisterar ikkje ein einaste god grunn til å unngå dette spelet, det er eit meisterverk utan sidestykke, og du har rett og slett ikkje råd til å gå glipp av det.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden