Sniktitt

Dark Messiah of Might & Magic: Elements

Ubisoft sliper sverda og testar magiske formular før dei kastar deg ut i den harde middelalderen.

Eg veit ikkje heilt kva tankar som svevar rundt i kloke hovuda til Arkane Studios. Når vi har noko bra, når vi har noko interessant og spanande vi godt kan utforske meir, kvifor hiv vi det ned i kompostkverna, og sørgjer for at det aldri ser dagens lys igjen?

Trailer: Dark Messiah of Might & Magic: Elements

Vis større

Trailer: Dark Messiah of Might & Magic: Elements

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • dark messiah
  • elements
  • dark messiah of might & magic
  • might & magic


Eg snakkar om heile essensen til Dark Messiah of Might & Magic på PC. Her kunne du fekte med sverd, du kunne skyte boge, eller kaste eldkuler. Det var heilt opp til deg kva du ville gjere, og det var noko du bestemde deg for samstundes med at du spela. Den einaste verkelege fellesnemnaren, var å drepe fiendar. Drap du fiendar, fekk du erfaringspoeng. Med desse poenga kunne du velje heilt på eiga hand kva veg du ville gå. Du kunne byggje opp dei eigenskapane du ville ha, og ignorere dei andre. Det var ingenting som heitte klasse, du var den du var, kva no det måtte vere.

Gløym det! Dette er historie, og det kjem ikkje tilbake. I Xbox 360-versjonen av Dark Messiah of Might & Magic (som har fått det klengande etternamnet «elements»), har alt blitt så strømlinjeforma og stilisert at sjela har funne ut at den trivst best saman med sin fjerne slektning kameleonen. Den er ikkje så lett å få auge på altså.

Meir fokus

I denne utgåva av spelet veljar du mellom fire klassar. Du kan vere krigar, bogeskytar, leigemordar, eller magikar. Når du går opp i erfaringsnivå, får du automatisk nye ferdigheitar utifrå eit stigesystem. Kvart nivå låser opp noko nytt, men det ser ikkje ut til at du får nokon kontroll over kva du vil velje. Dei store forskjellane kjem utifrå korleis dei forskjellege klassane løyser utfordringane som ligg framfor dei. Ein krigar spring inn med full makt, medan ein bogeskytar eller magikar gjerne forsøk å plukke ned fiendane frå avstand.

Som med PC-versjonen spelar fysikk ei stor rolle i spelet. Du kan sparke fiendar inn i skarpe gjenstandar, og du kan rulle tønner mot dei for å unngå at dei kjem for nære. I tillegg kan du rive ned søyler, eller kutte tog, noko som får til dømes tønner og kassar til å rase ned.

Det var ikkje berre erfaringsystemet til Dark Messiah of Might & Magic som var noko unikt. Spelet var eit av dei første spela som verkeleg fekk til sverdkamp i førsteperson. Dette har dei gjort sitt beste for å overføre til Xbox 360, og det ser ut til at dei har lukkast med det. Du slår med ein knapp, og ved å halde den inne ei lita stund vil du lade opp til eit kraftige angrep. Om du ikkje vil bruke sverd, fungerer dei andre våpna på same vis. Du trykkjer inn angrepsknappen og fyrer laus. Om du skal sende ei eldkule vil du i tillegg kunne styre denne med analogstikka. Akkurat dette fungerer eigentleg betre på Xbox 360 enn på PC.

Eit lite uromoment som dukkar opp med tanke på at spelet no inneheld fire klassar, er balansen mellom dei. Til dømes er bogeskytaren ein ganske merkeleg klasse. Det er moro å skyte med boge, men det tek ikkje så lang tid frå du slepp den første pila, til fienden sender øksa si i din retning. Då må du ty til sverd, og klassen endar eigentleg opp som ein krigar som kan bruke boge på avstand. Det er sjølvsagt for tidleg å seie noko om korleis dette vil utvikle seg i spelet, sidan du godt kan få eigenskapar som gjer deg mykje meir dødeleg med bogen.

Fingrane frå fatet!

Dark Messiah of Might & Magic: Elements ser ut til å bli eit kompetent action-spel, men det er visse ting som vekkjer litt uro. Først og fremst er dette eit resultat av at du ikkje lengre får velje klasse sjølv. Til dømes fann eg i test-versjonen mange våpen liggjande rundt omkring, men desse har alle fått namnet samleobjekt, og eg kan ikkje bruke dei. Det ser ut til at dei einaste våpna du kan bruke, er dei som er tileigna klassen din. Dette kan ein forstå sidan ein magikar gjerne ikkje er den beste sverdfektaren, men det er litt bittert å finne tjukt med våpen overalt, utan å få bruke nokon av dei.

Les også
Anmeldelse: Dark Messiah of Might & Magic: Elements

Noko som er heilt tydeleg av den vesle tida vi har fått med spelet, er at Arkane Studios har gjort meir enn å forandre på klassane. Mange av områda i spelet ser ut til å ha blitt forandra, medan andre igjen har blitt skifta ut med nye. Dei nye områda ser ut til å fungere godt, og burde gi dei som allereie har runda PC-versjonen ein ekstra grunn til å spele spelet ein gong til.

Presentasjonen av spelet held kva ein forventar i forhold til PC-versjonen. Den bombastiske musikken er nok det første du vil leggje merke til, men spelet har òg veldig god design. Sjølv om spelet kanskje ikkje er det mest teknisk imponerande du vil få sjå, er det mykje god lyssetting og arkitektur som vil glede auga dine.

Konklusjon

Om Dark Messiah of Might & Magic Elements kjem til å bli ein stor kassasuksess gjenstår å sjå. Den nye versjonen av spelet framstår eigentleg som noko innsnevra. Kvar av dei fire klassane spelet byr på er interessant og engasjerande i seg sjølv, men det er lett å sakne dei vala originalversjonen gav deg. Det er likevel mykje underhaldning å hente her, og vi får ikkje sjå solid middelalderaction i førsteperson for ofte. Dark Messiah of Might & Magic til PC var eit spel som kunne underhalde stort med sitt nyskapande kontrolloppsett, og den valfriheita du fekk i korleis du ville løyse utfordringar. Akkurat dette ser Arkane ut til å ha tatt vare på med stil, så du skal ikkje sjå bort frå at du kjem til å kose deg med å sende orkar og troll inn i avgrunnen.

Siste fra forsiden