Anmeldelse

Dynasty Warriors 9 Empire

Den store tolmodstesten

Når spelet kjem i vegen for seg sjølv blir det vanskeleg å henge med.

Med sitt forsøk på å by på klassisk Dynasty Warriors-gameplay i ei moderne og tidsriktig opa-verd-drakt, gjekk det ikkje heilt vegen for Omega Force då Dynasty Warriors 9 blei lansert for nokre år tilbake. Det var ikkje alle som var heilt med på opa-verd-notane, og når Omega Force no som vanleg kjem den taktiske Empire-versjonen av sitt nyaste Dynasty Warriors-spel, er det utan eit einaste teikn til ei opa verd å farte rundt i.

Her er det Dynasty Warriors på gamlemåten, med ein kongestyresimulator attåt. Det fungerer ikkje alltid heilt som ein skulle håpe.

Meir enn banal action

Det vi ventar oss frå eit Dynasty Warriors-spel: Flagrande fiendar.
Koei Tecmo

Dynasty Warriors-serien har i sin galskap der ein helt kan knerte tusen alltid hatt eit snev av strategi over seg. Karta har alltid vore fulle av blå og raude punkt som symboliserer basane til fiendar og allierte. Kva fiendebasar du tek kontroll over kan ha mykje å seie for korleis det vidare slaget utviklar seg, og i Dynasty Warriors 9 Empire handlar så å seie alt om taktiske avgjersler. Når du er i kamp vil du møte det du er vand med frå Dynasty Warriors, eller ein av dei nyare avhopparane som Hyrule Warriors eller Persona Strikers.

Du spring rundt med ein utspjåka og motebevisst krigar som spring inn i store flokkar med fiendar, hiv dei rundt som om dei var laga av isopor, tek over ein base eller to, og spring vidare mot neste klynge der du kanskje møter ein hakket sterkare fiende for ein ørliten duell. Fiendane prøvar å ta område, du prøvar å ta område, og det heile kan bli ein liten taukamp der den som dreg riktig tau først er den som kjem sigrande ut. Eitt og anna ekstra strategisk element som små sideoppdrag har blitt lagt til, men jamt over handlar det berre om å svinge våpenet rundt seg med stor iver.

Opplevinga surnar derimot litt fordi Dynasty Warriors 9 Empires er ulideleg einsformig. Det er det same heile tida. Enten skal du ta over eit fort, eller så skal du forsvare eit fort. Så enten må du forsvare krigsvåpen som katapultar og rambukkar, eller så må du ta kontroll over dei. Målet er enten å ta den invaderande styrka sitt kontrollpunkt, eller ta over den forsvarande styrka sin base.

Når du har gjort dette nokre gongar byrjar ein allereie å bli litt utmatta. Eg treng noko meir. Litt variasjon i kva eg skal gjere, kvar eg skal gjere det, korleis eg gjer det. Slike ting som spela til Omega Force stort sett er flinke på, men som her er fullstendig ignorert. For all del, gameplayet er moro i seg sjølv, og det er ein vanvittig haug med krigarar å velje mellom, men det heile framstår som å spele eit nivå i eit tårnforsvarspel om igjen og om igjen utan teikn til nytt innhald.

Mitt kongerike for ein lama

Koei Tecmo

At dette er eit Empires-spel kjem òg med sine konsekvensar. Om du ser føre deg at dette er eit typisk Warriors-spel der alt du eigentleg skal gjere er å daske fiendar på rumpestumpen til dei små timar, tek du feil. Her skal eit kongedøme styrast, avgjersler skal takast, provinsar skal forsvarast, provinsar skal angripast, sosiale band skal knytast, og eit heilt land skal haldast med mat og ressursar.

I korte trekk betyr alt dette menyar. Mange, mange menyar, og det er noko skit. Management-elementa i seg sjølve er greie nok, men du får ei lang lastepause etter kvart einaste val som er tatt. Det er veldig merkeleg korleis nokre menyar i eit spel som køyrer frå ein kraftig konsoll med SSD-disk kan bruke så mykje tid på å laste inn nokre tal og oppdateringar, men sånn er det. Å utføre val er gjerne ein kort prosess. Så kort at ein gjerne brukar meir tid på å vente seg gjennom lasting enn på å gjere noko. Det er ille.

Ved sidan av dette prekære problemet manglar det litt meining bak alt. Det er greitt nok å velje om fokuset denne månaden skal vere på å samle gull eller mat, eller om du har lyst til å vandre rundt i ein by for å prate med folk og byggje relasjonar du strengt tatt merkar lite praktisk effekt av, men er det verdifull bruk av tid?

Eg vil seie nei. Det meste av tida eg brukar på å prøve å bestikke rivalar eller trene soldatar via eitt enkelt knappetrykk er tid eg mykje heller brukar på å krige ute i felten der eg høyrer heime, men så blir det òg litt keisamt etter ei stund fordi det er så mykje av det same om att.

Teksturarbeidet er i ein klasse for seg.
Koei Tecmo

Mykje innhald

Det manglar ikkje på mengda her. Det er enormt med innhald, mange detaljar og ting ein kan setje seg inn i for dei som verkeleg vil tyne og detaljstyre. Det er eit vanvittig mylder av krigarar som alle har bakhistorier og kan spelast eller pratast med. Det store spørsmålet er berre kvifor? Kvifor skal eg bry meg? Kvifor skal eg gjere alt dette? Kvifor skal eg lese side opp og side ned om ein krigar som tilfeldigvis dukka opp i dag?

Eg ser ikkje noko mål bak det. I staden for å dytte så vanvittig mykje innhald inn i spelet sitt kunne utviklarane godt ha pynta litt på den nitriste grafikken som uansett kvar du er og kva du gjer klarar å gjere alt stygt, grelt og fråstøytande. Det einaste som eigentleg ser bra ut er nokre av dei temmeleg forseggjorte figurmodellane. Dei er utspjåka og fargerike, men eit spel treng strengt tatt meir enn det.

I det minste er musikken akkurat passe pompøs til at den pumpar deg opp litt. Som forventa er det rikeleg med cheesy japansk rock her, men det er òg ein haug med stemningsbyggande musikk som set den rette atmosfæra for eit spel om krig og intriger i gamle Kina.

Konklusjon

Dialogen i dette spelet er av svært høg kvalitet.
Koei Tecmo

Det er litt pinleg at med alle dei spela Omega Force har bygd på Warriors-formelen, så er det houvdserien sjølv som blir det dårlegaste produktet. Dynasty Warriors 9 Empires manglar rett og slett den essensielle moro-faktoren som ikkje berre får deg til å spele, men som gir deg lyst til å spele.

Eg skal ikkje lyge, eg har det moro med Dynasty Warriors 9 Empires, men i små doser. Variasjonen i kva du gjer her er minimal, og det seier sitt når vi snakkar om eit spel bygd på Warriors-formelen. Variasjon har aldri vore ein av seriens styrker.

Det blir for mykje av det same i endelause rekker. Det same snevre utvalet kart med øresmå justeringar, dei same hendingsforløpa, og spelet byr aldri på nok variasjon til at det er verdt å halde på i lengda. Om du vil sjå kor moro denne sjangeren kan bli, vil eg heller anbefale deg å spele Hyrule Warriors: Age of Calamity eller Fire Emblem Warriors, to praktfulle døme på kva denne serien kan by på.

Dynasty Warriors 9 Empires er tilgjengelig på PlayStation 5, PlayStation 4, Stadia, Xbox Series X/S (testet), Xbox One, Nintendo Switch og Windows.

5
/10
Dynasty Warriors 9: Empires
Manglar underhaldningsfaktoren serien er kjend for.

Siste fra forsiden