25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer.

Dette er den nye handkonsollen til Lenovo

Kraftigare maskinvare, lengre batterilevetid og lågare skjermoppløysing er oppskrifta for Legion Go 2.

Lenovo

Lenovo Legion Go 2 skal lanserast i nær framtid.

Forgjengaren var ein litt meir eksperimentell handkonsoll enn Steam Deck og Asus ROG Ally, og den nye utgåva ser ut til å gå i same spor.

Lenovo har bestemt seg å justere ned skjermoppløysinga frå førstegenerasjonens 2560x1600 til 1920x1200.

Den nye konsollen får ein 8,8-tommar OLED-skjerm med variabel oppdateringsfrekvens mellom 30 og 144 hertz, som har lysstyrke på 500 nits og støtte for HDR.

Dyr moro

Konsollen vil kome i fire ulike modellar, melder The Verge.

I USA er basismodellen til 1100 dollar utstyrt med ein AMD Z2-prosessor, 16 GB RAM og 1 TB lagring. Dei norske prisane er ikkje klare enno.

For 1200 dollar kjem konsollen med 32 GB RAM, og til 1350 dollar kan ein få konsollen med den litt kraftigare AMD Z2 Extreme-prosessoren.

Den aller dyraste modellen har 2 TB lagring, som kostar saftige 1480 dollar. Lenovo skriv at konsollen er utstyrt med «opptil» ein AMD Radeon 890M som integrert skjermeining.

Batteriet skal ha 50 prosent høgare kapasitet enn forgjengaren.

Ikkje SteamOS

Veslebroren Lenovo Legion Go S kjem med SteamOs, men denne er basert på Windows 11.

Kontrollarane skal vere meir ergonomiske enn på førstegenerasjonen.

Siste fra forsiden