Test

MSI RTX 3060 Ti Gaming X Trio

Dette er rett og slett for dumt

Prissituasjonen i skjermkortmarknaden har tatt heilt av.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Konklusjon
2: Benchmarking

MSI RTX 3060 Ti Gaming X Trio er eit mellomklasseskjermkort frå den nye Ampere-arkitekturen til Nvidia. Kortet kom ut før jul, men me har ikkje fått høve til å teste det før no. Det er uansett fullstendig håplaust å få tak i skjermkort for tida, så det har eigentleg ikkje så mykje å seie.

RTX 3060 Ti kan freiste med 8 GB GDDR6-videominne, 4864 CUDA-kjernar og ein klokkehastigheit på 1670 MHz. Som veslebror RTX 3060 har kortet støtte for DLSS og strålesporing. RTX 3060 Ti er ein direkte arvtakar for RTX 2060 Super frå førre generasjon, og legg seg rundt ytinga til RTX 2080.

Testing av skjermkort

Vis mer

Gamer.no set ikkje karakter i denne testen, og det vil me nok heller ikkje gjere i andre skjermkortestar med det første. No er prisane så enormt høge at dei endrar kva produsentane har tenkt at produkta skal vere. Med tanke på at det uansett er omtrent umogleg å kjøpe desse no, så kjem me tilbake med ein karakter seinare.

MSI sitt Gaming X Trio-kort kjem med ein auka klokkehastigheit på 1830 MHz og ein prislapp på 7690 kroner (6790 for ei veke sidan). Skjermkortet er som alle dei andre produkta på marknaden eit offer for ei veldig prisauke. Ved lanseringa i midten av desember kosta dette knappe 5600 kroner, og no ligg det altså på same prisnivå som RTX 3070 gjorde ved lansering.

Dette er definitivt ikkje den beste tida å handle skjermkort på.

Design

MSI RTX 3060 Ti Gaming X Trio har nett den same utsjånaden som dei andre Gaming X Trio-korta me har vore borti. Me brukar difor ikkje så mykje tid på designet. Det kan du lese meir om i testen av vår av RTX 3090.

Kort fortald er designet basert på Twin Frozr 2-kjølaren til MSI, som har fått eit lite ansiktsløft for Ampere-arkitekturen. Produsenten byr på ei stilrein bakplate i svart med kvit logo, samt eit lite «vindauge» inn til innmaten i skjermkortet.

BAKPLATE: MSI har ikkje gjort ein tøddel med designet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kortet måler 32,3 centimeter i lengda, og er slik sett ein koloss for å vere eit mellomklassekort. Det er mange kabinett som ikkje har nok plass til å akkommodere så store skjermkort, så ver sikker på at du får inn kortet før du eventuelt bestiller. Med sine 1,4 kilo er det òg tungt. MSI leverer ein støttebrakett i eska i tilfelle kortet veg for mykje for maskinen din, noko du bør setje inn viss du trur det kan bli behov for meir støtte. Det kan spare deg mykje hovudbry dersom noko skulle skje.

Denne varianten av RTX 3060 Ti har elles to 8-pin-straumkontaktar, saman med tre DisplayPort-utgangar og éin HDMI-utgang.

Yting

Eg var ikkje superimponert over ytinga til RTX 3060 då eg testa det for ei stund sidan. Til neste år blir nok sikkert RTX 3060 eit betre kjøp igjen, men no er nok RTX 3060 Ti ei betre investering.

På tvers av testane våre får MSI RTX 3060 Ti Gaming X Trio ein gjennomsnittleg biletefrekvens på 120 i 1080p, mot 108 med RTX 3060. Det gjer at ein skjerm på 144 hertz vil passe ypparleg om ein skrur ned ei innstilling her og der. Me må opp på RTX 3070 før prosessoren blir flaskehalsen i 1080p, men RTX 3060 Ti er ikkje langt unna.

Dette vil difor vere eit solid val for dei som speler mykje konkurransespel og treng høg biletefrekvens i 1080p. RTX 3060 Ti tar oss òg langt over den magiske 60-grensa i 1440p, som vil vere meir enn nok for dei fleste. Det er først i 4K at skjermkortet verkeleg byrjar å slite. Skjermminnet blir heilt brukt opp i Control i 4K, men no er heller ikkje 3060 Ti mynta på 4K-speling. Då må ein bla opp nokre lappar til.

YTER GODT: RTX 3060 Ti sparkar kraftig frå seg i både 1080p og 1440p.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sit du med eit Turing-skjermkort ville eg ikkje oppgradert heilt enno, med mindre du har råd til RTX 3080 eller RTX 3090. RTX 3060 Ti plasserer seg omtrent på linje med ytinga til GTX 1080 Ti og RTX 2080, og prisen er litt lågare enn det RTX 2080 lanserte til.

Det som er trist er at dette no kostar meir enn GTX 1080 Ti lanserte for i 2017. Sjølv om du får med DLSS og strålesporing denne gongen, er dette elendig valuta for pengane. Det finst tredjepartskort som kostar mindre enn Gaming X Trio, men det er ikkje MSI som er problemet her.

Eg trur dette kan bli eit glimrande tilbod dersom skjermkortprisane går ned igjen, når enn det skjer. Skal du absolutt handle noko no, så ville eg heller kjøpe dette enn RTX 3060. Dette kjem til å leve lenger. Elles må eg få understreke at eg anbefaler alle å vente med kjøp så lenge ein ikkje føler ein må ha noko nytt. RTX 3060 Ti vil gi veldig mykje meir for pengane når prisen (håpar me) blir justert ned.

Som med RTX 3060 og RTX 3070 er ytinga i strålesporing ganske slapp, og ein må nesten opp på RTX 3090 for at strålesporing skal vere verd å bruke enno. Her har Nvidia ein jobb å gjere. No byrjar heldigvis DLSS å bli så effektivt at ein kan bruke strålesporing i nokre av dei nyare spela på skjermkort som RTX 3060 Ti. I spel som Cyberpunk 2077 får ein eit monaleg dytt av DLSS, men me kjem ikkje til å ta det inn i testoversikta vår før spelet blir meir stabilt.

Testane er gjort på ein PC med ein i7-8700k-prosessor klokka til 4.9 GHz, ein kjapp nVME-SSD og 16 GB med 4.4 GHz DDR4-minne. Resultata ser du på neste side.

Straumforbruk, temperatur og støynivå

MSI anbefaler ei straumforsyning på 650 watt for 3060 Ti-varianten sin. Med eit maksimalt straumforbruk på 240 watt er dette noko dyrare i drift enn det veslebror RTX 3060 er, men så lenge ein har stor nok straumforsyning, er det nok få det betyr spesielt mykje for.

DOBBEL KONTAKT: Alle Gaming X-skjermkorta til MSI kjem med to åtte-pin-straumkontaktar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me har gong på gong kome med skryt til MSI for å levere på kjøleløysinga, og dette er ikkje noko unntak. Alle Gaming X Trio-korta står heilt stille så lenge dei ikkje er under last. Då lagar dei ingen lyd. Sjølv under tung stresstesting fekk eg aldri vifta over 1268 omdreiingar, og då produserte skjermkortet 33 desibel. Dei aller færraste har prosessorkjølarar som lagar meir støy enn dette, så kjølaren er i praksis støyfri.

Temperaturen på MSI RTX 3060 TI Gaming X Trio er ein del høgare enn på RTX 3060-versjonen, men det er framleis langt unna grensa der kortet byrjar å skru ned klokkehastigheita. Både med og utan overklokking var det aldri over 70 grader.

MSI imponerer nok ein gong, altså.

Overklokking

Ampere-skjermkorta har ikkje mykje rom for overklokking, og du kan vente deg mellom éin og fem prosent auke i yting med manuell overklokking. Allereie ut av eska booster skjermkortet opp til 1980 MHz, som er veldig høgt.

STRÅLANDE KJØLEYTING: MSI veit kva dei gjer når det kjem til kjølardesign, men prisen er altfor høg slik det er no.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg fekk skrudd klokkehastigheita heilt opp til 2055 MHz før kortet byrja å krasje, medan eg auka minnehastigheita med rundt 300 MHz. Med 2055 på «speedometeret» fekk eg fire prosent høgare yting i 4K i Middle-earth: Shadow of War (3 FPS), fem prosent i Far Cry 5 (3 FPS), fem prosent i The Witcher 3: Wild Hunt (3 FPS) og omtrent ingenting i Horizon Zero Dawn og Control. Med RTX 3060 fekk me heile åtte prosent høgare yting i Horizon Zero Dawn, så det varierer veldig frå spel til spel kor mykje ein kan hente.

Løftet i biletefrekvens er omtrent det same i 1440p, men i 1080p var det i praksis null hjelp i å overklokke. Tala var identiske som med utan overklokking.

Konklusjon

RTX 3060 Ti er eit godt alternativ for dei som er ute etter å spele i høg biletefrekvens i 1080p eller 1440p. Det held nok koken i nye spel i 1080p i mange år framover, og vil vere kraftig nok til å spele i 1440p i nokre år til òg. Etter kvart som fleire spel implementerer støtte for DLSS, vil levetida berre bli forlenga.

Dessverre har det blitt veldig vanskeleg å vurdere skjermkort med dagens berg-og-dalbane-prisar. Nvidia hadde nok sett for seg betydeleg lågare prisar på alle korta enn det dei er prisa til i dag, og sjølv veslebror RTX 3060 passar ikkje inn i mellomklassen lenger. Me kjem difor sannsynlegvis til å endre karakterane på alle skjermkorta me har testa i ein komande samletest når prisane blir meir normale.

Det er i praksis umogleg å få tak i RTX 3060 Ti i dag, og med prisar som er 30 prosent høgare enn i desember, set me ikkje nokon karakter denne gongen. Prisane er så mykje høgare no at produktet er blitt noko heilt anna enn kva det var tenkt som.

Eg vil ikkje anbefale nokon å kjøpe eit RTX 3060 Ti i dag, men det har ingenting med sjølve produktet å gjere. MSI leverer nok ein gong ein strålande kjølar som held temperaturane låge og produserer forsvinnande lite støy. Problemet gjeld alt av skjermkort no, både frå Nvidia og AMD.

Sidan eg byrja å teste dette skjermkortet for to veker sidan har prisen gått opp to gongar. Prissituasjonen har tatt heilt av. Oppgrader til RTX 3060 Ti viss du absolutt må, men smør deg med tolmod om du har moglegheit til å vente seks månadar til. Det trur eg vil lønne seg.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Fin RGB
Særs støysvakt
Heilt stille på tomgang
Respektable temperaturar
Fint design med rikeleg RGB
Støtte for DLSS
Kraftig yting
Ikkje kraftig nok for strålesporing
Umogleg å få tak i
Dyrt, og har berre blitt endå dyrare
Tar mykje plass
1: Konklusjon
2: Benchmarking

Siste fra forsiden