Feature

Dette er Starfield-modifikasjonane du treng

Me har samla dei kjekkaste moddane til storspelet.

kboykboy

Modifikasjonsverktøya til Starfield kjem ikkje før til neste år, men det er allereie hundrevis av modifikasjonar å velje mellom.

Me har tatt ein kikk gjennom den veksande jungelen av ulike endringar du kan gjere, og plukka ut dei du treng for å løfte opplevinga i Starfield nokre hakk.

NexusMods sitt offisielle modifikasjonsprogram, Vortex, er den enklaste måten å laste ned modifikasjonane på.

Det, og gjerne å ha ein ekstra tryggleikskopi av spelet, er det einaste du treng for å kome i gang med «modding» i Starfield.

Desse må du ha

Først ut er det nokre få, enkle modifikasjonar du treng som hjelper med alt det andre.

Starfield Script Extender er obligatorisk for ei rekkje andre modifikasjonar, og opnar for ein del ny funksjonalitet i spelet. Denne må du nesten ha.

Modifikasjonar slår av «achievements» på Steam, og då er det greitt å laste ned modifikasjonen Baka Achievement Enabler for å sleppe dette.

Vidare kan det vere greitt å spare tid med å laste ned ein modifikasjon for å fjerne oppstartsvideoen til Starfield. Og me ville sjølvsagt skrudd opp synsvinkelen frå første stund. Det kan ein enkelt gjere i spelets. ini-filer, men til dømes Starfield FOV gjer jobben for deg.

Elles har me plukka ut nokre få modifikasjonar som hjelper til med ulike aspekt av spelet.

Til angrep på irritasjonsmomenta

Menysystemet og grensesnittet i Starfield har fått mykje kritikk sidan lansering. Dette kan ein gjere mykje med gjennom modifikasjonar, og dei klart mest populære så langt, kjem frå utviklar m8r98a4f2.

StarUI HUD lar deg endre det aller meste av grensesnittet slik du vil. Du kan flytte på element i grensesnittet, fjerne dei, gjere dei større eller mindre og gi dei nye fargar.

RYDDIG: Slik kan StarUI HUD gjere spelet litt meir ryddig.
m8r98a4f2 – Nexusmods

Modden gjer òg at du får utvida og meir oversiktleg informasjon om gjenstandane i spelet. Svært nyttig, med andre ord.

StarUI Inventory gir lagersystemet den same behandlinga. Menyane blir meir kompakte og ryddige, og lar deg blant anna mellombels lage eigne kategoriar i lagersystemet.

OVERHALING: StarUI Inventory gjer menykaoset noko meir overkomeleg.
m8r98a4f2 – Nexusmods

Me anbefaler òg å laste ned den enkle modifikasjonen 120FPS Smooth UI, som gjer nettopp det han lovar – nemleg å auke oppdateringsfrekvensen i menyane (og siktet på skipet ditt) til 120 FPS.

Det kjem garantert ein drøss med fleire modifikasjonar retta mot grensesnittet og lager- og menysystema etter kvart, men desse er i alle fall ei klar forbetring frå korleis Bethesda har laga menyane.

Løft ytinga

Starfield er førebels eit salig rot når det kjem til ytinga på PC. Bethesda har alltid stolt på spelarane sine til å rydde opp i dette, og deira siste storspel er ikkje noko unntak.

Det er fleire modifikasjonar som innfører støtte for AI-oppskalering, som kan auke ytinga kraftig.

Streamline Native er den mest populære denne veka. Modifikasjonen er oppdatert for siste versjon av spelet, og opnar for både DLSS, Nvidia Reflex og Frame Generation.

Modifikasjonen vil krasje om du har andre oppskaleringsmods installert, så pass på å fjerne dei først. Det er naturleg nok nokre barnesjukdomar her, men det er ei grei løysing fram til Bethesda får på plass DLSS sjølv.

Upscaling Fix 2 hjelper med nokre av barnesjukdomane, og er greitt å laste ned etter Streamline Native. Modifikasjonen fjernar nokre småfeil med oppskalering i spelet.

Pimp My Starfield

Visuelle modifikasjonar er nok det me kjem til å sjå mest av fram til moddeverktøya blir lansert.

Det er allereie rundt 500 på NexusMods, og talet stig kjapt. Dei fleste er nok ganske ubetydelege teksturendringar (nei, du treng ikkje dei sju ulike moddane med 8K-teksturar for planetar), men nokre er verd å laste ned.

Starfield HD Reworked Project er ein openberr kandidat. HalkHogan er eit kjend namn frå mange ulike moddesamfunn, og har blant anna fått sin tilsvarande mod frå The Witcher 3: Wild Hunt inn i nyversjonen av spelet som kom i vår.

ELENDIG: Starfield, som alle andre Bethesda-spel, er proppa av elendige teksturar. HalkHogan tar kampen med HD Reworked Project.
HalkHogan

Modifikasjonen blir jamleg utvida med nye teksturar, og me kan forvente at den polske modutviklaren jobbar med dette i lang tid framover.

EXE – Effect textures enhanced er ein annan kjenning for dei som driv med mods i Bethesda-spel. Denne gjengen har pussa opp absolutt alle dei visuelle effektane i spelet.

NYE EFFEKTAR: Alt av visuelle effektar får nytt liv med EXE.
Weijiesen – Team EVE

Eksplosjonar, munningseld, kulehol og blodeffektar er noko av det som blir langt meir detaljert med EXE. Her er det litt overlapping med HD Reworked Project, så sørg for at du lastar ned denne etterpå og lar Vortex skrive over filene det gjeld.

Det er ei lang liste av andre visuelle modifikasjonar me kunne tatt med her, men me nemner elles kort The Eyes of Beauty og Realistic Water. Namna seier seg vel sjølv.

Gjer spelet kjekkare

Less Spongy Enemies gjer at fiendane får mindre helsepoeng og døyr kjappare. Det ligg i korta at det kjem større overhalingar av kampsystemet gjennom modifikasjonar i framtida, der både din eigen og fiendane sin skade og helse blir justert, men her er i alle fall ein liten start viss du kjenner deg frustrert av «bullet sponges», som det heiter på godt norsk.

Stealth Overhaul er litt i same gate. Modifikasjonen endrar kor mykje figurane i spelet får med seg, og gjer snikefunksjonane litt meir tilgivande.

Undelayed Menus gjer at menyane i spelet forsvinn og opnar kjappare. Forskjellen er ikkje veldig stor, men du merkar det godt viss du slår av modifikasjonen.

STAR WARS: Galactic Civil War Conversion-modden introduserer Stormtroopers til spelet. Etter kvart skal modifikasjonen ta for seg andre delar av spelet og starwarsifisere vidare.
kboykboy

Immersive Lightsabers erstattar nokre av nærkampvåpena i spelet med lyssablar. Alt blir jo betre med ein lyssabel eller to, så kvifor ikkje.

Det er berre eit spørsmål om tid før det er så mange Star Wars-modifikasjonar at ein kan legge Jedi: Survivor på hylla.

Til dømes kan du få ein modifikasjon som gir deg rustninga til Boba eller Jango Fett, eller du kan laste ned Galactic Conversion som erstattar politiet med Stormtroopers.

Små, men nyttige

Mangelen på modifikasjonsverktøy gjer det noko avgrensa kor mykje moddarane får til med spelet enno. Difor er det ikkje all verda med modifikasjonar som ikkje handlar om grensesnitt, menyar, enkle. ini-endringar eller grafikk.

Me kjem til å oppdatere denne artikkelen etter kvart som det kjem fleire nyttige modifikasjonar til spelet.

Elles har me funne nokre mindre viktige modifikasjonar, som kan hjelpe deg litt på vegen:

Siste fra forsiden