Early Access-inntrykk

Prehistoric Kingdom

Ei gåvepakke til kreative dinosaurfans

Det er framleis mykje som skal på plass, men den kreative fridomen i Prehistoric Kingdom imponerer stort.

Eg var ikkje nemneverdig imponert over kva Frontier Developments fekk til med Jurassic World Evolution 2. Det var eigentleg berre det same spelet som dei allereie hadde laga, berre med fleire nye lag med irritasjon mellom deg og dinosaurane du var der for å sjå på. Om dei ikkje knekk beina på kvarandre ved å slåss, så blir dei sjuke, og blir dei ikkje sjuke så blir dei ulukkelege over eitt eller anna minimalt idiotproblem som får dinosaurane avla fram moderne tid til å framstå som tidenes drama-queens.

Men no sit vi då her omsider og endeleg (for dette er det nokre av oss som har venta lenge på) med Early Access-lanseringa av Prehistoric Kingdom. Dette spelet skor seg på same lest som Jurassic World. Vi finn gamle fortidsdyr dytta inn i ei moderne dyrepark. Den store forskjellen er at dinosaurane her er designa for å sjå mest mogleg autentiske ut i fordhold til kva vi veit om dei.

Fantastisk dinosaurdesign

Stor kylling? Var det det du sa?
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er ganske slåande kor stor forskjellen er når ein først byrjar å leike seg med dei ulike dyra. Prehistoric Kingdom kjem i skrivande stund med 23 dyr, med fleire på veg. Jurassic World Evolution 2 hadde ved lansering 75, over tre gongar så mange, men likevel ei kjensle av mindre.

Dinosaurane i Jurassic World er først og fremst filmmonster. Alle brølar med nesten det same brølet, som om dei prøvar å skremme nokon. Dei er pakka inn i konservativt design som kjempar med nebb og klør mot moderne kunnskap, og samtlege av dei er fantasilaust designa med ein filosofi om å først og fremst ikkje skilje seg ut frå det vi finn i filmane.

Berre ta ein kikk sjølv, når du har avla fram din tiande dinosaur som òg kjem med ein minimal variant av den same kjipe, brungrå fargedrakta er det litt vanskeleg å finne motivasjonen til å utvikle fleire.

Prehistoric Kingdom er den rake motsetning. Her får vi 23 nydelege dyr som alle kjem med fleire ulike fargedrakter du lett kan studere før du slepp dei laus i parken. Desse dyra er designa med nettopp den respekt for både dinosaurar og natur som skal til for å gjere eit slikt spel verdt å bruke tida si på. Å sjå utover parken din der desse nydelege dyra vandrar fritt om kvarandre er det næraste vi har kome å faktisk få oppleve noko sånt.

Enormt kreativt spelerom

Først lagar vi Stonehenge, så plasserer vi litt eføy.
Øystein Furevik/Gamer.no

Prehistoric Kingdom handlar sjølvsagt om meir enn berre dinosaurane. Det handlar òg om korleis du skal vise dei fram, og på dette punktet får det igjen Jurassic World Evolution 2 til å framstå nesten som ein vits. Her kan du gjere så og seie nøyaktig det du vil. Du kan terraforme landskapet med mykje meir nøyaktige og effektive verkty som gjer det moro å forme landskapet, legge inn vatn, og setje ut eit vidt spekter av planter og tre for å puste liv inn i landskapet.

Vidare byr spelet på ein diger fargepalett med ulike teksturar du kan blande som du vil for å måle terrenget. Litt stein her, litt sand der, og om du er nær vatn, lat det kanskje vere ein gjørmepytt der borte. Under den digre klynga med tre målar vi litt skogbotn, men i nær termittua lar vi det vere tørt sandlandskap.

Du kan gjere det du vil, og sjølv om nokre av verktya er litt keitete i bruk akkurat no og spelet ikkje gjer ein veldig god jobb i å forklare alt, tek det ikkje lang tid å meistre dei.

Om du vil sjå noko i den alt for møkre natta, må du setje ut litt lys.
Øystein Furevik/Gamer.no

Litt lengre tid vil du trenge på det modulære byggesystemet, men moglegheitene er nesten endelause. Om du vil byrje i det små kan du plassere ut steinar i innhegningane. Desse kan du plassere oppå og inni kvarandre for å ta mange mindre steinar og lage eit fjell av dei, i stor kontrast til Jurassic World Evolution-spela der object må ha minimumsavstand til kvarandre. Storleik og farge kan endrast for å gjere det til ditt eige. Når du er ferdig kan du kle det heile med klatreplanter og anna krims krams.

For den som verkeleg vil la sin indre arkitekt leike seg litt kan du bruke dette systemet til å lage alt frå utstillingar til bygningar. Om du vil ha ei plattform gjestane kan observere dinosaurane frå, men ikkje finn noko du likar, kan du bygge den sjølv. Det du bygger kan i tillegg lagrast som ein modul du kan hente fram igjen seinare, samt etter kvart dele med andre.

Spelet er av og til skikkeleg vakkert.
Øystein Furevik/Gamer.no

Langt frå ferdig

Å plassere dinosaurar i område du har laga sjølv er eigentleg det einaste spelet byr på akkurat no, men det er så gjevande og moro at eg allereie har brukt fleire timar, og hatt meir moro med dette spelet enn med fjorårets Jurassic World-spel. Her får du fri leik utan alle distraksjonane som det å drifte ein park elles kjem med. Og veit du kva? Det er faktisk nok for meg til å ha det skikkeleg moro. Spesielt når dei verktya er så gode som dei er, og dinosaurane er så flotte.

Det som gjenstår er noko så enkelt som å ta ei sandkasse, og lage eit spel av den. Akkurat no har du lite å gjere bortsett frå å grave fram fossil, avle fram dinosaurar, bygge ein park, og sørge for at dei få tinga som treng strøm har det. Det er ingen utfordringar, ingen stormar, ulykker, sjukdommar eller andre problem ein park kan møte på. Pengane rullar inn av seg sjølv, og du treng ikkje bry deg med denne biten på nokon måte.

Gjestane er berre statistar i sitt eige spel akkurat no, og dinosaurane gjer ingenting meir enn å vandre rundt, ete og drite. Dei verken slåst eller et kvarandre, og det er difor heilt umogleg å seie noko akkurat no om korleis spelet vil bli når slike element kjem på plass.

Management-delen er altså fråværande, og du har ingenting anna enn den krative biten å tenkje på. I månadane som kjem skal både nye dinosaurar, åtferd, og nye gameplay-element leggjast til. Det er mange bugs i spelet akkurat no, og ytinga kan vere dårleg, men eg har heldigvis sluppe unna det meste av dette.

Konklusjon

I inkubatoren for du studere dinosaurane før du avlar dei fram, inkludert fargeval.
Øystein Furevik/Gamer.no

Som ein sandkasse med dinosaurar er Prehistoric Kingdom ei heilt fantastisk oppleving. Det tok meg derimot nokre timar å kome i siget, det skal eg innrømme. Det er litt tregt i starten, alt fungerer ikkje som det skal, og du må litt på eiga hand finne ut korleis mykje fungerer.

Når det var gjort auka engasjementet stort. Gleda over å byggje unike og spesielle områda før du slepp dinosaurar laus i dei er stor, og det ei fryd å berre studere desse vakre dyra i deira (u)naturlege landskap. Likar du kreative sandkasser der du kan leike deg med landskap og byggeklossar er det mykje å more seg med her.

Det sagt, noko skikkeleg spel er det ikkje enno. Utover byggeverkty og nokre lekre dinosaurar byr spelet på svært lite. Verken dyr eller gjestar gjer mykje meir ut av seg enn å vandre rundt, og det store spørsmålet no er korleis spelet utviklar seg etter kvart som gameplay-brikkene fell på plass.

Prehistoric Kingdom er tilgjengeleg på Steam i Early Access.

Siste fra forsiden