Anmeldelse

Super Mario RPG

Eit lite stykke magi

Super Mario RPG viser seg frå si beste side i denne nyversjonen.

Nintendo

Min første reaksjon på årets nye utgåve av Super Mario RPG var «Jøss, det ser akkurat ut slik eg hugsar det». Heilt feil sjølvsagt, Super Nintendo-originalen var visuelt sett langt, langt frå det vi får severt i denne nyversjonen, men hjelpe meg så utviklarane har nagla stilen her.

Dette ser ut som nøyaktig det spelet utviklarane på 90-talet mest sannsynleg ville ha laga om dei hadde hatt sjansen. Super Mario RPG på Super Nintendo var eit spel som ville så mykje meir. Det ville så gjerne, men fekk det ikkje til. Alt var modellert i 3D, men ikkje sjangs i havet for at pikselbeistet Super Nintendo kunne handtere noko slikt i sanntid. Difor blei det i staden heftig piksellerte versjonar av 3D-modellar, i same gate som Donkey Kong Country-spela.

Men Super Mario RPG 2023 ser likevel nøyaktig ut som akkurat det spelet eg hugsar, berre skrudd opp mange hakk. Det er eit nydeleg spel med eit så finslipt auge for detaljar at eg tidvis lett kunne bli lurt til å tru dette var scener frå Super Mario-filmen. Eg blir kontinuerleg imponert over kva dyktige utviklarar klarar å få til på Switch.

Turbaserte kampar i eit høgt tempo.
Nintendo

Eit lettbeint rollespel

Noko har skjedd med spelverda sidan 1996, og det meiner eg ikkje positivt. No for tida er det nesten standard at det tek litt tid å kome i gong med eit spel. Du skal lære ting, forstå ting, nesten som om du må kursast før du kan ha det moro.

Super Mario RPG? Umiddelbart! Det er ukomplisert moro som sender deg av garde så fort du har fått Mario ut av senga si, og etter knapt ein halvtime er du lengre på veg enn mange andre spel er etter ein heil kveld.

Super Mario RPG var eit temmeleg grensesprengande spel då det kom. Eg hugsar godt å lese i spelmagasin om det bisarre nye prosjektet frå Nintendo og Squaresoft. Var det mogleg, liksom? Plattformhelten Super Mario i hendene til Final Fantasy- og Secret of Mana-utviklarane hos Squaresoft?

Resultatet var likevel eit svært godt motteke rollespel som ikkje var like djupt og dramatisk som Squarsoft pleidde lage. Det var eit humoristisk, lettvindt rollespel i eit høgt tempo. Alle dei klassiske elementa som hadde etablert seg i 90-talets rollespel var på plass. Vi hadde turbaserte kampar, minispel, små landsbyar med butikkar og vertshus, og eit verdskart der ein kunne flytte seg frå stad til stad.

Alt dette er med, akkurat slik ein hugsar det, men kanskje med ei og anna nærast usynleg justering her og der for å gjere spelet enda meir tilgjengeleg. I rolla som Mario spring vi rundt i fargerike og lekre miljø som osar av liv og røre. Det er kraftige fargar, tydelege former, og alt til herleg musikk frå ein komponist som i seinare år er best kjend for sitt arbeid på Kingdom Hearts-serien.

Historia er enkel, lett å følgje med på, og full av humor. Det er tull og tøys i ei tøysete verd som frir ikkje berre til nostalgien hos vaksne, men og til den yngre garde som lett forelskar seg i dei mange snodige figurane. Å spele Super Mario RPG saman med ein fireåring kan med unntak av 60 «Kva sa han, kva er ho, kvar er dei?» i minuttet absolutt anbefalast.

Historia blir fortalt gjennom lekre filmsekvensar.
Nintendo

Nok å ta tak i

Som både eit Mario-spel og eit rollespel er det ikkje overraskande ei solid mengde med fiendar på plass her. Alle dei kjende som gomba, koopa, bomber og meir er med, men òg mykje eigenkomponert for akkurat dette spelet.

Kampane er turbaserte, men svært kjappe og enkle å ha med å gjere. Eit lettvindt menystystem gjer det kjapt å velje kva du vil gjere, og eit ekstra knappetrykk i det angrepet blir utført kan gi deg litt ekstra utteljing. Det er eit artig kampsystem, og etter kvart som Mario møter fleire eventyrlystne skapningar blir det større rom for å tenkje litt taktisk for korleis ein vil gå fram. Dei får alle nye eigenskapar og triks å leike seg med, og det er mykje moro å ha med kampane.

Likevel merkast det at det blir kanskje litt vel mykje av det gode. Områda Mario og kompani kavar seg gjennom er sjeldan store, men dei er fulle av fiendar. Nesten litt vel fulle av fiendar, og det er lett å sitje igjen med ei kjensle av at alt du gjer er å hamre laus på fiendar. Det hadde ikkje gjort noko om utviklarane bak denne nyversjonen hadde tona ned mengda med fiendar, og kanskje skrudd opp mengda med erfaringspoeng for å kompensere.

Sjefsfiendane er likevel eit høgepunkt. Med fengjande musikk og spenstige utfordringar byr dei alltid på noko ekstra utover dei til samanlikning triville kampane mot vanlege fiendar.

Med jamne mellomrom dukkar det òg opp ei rekke ulike minispel. Her får vi alt frå kappløp frå ryggen til Yoshi, til klatring og tønnespringing. Det er ei uhorveleg mengde med minispel du må bryne deg på, og ikkje alle er like gode, men nokre av dei byr på så god underhaldning at dei er vel verdt å bruke litt ekstra tid på.

Spelet byr på stor variasjon i områda du reiser til.
Nintendo

Konklusjon

Super Mario RPG er eit spel som for mange gjekk i gløymeboka, medan det for andre igjen har vore ein klassikar frå ei svunnen tid. Spelet har tidlegare berre vore offisielt tilgjengeleg i Europa på Nintendo Wii Virtual Console for mange år sidan, og i nyare tid på Super Nintendo Mini, og dette er såleis første gong spelet får ei skikkeleg lansering her til lands.

Det er jammen på tide, og det har vore vel verdt å vente på. Dette er ein versjon av spelet som gjer det bortimot meiningslaust å spele originalen for andre grunnar enn å sjå korleis ting var før. Super Mario RPG anno 2023 er smidigare, meir brukarvenleg og eit skikkeleg lekkert spel.

Mest av alt er det veldig moro, går fort unna og byr på ein type koseleg og jovial underhaldning som strengt tatt er ganske sjeldan. Super Mario RPG er eit lite stykke spelhistorie som byr på mange timar med herleg underhaldning.

Super Mario RPG er ute til Nintendo Switch.

8
/10
Super Mario RPG
Eit herleg tilbakeblikk på ein gammal klassikar.

Siste fra forsiden