Anmeldelse

Conan Chop Chop

Eit Conan-spel utan blod? Er det lov?

Conan Chop Chop byr på lettbeint underhaldning, men er det nok i lengda?

Funcom

Når du annonserer spelet ditt med ein video som blir sendt ut 1. april er det ikkje rart folk trur du berre tullar. Tull var det derimot ikkje, og her, tre å seinare sit vi med eit fargerikt og ganske så tøysete Conan-spel.

Litt moro må det vere lov å ha, tenkte kanskje utviklarane bak Conan Chop Chop. Riktignok har dei droppa det meste som gjer Conan til Conan. Her er det verken store blodpølar eller lettkledde damer, men i staden eit roguelike som kanskje hadde hatt godt av å hente inspirasjon frå andre trakter.

Frå null, igjen

I startområdet kan du handle på butikkversjonane av russisk rulett.
Funcom

I Conan Chop Chop får vi endeleg lov til å spele som Conan, det alle eigentleg vil når dei skal spele eit Conan-spel, men noko Funcom ikkje heilt ser ut til å innsjå der dei pumpar ut spel der du gjer alt anna enn å spele som Conan.

Skjønt, dette er kanskje ikkje det Conan-spelet alle oss som vaks opp med teikneseriane, bøkene, og tidenes dårlegaste skodespelarprestasjon frå Arnold har venta på. Nei, her finn vi inga historie om ei bronsebrun kjempe som vandrar over lik inn i solnedgangen med eit sverd i handa, og ei villig prinsesse over skuldra. Her får vi eit fargerikt rougelike-eventyr der du legg ut på jakt etter monster og udyr i ei rekke sprudlande område. Løna er nye våpen, ikkje aktivitetar for god vaksne på næraste kro.

Konseptet er såre enkelt. Du vel blant ein av fire karakterar. Du kan naturlegvis velje å spele som Conan, men ved sidan av han finn kan du vere Pallantides, eller kjende Conan-damer som Belit og Valeria. Kven du vel har ikkje så mykje å seie reint praktisk, bortsett frå at alle har eit unikt spesialangrep du får fyre laus når du har bygd opp nok raseri.

Jamt over vil du uavhengig av karakter springe frå rom til rom, der du må nedkjempe ei rekke fiendar før utgangane opnar seg og du kan gå vidare. Romma kan vere alt frå grotter til sanddyner i ørkenen og grøne skogar. Kampsystemet i seg sjølv er svært simpelt. Omlag som ein stikkeskytar dyttar du ananlogstikka i retning av det du vil angripe, og helten din gjer resten.

Dette fungerer heilt fint så lenge ein har ein handkontroll mellom nevane, men om du skal spele på PC med mus og tastatur vil eg tilrå deg å enten kople til ein kontrollar, eller finne noko anna å bruke tida på. Der må du enten klikke for kvart angrep om du skal bruke musa, eller så må du bruke piltastane for angrep, noko som er mindre presist enn ei analogstikke.

Ein haug med dilldall

Spelet byr på både fiendar og feller.
Funcom

Det som tilfører Conan Chop Chop krydder, og ein generell grunn til å eksistere, er alt utstyret du plukkar med deg, og dei ulike oppgraderingane du kan låse opp. Du startar på bar bakke, med frykteleg lite å rutte med. Eit enkelt sverd, eit skjold, og lite anna bortsett frå ein liten slump pengar du kan bruke i den litt havarerte landsbyen du startar i.

Etter å ha kjøpt seg ei solid skinke ein kan fordøye når helsa blir låg, samt kanskje eit hakket betre våpen, ber det ut på eventyr i den første av fire moglege område. Meininga med livet er som kjent å knuse sine fiendar, sjå dei drivne framfor seg, og høyre klagesongen til damene deira, og det er storsett dette det går i. Kanskje med unntak av klagesongen.

Vi får eit knippe verkty å bruke mot fiendane. For det meste vil du fyre laus standarangrep, men det blir kjapt naudsynt å blokkere angrep, noko som kan svimeslå fiendane litt om du timar riktig. Ein kan i tillegg ta hoppangrep, skyte piler, og plassere bomber, og kløktig bruk av alle desse triksa vil bli essensielt for å overleve.

Etter kvart vil ein samle inn store summar gull, og med dette kan ein kjøpe betre våpen som ikkje berre gir meir skade, men og kjem med spesielle effektar som kjem godt med. Eit anna viktig element er lykkeamulettar som kan gje deg alt frå eit dansane sverd og til eksplosive våpen om du har full ammo.

Gjer du ein god jobb kjem du til områdets sjefmonster, som må nedkjempast før du går sigurande ut av det med nokre flunkande nye våpen, samt løyve til å utforske eit nytt område. Det minste feilsteg kan derimot bli fatalt, og døyr du mistar du så og seie alt.

Spesielt sjefskampane hadde hatt godt av nokre dråpar blod.
Funcom

Rouglike, men kvifor?

Det er ei kjend oppskrift. Du døyr, og må starte på nytt. Alt du har gjort er borte, kvart område har har pløyg gjennom må plogast gjennom på ny. Kanskje ikkje heilt frå bar bakke sidan du kan gå opp i nivå og låse opp permanente forbetringar som nye angrep, meir pengar og betre helse, men likevel, det meste er borte.

Eg skal innrømme eg ikkje er fan av korleis dette fungerer. Eg har ikkje heilt tolmod til å gjere det same om igjen for mange gongar. Ta til dømes korleis våpen fungerer. Du kan låse opp permanent tilgang på betre våpen, men dette er eit luftslott. I startområdet kan du kjøpe våpen, men kva våpen som til ei kvar tid er tilgjengeleg er tilfeldig. Du kan ha brukt mange ressursar på å låse opp tilgang på betre våpen, men for å få tak i dei må du først kjøpe søpla som ligg i butikken og håpe at det neste våpenet som dukkar opp er bra. Ein kan kaste bort mykje peng på slikt utan å sitje igjen med noko.

Like irriterande er progresjon i fleirspelarmodusen. Om du er to eller fleire spelarar som begge går opp i nivå vil ein berre få opopgraderingspoeng for ein av dei. Heilt meiningslaust, og det legg ein solid dempar på det som er spelest absolutte høgdepunkt.

Å vere fleire i dette spelet er nesten eit krav. Det blir fort sterilt og keisamt å vere aleine, men saman med andre kan det bli stor moro av det. Eg skal innrømme eg synest det visuelle blir litt for forvirrande og det er lett å miste oversikta i spesielt kaotiske situasjonar, men jamt over har eg kosa meg med fleirspelarmodusen og det totale kaos den kjapt introduserer.

Kvar er råskapen?

Den visuelle stilen er artig, men blir kjapt einsformig.
Funcom

Det er litt vanskeleg å fullt ut forstå kva som har tatt heile tre år sidan Conan Chop Chop først blei vist fram. Det er eit frykteleg simpelt spel det her. Grafikken er så minimalistisk at det kan sjå ut som den har vore snikar i hop på ein ettermiddag, og det einaste som eigentleg stikk seg ut i positiv forstand er den artige animasjonan når heltane springa framover.

Alle område er svært like, og denne mangelen på variajson er med på å gjere rougelike-repetisjonen litt hardare å svelje. Det er ingenting å sjå på her, du ser dei same tinga om att heile tida, og det gjer heile greia litt uinteressant etter ei stund. Litt blod hadde vore til stor hjelp. Dette er eit Conan-spel, og den fargerike stilen hadde strengt tatt gjort seg med nokre store klattar raud farge.

Det skjønte openbert utviklarane òg på eit tidspunkt sidan den første traileren hadde store mengder blod, men på eitt eller anna tidspunkt fekk tydelegvis nokon ideen om at eit blodfattig Conan-spel er eit betre Conan-spel. Så feil kan ein ta.

Konklusjon

Her og der finn vi skattekister med nye våpen.
Funcom

Conan Chop Chop er eit artig spel som fungerer godt i små doser. Det er den typen spel ein kan plukke opp, spele ei stund, døy eit par gongar, men så snart ein døyr etter å ha kome forbi nokre viktige punkt som å ha tatt knekken på eit sjefsmonster og får låst opp eit nytt område mistar ein all livsgneist og gidd ikkje meir på kanskje ein dag eller to.

Dette spelet hadde hatt godt av å leggje frå seg rougelike-staffasjen ei lita stund, for det er ikkje godt nok til at det er moro å spele alt om att. Ein blir lei, og eg hadde kanskje ikkje blitt lei om det fantest eit sjekkpunkt når ein låser opp nye område. Men det finnest ikkje, og då merkar eg det at den tida eg har brukt på å spele meg opp for å ta ein sjef for ørtande gong strengt tatt var bortkasta tid eg aldri får tilbake.

Det er mange artige element i Conan Chop Chop, og gameplayet i seg sjølv er moro, men når den underliggjande strukturen trekk ned fell det heile litt saman.

5
/10
Conan Chop Chop
Moro i små doser, men i det lange løp blir det uinteressant.

Siste fra forsiden