Tilbakeblikk

The Legend of Zelda: A Link to the Past

Eit spel som endra verda

A Link to the Past er eit av spelhistsorias aller viktigaste spel.

The Legend of Zelda: A Link to the Past.
Nintendo

Midt på natta vaknar ein ung gut av ei stemme som fortel han at ein mektig trollmann har tatt over, og at ho, prinsesse Zelda er fanga i slottets fangekjellar. Guten vaknar, ser rundt seg, og finn sin onkel i ferd med å gå ut, rusta med sverd og skjold.

Det er her du får ta over, går ut døra i det vesle huset, og blir møtt av piskande regn, toreskrall og ein illevarslande og til dels melankolsk musikk som gjorde det tydeleg at tida var knapp. Akkurat dette, det her, Link, aleine i regnet med denne musikken som bakteppe er eit av mine aller strekaste og første spelminne. Eg hadde lånt spelet av ein ven, kort tid etter at Super Nintendo var i hus, og det snudde opp ned på kva eg trudde eit spel kunne vere.

Der det heile starta.
Øystein Furevik/Gamer.no

The Legend of Zelda: A Link to the Past blei lansert i Japan nøyaktig eit år etter Super Famicom, 21. november 1991. Det skulle ta nesten eit heilt år før det kom til vår kant av verda, men det er ei ventetid som i alle høgste grad var verdt det.

A Link to the Past tok formelen etablert med dei første Zelda-spela på NES, og perfeksjonerte den. I alle fall med tanke på kva som var mogleg i 1991. Det ekspanderte ikkje berre på dei første spela, men òg på kva mange av oss som spelte spel trudde var mogleg. Eg lurer på kor mange det var som sat der, og fekk verda si snudd på hovudet av kva dette spelet viste var mogleg. Kor mange ungar sat framfor skjermane sine og fekk kickstarta fantasien sin eventyrlysta med alt dette spelet bydde på?

Eit unikum

Samanlikna med mykje av det som har kome sidan er The Legend of Zelda: A Link to the Past eit enkelt spel. Det byr på eit kart der du i all hovudsak reisar frå A til B medan du følgjer ei lettfatta historie fri for dei store detaljane. Ond trollmann skapar trøbbel, stopp trollmannen. Finn ut at det er større og verre enn du kunne ane litt seinare.

Men A Link to the Past er så mykje meir enn dette. Det er verdt å tenkje over at dette spelet blei lansert i Europa 1992, i ei tid då mange spel framleis brukte kodar for å la deg starte frå noko anna ein null kvar gong du fyrte opp spelet. Ei tid då verdskartet gjerne kom trykt på plakatark saman med spelet. Gode historier fantest, men dei var få, og kompleks musikk som kunne narre uerfarne øyre til å tru ein høyrde eit ekte symfoniorkester framføre den eine maskike trallen etter den andre var ikkje dagleg vare.

Den visuelle stilen var fargerik, tydeleg og skapte saman med musikken ei spel som greip tak i deg og drog deg inn i ei verd heilt unik verd. Der fekk du sjølv fylle tomromma med din eigen fantasi, og gav deg ei oppleving som for mange har skapt varige minne. Det henta inspirasjon frå legender og mytar og skapte eit eventyr for ein ny generasjon.

Det er klart nostalgifaktoren er høg her. A Link to the Past tek meg tilbake til ei tid då eg hadde få bekymringar utover å måtte gå på skulen kvar dag, eller kor mange timar eg eigentleg ville få lov til å spele før nokon sa stopp. Likevel, då eg ved innkjøp av Super Nintendo Mini for nokre år sidan spelte gjennom A Link to the Past for første gong sidan 90-talet, blei eg nesten rysta over kor solid og moro dette spelet framleis er.

Og eventyret er i gang.
Øystein Furevik/Gamer.no

Super Mario World, eit anna spel frå same tid har eg runda mang ein gong, men A Link to the Past har for det aller meste berre levd i minna mine. Minne som har svunne hen, men likevel limt seg fast. Kvart område eg var innom brakte nye minne tilbake, den eine "Aha! Dette hugsar eg"-opplevinga etter den andre. Og når eg no spelar klassikaren for andre gong på få år, får eg mykje av den same kjensla, og blir transportert inn i hovudet og kroppen til ein langt yngre og meir uerfaren versjon av meg sjølv.

Suveren speldesign

Magien bak det heile kan framstå enkel, men du verda kor gjennomtenkt det er. Sjølv om A Link to the Past blei lansert i ei tid då spel kom med tjukke manualar som fortalde deg alt du trengde å vite, er dette eit spel som lærer deg alt du treng utan å måtte seie eit ord. Frå den spede byrjinga viser spelet på subtilt vis kvar du skal gå for å kome til borga der prinsesse Zelda er fanga. Vel framme finn du ein veg som leier bak borga, og ved vegens ende ei plante med brustein rundt.

Det seier seg sjølv at noko er der, og litt trykking på knappar seinare (om du ikkje allereie har plukka opp alle planter du finn på vegen) har du funne den gøymde inngangen til slottets kjellar. Allereie her har spelet lært deg noko; at du kan finne ting under andre ting. Ein leksjon som vil bli nyttig mange gongar. Nede i kjellaren finn du din onkel, hardt såra. Du får sverdet og skjoldet, og er fri til å gå vidare. Eller du kan ta til høgre og prøve deg mot din første fiende, og her lære at ein død fiende eller ei knust potte kan by på hjarte som legar alle sår.

Det er så saumlaust at ein knapt merkar det, men på dette tidspunktet i spelet har ein lært alt ein eigentleg treng for å kome heile vegen gjennom og til slutt møte den store slemme Ganon.

Vegen dit er sjølvsagt full av utfordringar, og tek deg til stadig nye fantasifulle og farlege område, ikkje minst til den mørke verda der alt er som ein trist og øydelagd versjon av Hyrule. Spelet hadde ikkje berre ei, men to verder, og to verdskart.

Eg tippar du kan høyre melodien berre ved å sjå biletet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Verda for dine føter

Sjølv om spelet byr på ei stor verd som inviterer til utforsking er det ikkje fritt fram. Hinder var i vegen, nokre av dei utfordringar som krevde ei praktisk løysing som gjerne berre kunne løysast ved å få ta i nye gjenstandar. Du fekk kanskje eit tips om noko ein stad, snakk med ein fyr i eit fjell, eller leit i ei hule bak ein sjø.

A Link to the Past gjorde verdskartet til ein essensiell del av opplevinga. Du kunne hente det fram når du ville, og det viste deg kvar du skulle gå. Ikkje berre det, det viste deg heile verda, og pirra interessa med sine fargerike, men særprega område. Om du fekk høyre om ein stad med noko spanande var det ikkje sikkert du fann eit blinkande ikon på kartet, men kanskje du såg landskap som høyrdest kjent ut. A Link to the Past var ikkje på nokon måte det første spelet med eit kart, men få spel hadde gjort meir for å gjere kartet til ein så viktig del av spelopplevinga.

Du fekk stadig nye hint og oppdrag i den forstand at du måtte gå til ein bestemt stad for å finne noko nyttig. I mange andre spel på den tida ville dette raskt bety ei reise i blinde, men i A Link to the Past visste du alltid kvar i verda du var. Etter kvart fekk du òg ei fløyte som gjorde det lett å reise rundt på kartet.

Ein kan ikkje med rette påstå at A Link to the Past gjorde desse tinga først, men det tok ei rekke element, forbetra dei mykje, og skapte ein formel som etablerte eit fundament for korleis mange spel i åra som kom ville bli laga.

Noko nytt rundt kvar sving

Det finnest tre manga-versjjonar av A Link to the Past. Denne er den beste, og kom delvis ut på norsk i bladet Nintendo Power før det blei nedlagt.
Øystein Furevik/Gamer.no

The Legend of Zelda: A Link to the Past var laga i ei tid der få spel kasta bort tida di, og det meste gjekk i eit tempo som ut frå dagens perspektiv er nesten forbløffande. Du får kjensla av at du er i ei stor verd med mykje å sjå og mykje å gjere, men verda er eigentleg ikkje så stor. Det er ei lita, sjarmerande verd. Det tar kort tid å gå frå ein ende til ein annan, men illusjonen kjem gjennom at det er enormt mykje å gjere her.

Med dette som bakteppe er det ikke så rart at spelet heile tida gjev deg ei herleg kjensle av å oppnå noko. Det er fordi du faktisk gjer det, oppnår noko, og det kjapt. Dei mange grottene i spelet er fulle av utfordringar, enten fiendar eller praktiske hinder du må tenkje deg gjennom. Dei er ikkje endelaust lange, og om du døyr så er det berre å starte ved inngangsdøra igjen. Alt du har gjort og funne er gjort, men fiendane er tilbake.

Dette gjer at sjølv i dei områda der du ein sjeldan gong møter på ei skikkeleg utfordring blir du ikkje kasta langt tilbake i tid. Kvart steg du tek fører deg vidare. Mot eit nytt monster som må bøte med livet, mot ein ny gjenstand – slik som gripekloa som har blitt ein del av nesten kvart Zelda-spel sidan – eller til nye, spanande område.

Kvar dør du opnar, opnar ei ny, og det er vel her vi kjem til kjerna av kva som gjer The Legend of Zelda: A Link to the Past så spesielt. Det er eit spel som gir og gir, det motiverer deg til å ta eit steg vidare, for det er alltid ein ny premie i sikte, alltid noko nytt og spanande.

Sverdet i steinen

Desse tinga her altså.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kanskje øvst på lista over ting å oppnå ligg Master Sword. Sverdet i steinen. Sverdet som sender ut sjokkbølgjer mot fiendane. Det dukka først opp i A Link to the Past, og har vore med i nesten kvart Zelda-spel sidan. Jakta på dette sverdet var eit eventyr i seg sjølv, der du måtte innom fleire grotter og fiendar, og steg for steg vise deg verdig.

The Legend of Zelda: A Link to the Past er ein av dei verkeleg store bautaene i spelhistoria. Det går nesten ikkje å overdrive kor viktig dette spelet har vore. Ikkje berre då det kom, men kor mange andre spel som har henta inspirasjon frå det i ei eller anna form i åra som har gått sidan. Då det kom, var det farleg nær perfeksjon

Det er klart ein kan finne ting som kunne ha vore gjort betre, og om Nintendo får ut fingeren og gir spelet Link's Awakening-behandling tvilar eg ikkje på at vi dei fleste synlege teikn på alderdom blir luka bort.

Det er nesten uvirkeleg å tenkje på at The Legend of Zelda: A Link to the Past er over 30 år gammalt. Det er ikkje mange 30 år gamle spel som held seg like godt, og kan få ein vaksen mann til å føle seg ti år gammal igjen så lett.

The Legend of Zelda: A Link to the Past er tilgjengelig på Nintendo Switch via abonnementet Nintendo Switch Online.

Siste fra forsiden