I spel som Counter-Strike og Overwatch kan det enkelte millisekund utgjere forskjellen mellom liv og død, og skjermar med høg oppdateringsfrekvens kan gi ein klar fordel.
Det siste tiåret har slike skjermar blitt stadig vanlegare, samtidig som oppdateringsfrekvensen aukar for kvar generasjon av nye skjermpanel.
På Computex har ASUS no vist fram ein skjerm med panel på heftige 600 hertz, som kan overklokkast til 610 hertz.
ASUS ROG STRIX Ace XG248QSG har eit TN-panel i 1920x1080-oppløysing. Skjermen er 24.1 tommar stor.
Du får drastisk mindre valuta for pengane på skjermar med oppdateringsfrekvens på 240/360 hertz og høgare, men denne skjermen er altså mynta på profesjonelle e-sportutøvarar.
Dei færraste vil få merke forskjell på denne og rimelegare, litt treigare skjermar.
Skjermen skal ha responstid på 0,1 millisekund og ei forseinking på 0,8 millisekund.
Det er også vist fram fleire OLED-skjermar med 500 hertz under Computex. Sannsynlegvis gir det ei betre oppleving, men prisane er naturlegvis det som avgjer kva retning vektskåla lener her – for dette kan fort bli svindyrt.