25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer.

Elleville gamingskjermar frå Asus, HP og LG

Kan skifte mellom 480hz i 1080p og 240hz i 4K.

LG

Førre veke drog Asus, HP og LG sløret av det som kan bli marknadens mest heftige gamingskjermar.

Asus PG32UCDP, HP Omen Transcend og LG 32GS95UE byr alle tre på OLED-panel med moglegheit for å spele i 1920x1080 med ein oppdateringsfrekvens på 480 hertz, saman med støtte for 240 hertz i 4K.

Skjermane ser ut til å dele same panel, og skal få ein lysstyrke på 1000 nits. Dei er alle saman 32 tommar.

Det mest interessante, prisnivået, seier pressemeldingane ingenting om. Ny skjermteknologi pleier å dale i pris ganske kjapt, men kjem ofte til blodpris når det først gjer debut på marknaden.

Produsentane kjem sannsynlegvis med fleire detaljar på elektronikkmessa CES i januar.

Siste fra forsiden