Anmeldelse

Enchanted Arms

Gjer deg klar for å tre inn i skoa til ein ung mann som skal redde verda. Igjen.

Om ein forventar at det første japanske rollespelet til Xbox 360 skal revolusjonere verda sidan det er til ein nestegenerasjons-konsoll, er det klart ein blir skuffa. Enchanted Arms er ingenting anna enn eit veldig tradisjonelt japansk rollespel som sender deg gjennom det du har opplevd mange gongar før. Det er ingenting nytt her - men for å slå spikeren på hammaren – kor mange spel gjer eigentleg noko nytt?

Enchanted Arms blei mottatt med ganske middelmådige karakterar då det blei sluppe i USA, og eg må ærleg talt innrømme eg ikkje skjønar kvifor. Enchanted Arms er eit veldig underhaldande spel med eit av dei meir interessante kampsystema eg har vore borti. Klart, spelet inneheld nokre element som vil irritere deg grøn, men kun om slike element har irritert deg grøn i så og seie samtlege japanske rollespel fram til i dag.

Ja, eg snakkar om kampar på tilfeldige tidspunkt. Du finn dei her og, og enten elskar du dei, eller så hatar du dei. For min del er det heilt greit, det einaste problemet med dei i Enchanted Arms er at det er høgst sporadisk kor ofte dei dukkar opp. Nokre gongar kan du gå i ti til femten sekund før du hamnar i kamp, andre gongar snakkar vi om eit par fotsteg.

Atter ein ung helt

Det er to ting som er svært viktig i eit spel av denne natur. Skal du kunne bry deg med å følgje ein protagonist og hans følge gjennom førti timar, må historia gi deg noko. I tillegg treng du eit spel som er underhaldande å spele mellom historiesekvensane. Enchanted Arms oppfyller begge desse krava utan problem. Historia er ikkje original, du har ein ung mann, verda fell saman rundt han, og han må setje ting på plass igjen. Det er veldig mykje kva vi har sett før, så akkurat sjølve målet i spelet er ikkje så viktig, men som eg sikkert har sagt før; det er reisa dit som tel.

Enchanted Arms introduserar deg for eit ganske fargerikt ensemble av pussige personar. Du har den staute soldaten, den kjepphøge dama, ein transseksuell, og Atsuma, hovupersonen. Korleis du lar desse personane gjere inntrykk på deg kjem i stor grad an på kor stor aksept du har for dårleg skodespel. Prestasjonane til dei forskjellige skodespelarane i Enchanted Arms er høgst variabel, og nokre stemmer skrik nærmast i øyra. Samtidig finn du dei som gjer ein god jobb, og heldigvis er Atsuma ein av dei. Han er kanskje irriterande i starten, men du blir etter kvart kjend med han, og innser at han må være slik, for det gjenspeilar personlegheita hans på ein god måte. Skulle du ønske det, kan du også skifte til japanske stemmer, noko som er eit hyggeleg val.

Det fine med dialogen i Enchanted Arms er at den er naturleg og sjarmerande. Antalet forskjellige personar du møtar er ikkje så stort, og du får god tid til å bli kjend med dei du har. Det er rikeleg med humor i spelet – både barnsleg og kløktig – noko som får deg til å bry deg om karakterane litt meir, og får lyst til å sjå kva som hende med dei før spelet er over. Dessverre er nesten alle historiesekvensar i ei form som stammar frå tidlege 2D-dagar. Dei to personane som snakkar dukkar opp på skjermen over eit bakgrunnsbilde, og det er veldig få skikkelege filmsekvensar.

Stor verd, smal sti

Enchanted Arms lar deg følgje ei veldig lineær historie. Du har inga åpen verd du kan gjere kva du vil i, men følgjer ei bestemt forteljing frå start til slutt. Dette er fullt forståeleg i og med at det er nokon som vil fortelje deg ei historie, men måten det er gjort på er ikkje nødvendigvis den beste. Du vil til tider besøke område som ser svært store ut, men når du skal utforske dei innser du at du er låst til ein smal sti du ikkje kan flytte deg frå. Minikartet viser også kor minimal friheit du eigentleg har. Dette fungerar heilt greit når du går gjennom ein tett skog, eller eit gammalt slott, men når du spring rundt på ei enorm og åpa slette blir det ganske tåpeleg. Den tilsynelatande store verda verkar med eitt veldig lita.

Naturleg nok endar du opp i ein del kampar undervegs. Som sagt varierar det kor ofte dei dukkar opp, men heldigvis får du som regel tid til å gå eit godt stykke før noko skjer. Det kjennest ytterst sjeldan som eit hinder, og når du først hamnar i kamp gjer det ingenting sidan kampane er så underhaldande som dei er.

Kampsystemet i Enchanted Arms er turbasert, men ikkje i ordinær form. Det er ein mellomting mellom vanlege rollespel der kvart lag står på kvar si side og utfører sine ferdigheiter etter tur, og eit taktisk spel der alt skjer på eit rutenett. I Enchanted Arms har du rutenett, men kvart lag må likevel stå på si side av det, og i tillegg er det begrensa med plass, så strategisk tenking blir veldig viktig. Til dømes har du angrep som leverer skade på tre ruter som ligg horisontalt i forhold til kvarandre, men tre felt framfor karakteren som skal utføre dei. Då må du plassere karakteren i forhold til fienden slik at han får gjort mest skade. Samtidig må du sørge for at dei andre på laget ditt får gjort noko. Du må tenke på både plassering i forhold til fienden, og i forhold til laget ditt, noko som fungerar veldig bra.

Eit viktig ledd i plasseringa av karakterane er komboangrep. Etter kvart som ein person er med i kamp vil han bygge opp vennepoeng. Desse poenga aukar sjansen for å kunne utføre komboangrep. Om alle har vennepoeng, og angrip den same fienden samtidig, kan du få utført ein kombo som gir vesentleg større skade.

Magiske kampkjemper

Noko av det viktigaste i Enchanted Arms-universet er golems. Golems er magiske skapningar som kjem i alle former. Du kan oppgradere desse med ferdigheitspoeng du får undervegs, men felles for dei fleste er at du gradvis vil merke at nytteverdien på dei synk desto lengre det er sidan du fekk dei. Nye fiendar betyr nye utfordringar, og på eit eller anna punkt vil du trenge større kraft. Dette er aldri noko stort problem, for du finne nye golems med jamne mellomrom, men det kan være ganske bittert å måtte innsjå at din favorittgolem ikkje har stor nytte lengre.

Det er spesielt to ting som trekker ned kampane. Først og fremst kan det være uoversiktleg til tider. Du kan skifte synsvinkel, men likevel kan det ofte være vanskeleg å sjå nøyaktig kvar ting er plassert, i eit taktisk spel som dette er du heilt nødt til å sjå plasseringa godt. Det er ikkje eit øydeleggjande problem, men det er nok til at ein blir litt irritert av og til. Å bla gjennom vinklar berre for å ende opp igjen på utgangspunktet er ikkje stor hjelp. I tillegg hadde det vore greit om karakterar kunne bruke til dømes helbredande gjenstandar på andre enn seg sjølv. Har nokon lite helse, men er gode i kamp, kan du ikkje bruke noko til å helbrede med mindre dei har ei ferdigheit som kan helbrede andre.

Enchanted Arms er eit pent spel, men ikkje noko utover det. Det ser sjølvsagt betre ut enn det meste vi har sett før sidan Xbox 360 gir rom for betre teksturar og lengre synsvidde, men imponerande er det ikkje. Det er nokre veldig pene effekter ute og går, og designen er god. Det hende ein kjem til område som er slåande vakre, og det er som regel noko interessant å sjå uansett kvar du er. Vi finn riktignok våre kjende og ikkje fullt så kjære underjordiske gangar som fullstendig manglar interesse, men dette er heldigvis unntaket som bekrefter regelen.

Konklusjon

Med tanke på From Software si historie med middelmådige rollespell er Enchanted Arms ei gledeleg overrasking. Det er eit fornøyeleg spel som lar deg ta del i ei historie som etter kvart blir ganske engasjerande. Det som likevel skapar et spel ut av Enchanted Arms, er kampsystemet. Det er ingen som finn opp hjulet på nytt her, men det er eit gjennomført system som kontinuerleg byr på nye utfordringar. Med eit lite hav av forskjellige golems å samle, åpnar det også for veldig mange forskjellige taktikkar. Du kan enkelt uforske og finne det som passar for deg. Har du ein Xbox 360 og har lyst på eit rollespel med japansk merkelapp har du ingen andre alternativ akkurat no. Heldigvis er det eit godt alternativ.

Siste fra forsiden