MSI Claw A1M

Endå ein aktør lanserer handkonsoll

MSI Claw A1M skal ta opp kampen med Valve, Asus, Lenovo og gjengen.

MSI

Handkonsollar har blitt stadig meir populært. Produkt som Razer Edge, Asus Rog Ally, Lenovo Legion Go og Steam Deck har dukka opp i norske butikkar det siste året som alternativ til Nintendo Switch, og på CES viste MSI fram eit komande innslag i same segment.

MSI Claw er ein handkonsoll basert på Windows. Det er den første ut i rekka med ein Intel-prosessor.

Det er Intel Core Ultra 7 155H som blir hjartet i den mest kraftige utgåva av konsollen. Det betyr at det ligg ei integrert Intel Arc-skjermeining i konsollen.

MSI satsar på at Intel sin XeSS-oppskalering vil vere nok til å slå dei stadig fleire konkurrentane i marknaden.

Ally-pris

Konsollen skal ha ei batterilevetid på rundt to timar under full last, og køyrer då ein IPS-skjerm på sju tommar med 1920x1080-oppløysing. Skjermen har oppdateringsfrekvens på 120 hertz.

Heile konsollen veg 675 gram.

MSI har ikkje annonsert kva norsk pris blir, men innstegsmodellen skal koste 700 dollar i det store utland. Asus Rog Ally startar på det same.

Det er visstnok tre ulike utgåver. Den mest rimelege har ein litt svakare prosessor, men alle tre kjem med 16 GB minne.

Den nest kraftigaste, som får den nemnde Core Ultra-prosessoren, skal koste 50 dollar meir. Den aller dyraste kan skilte med ein terabyte med lagring. Dei to andre får 500 GB.

Les fleire nyheiter fra CES 2024 »

Siste fra forsiden