Kommentar

Dataspel i film og TV

Er den kvite kvalen endeleg død?

Arcane kan bli starten for ein haug av animasjonsseriar- og filmar basert på spel – og han byggjer på ein ganske genial forretningsidé.

Riot Games / Netflix

Gode adaptasjonar av dataspel har vore ein slags kvit kval for filmbransjen. Hollywood har levert den eine kalkuna etter den andre, men jakta har aldri stoppa. Tilsynelatande har det vore umogleg å lage noko som fungerer meir enn som rein, kortlevd underhaldning.

Dataspel har ikkje mangel på forteljingar av høg kvalitet, men nyansane har forsvunne i overgangen til film og tv.

Når dei beste filmane ein kan kome opp med er titlar som Pokémon: Detective Pikachu, Tomb Raider og Prince of Persia, då er det ganske gale.

Det er nesten som det har kvila ei forbanning over det heile.

Potensial for kassasuksess for dårlege filmar

Alle spelarar har vel eit slags forhold til Mario-filmen frå 1993, uansett om ein har sett den eller ikkje. Den har blitt sjølve symbolet på spelfilmen – som ein fiasko.

Slik har det vore med dei fleste. Regissørane Uwe Boll og Paul W.S. Anderson har gjort mykje for å gi speladaptasjonen det dårlege ryktet sitt med ein haug av elendige filmar, og det har heldt velrenommerte regissørar vekke frå speladaptasjonen.

Likevel kjem det fleire og fleire adaptasjonar av dataspel. Forklaringa bak er nok rett og slett pengar. Milliardar av menneske speler dataspel, og spelarane har eit tett forhold til forteljingane og figurane i dei mange speluniversa som finst. Det er lett å lokke folk til kinoen når ein skal fortelje nye historier om figurar ein elskar.

Men i løpet av dei siste åra har nokon skjønt at det finst langt enklare måtar å presentere historier frå dataspel enn i realfilm.

Og svaret? Det kom hos Netflix.

Billigare og enklare

TV og film er grunnleggjande ulike frå andre medium. Du klarar ikkje vise tankane til ein bokfigur på film. Og du kan ikkje enkelt omsetje narrative grep og verdsbygging frå spel til film – i alle fall ikkje utan enorme budsjett.

For Netflix har løysinga blitt animasjon. Det har langt fleire fellestrekk med spel enn realfilm har, og gir produsenten større fridom til å lage eit univers som liknar kjeldematerialet. Då slepp du å svelgje like mange kreative kamelar som på realfilm, samstundes som du effektivt hoppar over dei fleste vanskane med å finne dei rette skodespelarane.

Hos Netflix starta suksessen med animasjonen Castlevania i 2017. Serien blei betre og betre for kvar sesong, og viste at sjåarane var interesserte i meir innhald av denne typen. Året før hadde Skylanders Academy demonstrert det same.

Etter kvart har det kome fleire slike adaptasjonar. I 2019 fekk me Carmen Sandiego, i 2020 lanserte serien Dragon’s Dogma og i vår kom første sesong av Dota: Dragon’s Blood og Resident Evil: Infinite Darkness.

Fellestrekket for desse seriane er at dei fortel nye historier, og ikkje berre direkte gjengir noko som allereie er fortald i spela.

No i november presenterte Netflix første sesong av Arcane, ein adaptasjon av League of Legends-universet frå Riot Games.

Serien er sjølve kronjuvelen i Netflix si rekkje av dataspeladaptasjonar. Han er rett og slett glimrande.

Suksessfaktoren

Arcane er ført i pennen av Riot Games-veteranane Christian Linke og Alex Yee. Det er sannsynlegvis ein sentral faktor i seriens suksess at utviklaren sjølv står bak produksjonen. Serien hadde neppe fungert på same vis med nokon andre bak roret.

Riot Games har gong på gong vist at dei taklar ulike medium med gode kortfilmar og teikneseriar, der spesielt den nydelege kortfilmen om helten Annie frå 2018 peikar seg ut som eit verk av svært høg kvalitet.

Eg blir overraska om ikkje dette fører til at fleire spelselskap prøver seg på noko liknande. Kanskje me ser Ubisoft og Blizzard lære av feila med Warcraft- og Assassin's Creed-filmane, og at dei kjem med nokre animerte eventyr?

Arcane er i alle fall det første spelverket i eit anna medium der eg verkeleg tørstar etter meir. Dota- og Castlevania-seriane er veldig god underhaldning, men dette er på eit heilt anna nivå.

Eit anna viktig punkt i forklare kvifor serien fungerer, er kor lause rammene frå League of Legends eigentleg er. Bakhistoria er omfattande, men det er rom for veldig, veldig mykje meir. Slik sett får serien plass til å gjere si heilt eiga greie, utan at han må adaptere noko særleg direkte – nett slik som er tilfelle med seriar som Castlevania og Dota: Dragon's Blood.

Genistrek

Animatørane i franske Fortiche Productions har skapt eit vakkert univers som tidvis tar pusten frå meg. Plottet er engasjerande. Figurane er truverdige og dialogane sit som støypt. Men uavhengig av kvalitetane i serien, byggjer Arcane opp om potensialet for denne typen adaptasjonar.

League of Legends har sidan 2009 kome med 157 ulike heltar, alle saman figurar som spelarane har etablert eit forhold til. Etter kvart som ein dukkar ned i bakhistoria til dei ulike figurane blir det bandet endå djupare.

Slik sett er det genialt at det er spelutviklaren sjølv som står bak dette. Den kreative suksessen vil bidra til å auke engasjementet til dei aktive spelarane, og det vil føre til at endå fleire flokkar til League of Legends-universet.

Arcane står fint på eigne føter, og eg mistenker at League of Legends kjem til å få haugevis med nye spelarar i løpet av dei neste vekene. Eg føler meg i alle fall freista til å laste ned spelet igjen og hive meg ut i jungelen med ein av mine personlege favorittar, Vi.

Det gjeld kanskje deg òg?

Siste fra forsiden